fredag 11. oktober 2019

Hytteblogg 1

I over tretti  år hadde me hytte i Indre Agder, nær Tveit. Den høgaste toppen i området er Abusdalsknuten. Stangeråsen kjem som ein god nummer to. Sjølve hytta ligg på om lag fem hundre meter over havet. Sjølv om det ikkje er så høgt, har det stort sett vore mykje snø kvar vinter frå januar eller inn i februar. Berre unntaksvis legg snøen seg før jul. Eg har så mange minne og bilete frå desse åra. Derfor kallar eg bloggen Hytteblogg 1. Kanskje det kjem fleire.
Kvar langfredag sidan 1984 og fram til dei siste åra, kokte me påskeegg i denne kaffikjelen. I sekken låg løkskal for å få fin gulfarge på egga. Ved måtte me ha med. Litt opptenningsved var og med for å vera sikre på at me fekk til bål. Elles var det ein del av kosen å finna tørre smågreiner til å nøra opp under flammane.
Det er lett å sjå når reven har vore på ferde. Reven går så beint, så beint. Spora er mykje reinare enn dei ein hund vil laga. Eg ser for meg at ingen krefter går til spille ved å vera rotete.
Biletet er tatt i februar 2010. På 1980-talet var denne uteløa såpass god at han kunne brukast til høy eller å lagra andre ting i. Torfinn og eg søkte ly her ein gong me vart overraska av regn. Løa låg i løypa inn til Stålevann. Ja, eg skriv låg, for ingen såg syn på å redda løa.
I februar 2013 såg me at det ikkje var meir håp om redning. Hytteeigarane i feltet som kallast Svimeli, reiv siste restar og bygde gapahuk. Nå er gapahuken til stor glede for oss både vinter og vår.


Lauvåsknuten er eit fjell på heia nord-vest av garden Tveit i Hornnes og Evje. Han er 617 moh og høgare enn Abusdalsknuten som er 596 moh. Deler av stien er ganske bratt. Torfinn og eg kom opp på toppen i 2008. Frå toppen av Lauvåsheia kan ein sjå heilt til garden Flystveit i Åseral.

Torfinn og Torfinn tar ein velfortjent kvil på Abusdalsknuten i oktober 2013. Nuten, som me seier, er den  høgaste toppen i området mellom RV 9 (Setesdalsvegen) og FV 42 (Tonstadvegen).

Rypebæra er vakre når det vert oktober.


Lieløa var berre eit skur då me var nye i området. Hyttefolk i Fjellestad hyttegrend har brukt mange dugnadstimar på å gjera Lieløa til ein god stad å gå tur til. Inne i hytta er det omn og ved og eit bord. I hytteboka finn ein mange namn. Det er eit lett og lurt turmål for både ungar og vaksne å ta ein runde til Lieløa. Herifrå kan ein velja svart, gul eller rød løype. Den røde er lengst.

Det hender me tar ein tur til Hornnes kyrkje når me har nokre hyttedagar. I 2015 kom me oppi eit dåpsfølgje. Bilete fekk me ta. Setesdalsbunaden er eit syn.
Eit lite tjern ikkje langt frå hytta. Eg synest biletet er med å formidla noko av roen me kjenner på når me går tur i hyttefeltet eller berre sit ute på terrassen. Her er ikkje gatelys eller trafikkstøy. Me høyrer sus av bekkar, fresing som orrhanen lagar og kjenner lukta av furu og myr. Nå er det neste generasjon som styrer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...