mandag 22. februar 2021

Vinter på Gruda i 2021

Av og til opplever me frost og is og snø på Jæren. Denne vinteren har snøen gått heilt ned i standkanten og på våtmarkene på Gruda. Eit par vekers tid var det så mykje frost at eg kunne gå stort sett kor eg ville på Gruda. Nokre ungdommar gjekk over Figgoelva. Det våga ikkje eg.

Figgjoelva vert her breiare og breiare ei stund. Då går ho i eitt med Grudavassdraget. I januar var det rimfrost og snø. Det var lett å gå over jordene og ned til elva. Denne dagen var det ikkje rare vindpustet.

Frosten heldt fram, natt og dag. Hovetjønn eller Grudetjern, som det står på eit skilt, fraus til is. Desse to unge damene gjekk så bestemt ut på isen. Eg trudde dei skulle gå på skeiser nokre rundar, men dei sette seg bums ned på isen. Ikkje kunne eg sjå at dei hadde med sitjeunderlag heller. To kanner kaffi eller kakao eller kan henda te hadde dei med. Dei sat mens eg gjekk heile runden min. 


Mest same kva dag eller kva tid på døgnet du går tur på Gruda, kan du møta ein hest. Både jenter/damer og gutar eller menn trener travhestane. Når nokon rir, er det stort sett damer eg har sett. Dei som trener travhestane er alltid smilande og slår ofte av ein prat eller seier hallo. 

Første februar vart ein ganske trolsk dag. Det var mest heilt vindstille og litt småkaldt. Men forskjellen i temperaturen i lufta og i elva viste seg i spanande tåke. Eg gjekk ned mot elva ikkje langt frå vegen opp til Høgaleitet. Deretter kunne eg berre fortsetja langs elva heilt til det nærma seg Grudavatnet. Biletet er tatt mot sør.

I bakre biletkant kan me skimta gardar på Bore. Borebrua er innhylla i tåke. Bygningen til høgre veit eg ikkje kven som bruker. Det kan vera for grunneigaren på den sida, eller ein stad der laksefiskarane varmar seg.

Den siste garden på boresida ligg heilt ned til Figgjoelva. Eit gult hus rett attmed turvegen ser det ut til å bu folk i. Det gule huset ligg bak muren ute av synet. Men det gamle våningshuset og uthusa og reiskap forfell.


Etter å ha gått heile runden langs Figgjoelva og turvegen som fører til Hovetjern, kjem eg opp til den øvste garden.Garden har to bolighus. Namna på postkassane tyder på at det ikkje er folk frå Gruda som bur der. På baksida, altså mot Gruda i vest, går ein veg som nok helst er meint for trening med hestar. Litt av vegen er grusa. I seinare tid har det blitt kjørt på store mengder tørka hestemøkk på øvste delen av vegen. Det er heilt greitt å gå på. I området har eg og funne ut at det er ikkje reint få haugar som må vera gravhaugar. Like ved denne garden ligg to av dei.


I vinter var ein av dei sjeldne gongene ein kan gå på ski på Gruda. Dette er eit av minst to gamle rægje som ennå finst her. (Eit rægje/ein geil sluste dyra forbi innmarksbeite og ut til utmarksbeite.)Bak grantrea går ein heller bratt veg ned til den vestre delen av Gruda.


Kulda varde og rakk. Figgjoelva, og her Grudavatnet, fraus meir og meir til. Ender og svaner vart ganske i naud for ope vatn.


Figgjoelva sett mot nordvest ein tåkedag.


Sola er vekke frå denne delen av Gruda ganske mange dagar i året. I begynnelsen av februar er det sol her midt på dagen. Eg lista meg inn i gardsrommet til garden lengst mot nord på Grudevegen. Den store slipesteinen og vindauga fanga blikket mitt. Skuggen på biletet såg eg først då eg kom heim. 


Løeveggen lyste i sola denne fine februardagen.


Ein av dei siste dagane i frostperioden var både elva og Grudavatnet ganske tilfrosne. Men eg våga ikkje prøva om isen heldt. Kvar gong eg er her, ser eg jo at det er sterke straumar i elva og vatnet. Eg er glad for at eg kan nyta område på Bore og Gruda. Det er eit stille landskap utan mange menneskelydar.

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...