tirsdag 28. september 2021

Strandvandring på Jæren. Obrestad hamn til Skeie.

Den fjerde og siste strandvandringa i Hå kommune gjekk frå Obrestad hamn til Skeie i Klepp. På denne turen hadde eg avtale med to turvenninner slik at me kjørde i to bilar. Den eine bilen vart parkert på Refsnes. Deretter kjørde alle tre i ein bil til Obrestad hamn. Me kunne nok ha klart oss med ein bil, men då hadde turen tatt noko lang tid.


Nok ein gong fekk me særs brukbart ver for ein strandvandring. 


To av damene har vore flittige turvenner på mange av strandvandringsturane. Me bryr oss ikkje om kva ver som kjem. Regntøyet har vore klar i sekken. Men berre få gonger har me hatt det på.


Stans ved kongesteinen mellom Obrestad og Hå gamle prestegard. Kong Harald og dronning Sonja hadde ein rundtur på Jæren i 1995. I havkanten fekk dei  namna sine skrevne på det me kallar kongesteinen. Kongevegen er ikkje oppkalt etter kong Harald og dronning Sonja. Det har vore kongeveg her i fleire hundre år. Ein kan finna restar av gammal tid langs stien. Gravrøyser minner om aktivitet lenge før vår tid.


Ein ganske stor flokk kyr var samla ikkje langt frå kongesteinen. Det viste seg å vera ammekyr og kalvar. Turgåarane var særs forsiktige under passering. Ein skal ikkje terga på seg ammekyr som går ute med kalv. Ei av kyrne vart litt morsk og viste tydeleg at ho eigde plassen. Men me kom greitt forbi.


Hå gamle prestegard. Eg har gått forbi fleire gonger når eg har gått kongevegen i Hå. Det er lenge sidan eg var inne og såg utstilling i  løa.
Hå gamle prestegard er eit kunst- og kultursenter i den gamle prestegarden ved havet. Prestegarden var embetsmannsbustad, prestegard og administrasjons- og kultursenter alt for fleire hundre år sidan. Det store våningshuset vart bygd i 1789 og påbygd i 1850. Opplysingane har eg funne på www.visitnorway.no


Hengjebrua mellom Hå gamle prestegard og Håtangen med fyrlykt. Ein kjenner at det gynger når fleire går over brua på same tid.


På Håtangen i Nærbø hadde me rast. Sjølv om veret var tåleg bra, kunne me ikkje ta av jakkane. Biletet viser at det er noko grått i lufta. Håelva har utløpet sitt her. Elva er kjend som rik på fisk med laks og aure. Håelva renn gjennom eit relativt tett befolka kulturlandskap med godt utbygd vegnett. Det er gjort funn etter mange buplassar. Det syner menneskeleg aktivitet heilt tilbake til steinalderen.


Frå Håtangen gjekk siste del av turen langs Nærlandsstranda til Refsnes. På Refsnes må me over ei ganske lita bru av sement. Refsnes har i seinare tid fått to gode parkeringsplassar og eit sanitæranlegg.


Refsnesstranda. Her ser ein Vik i nord. Der starta neste tur.








lørdag 25. september 2021

Strandvandring på Jæren. Varhaug gamle kyrkjegard til Obrestad hamn.

Onsdag 30. juni kom med eit vidunderleg varmt og stille ver. Eg hadde planar om å gå strekninga for dagens strandvandring tur-retur. Då kunne eg greia meg med ein bil. 
Vakrare dag kunne eg ikkje ha fått for såpass lang tur. 
Då eg hadde parkert i Obrestad hamn, forsto eg straks at her var det berre å la jakka liggja i sekken. Nyinnkjøp for desse vandringane var ei lett trekvartbukse. Den kom vel med.

I mitt eige tempo gjekk eg frå Obrestad 09:03. Ein turapp får med seg alt. Med meg i sekken var fotoapparatet utanom nok vatn og litt mat. Strandturane har starta 10:30 kvar gong. Så eg rekna med å møta turgruppa litt før eg var på Varhaug gamle kyrkjegard.




Nordsjøen låg heilt paddeflat frå tidleg morgon. Slik vart det utover dagen også. Denne bukta er ikkje langt frå kyrkjegarden på Varhaug. Mens eg gjekk sørover, kunne eg fotografera i ro og mak og nyta naturen. Eg gjekk ikkje heilt aleine. På strekninga møtte eg to, tre andre vandrarar. Somme måtte lufta hunden sin.


