torsdag 19. september 2019

Gruda ein dag i september

Den store rundturen frå oss og rundt heile Gruda er på over åtte kilometer. Då startar eg ved å gå ein gammal kjerreveg frå Verdalen til garden som ein gong var Endre Grude sin. Der tar eg inn på Grudevegen og går vestover mot Grudavatnet.

Rogna har bore rikeleg med bær dette året. Kor ein ser eit rognebærtre, er det meir raudt enn grønt i september. Kjerrevegen har blitt oppgradert i seinare tid. Nå er han fin og god med grus og lite att av hol og sorpa som kom i regnver før.

Steingarden her er ganske rufsete. Siloballane er mange denne sommaren og hausten. Her er berre ei rekkje av mange som ligg på lager rundt om på jordene.
Til venstre for steingarden er det eg kallar eit rægje. Å rægja betyr å driva eller jaga. Å rægja kyr. Dette rægjet ligg mellom to steingardar. Her var det nok lett å halda styr på dyra mens ein dreiv dei fram på det me vil kalla ein sti i dag. Rylliken står lenge utover hausten.
Ein gong var dette ein heller stor minkfarm. I mange år har minkbura stått tomme. Berre nokre sauer beiter på det saftige graset.

Hos Enevald Grude er det stil over vedlageret. Eg trur me kan gå med millimetermål og finna at ingen vedkubbe stikk utforbi ein annan. Dei siste åra har store tre blitt sagd ned i hagen. Nå kan Grude sine halda varmen i lang tid.
Eg måtte passa meg då eg gjekk ut av stien og ned til Figgjoelva. Vatnet gjekk ganske langt inn i skogbotnen. Nå er det ikkje uvanleg med så stor vassføring. Men det var ei stund sidan eg hadde gått tur på Gruda etter store nedbørsmengder.
Løeveggen er ganske sliten etter kvart. Ein gong meiner eg dette var ein praktgard.  Kanskje løa berre skal stå til ho dett ned.
Figgjoelva gjekk ganske stri. Rogna klamrar seg fast. Eit fly går inn for landing på Stavanger lufthamn, Sola. Dersom det er sydenturistar om bord, får dei ein brå overgang.
Etter at siste grinda på Gruda er passert, tar eg meg opp mot Høgaleitet. Klepp kommune har nyleg laga ein særs flott tursti med utsikt til Sele og Feistein fyr. På ein kvilebenk på toppen av Sporafjell er det berre å setja seg ned og nyta utsikten. Bore skule er under endring. Nye, store bygg er snart ferdige. Minst eitt nybygg er alt i bruk ved skulestart hausten 2019. Bore bedehus ligg til venstre i biletet. Figgjoelva buktar seg vidare mot utløpet på Sele. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...