Mellom Varhaug og Bodle. Nokon har vore nøye med å få bein steingard ned til sjøen. Piggtådgjerder er det visst ikkje lov å setja opp lenger. Men denne har nok fått stå i fred i mange år.


Klobnesteinen synest eg skiltet seier. Eg leita etter namnet på nettet, men fann ingenting. Eit stykke nedfor skiltet ligg ein stein som er delt mest midt på. Kan henda det betyr ein stein som har sprukke. Torfinn kunne uttrykket: "det kjennest som om hovudet vil klobna". Då har ein så vondt i hovudet at det er som om hovudet vil sprengja.



På Bodle. Mange gonger  hadde eg høyrt og lese ordet Bodle før eg forsto kva det var og kor det var. Nå var ikkje dette første turen min på kongevegen. Eg har likevel ikkje funne ut kva namnet kjem av.


På vandringa går ein forbi fleire gamle naust. Somme av dei er i god stand. Andre vil nok ramla saman om berre få år. 


På Bodle er nausta i god stand. Når ein slår opp Bodle på Wikipedia, kjem forklaring om "en bodle" som er likt eit halvt gryn/ein halv gryn. Det var ein skotsk kopparmynt.
Har Bodle vore ein plass der ein kunne tena pengar, lurer eg på.


Også denne tidlege sommardagen segla det båtar forbi ganske nær land.


Her vil det nok ikkje gå lang tid før naustet berre er eit minne.


Framme i  Obrestad hamn, og sola hadde verkeleg fått makt denne praktfulle dagen. Førti turdeltakarar var sveitte og fornøgde. Yr melde om 16 grader. Det kjendest varmare ut for oss som var ute og gjekk. Eg fekk meg ei tur på over 13 km og var ute i fire timar. Det gjorde uendeleg godt i skrotten.
Obrestad hamn var den første hamna som blei bygd på Jæren. Hamna vart bygd i same periode som jernbanen i 1870-åra. Fiskerihamna er freda i dag.


















torsdag 23. september 2021

Strandvandring på Jæren 2021. Kvassheim hamn til Varhaug gamle kyrkjegard

Sommaren 2021 arrangerte Hå, Klepp og Sola kommune tolv strandvandringar på Jæren. Turane starta onsdag 16. juni og gjekk då frå Sirevåg til Kvassheim hamn. Denne dagen brukte eg tida til å rydda i hagen etter hyttebesøk. 
Neste etappe hadde startpunkt i Kvassheim hamn. Målet var Varhaug gamle kyrkjegard. Her møtte eg opp saman med 26 andre turgåarar. 
Veret viste seg frå ei god side. Me fekk ein framifrå solrik og hyggeleg tur.


Her ser me nordover frå Kvassheim hamn. Eit litt høgt tårn i det fjerne viste seg å vera eit jonsokkbål klar for kvelden. Turen gjekk nemleg den 23. juni. Markblomstene er friske og nokså nyleg utsprungne.


Frå hamna måtte me gå opp til Fv. 44 og fylgje den eit stykke. Trafikken var heller liten på føremiddagen. Heldigvis kunne me kryssa hovudvegen og ta Haarrvegen litt vidare nordover.
Framme ved Fv. 44 var det å kryssa vegen att. På vestsida av 44 var ein klyvar som førde oss trygt ned mot merka fotløype.


Det tok ikkje lang tid før me vart minna på datoen att. I Stavnheimsvika kom me over ei ny klargjering av  bål for kvelden.


Båttrafikken for sommaren var også i gang. Både seglbåtar og racerbåtar glei forbi langs kysten. Steingardane er eit syn for seg.


Vrakrestar ligg langs strendene.


Det var høgsesong for sverdliljer.


Det er brukt mange timar på å laga berre denne eine steingarden på Jæren.


Varhaug gamle kyrkjegard var endepunkt. Eg målte 9,89 km vandring på  turappen min. Då hadde me tusla litt i Madland hamn og kost oss med kaffi og turmat i tillegg til turgåing.
Eg og fleire med meg hadde avtalt kjøring med to bilar. Det var ikkje nokon som gjekk turen att og fram denne gongen, så vidt eg kunne forstå.


Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...