torsdag 3. desember 2020

Advent 2020 1.til 3. dag

I desember i fjor laga eg ein slags adventskalender på Instagram. Eg skreiv eit salmevers for kvar dag og la til bilete. Dette året vil eg heller skriva ein slik adventskalender i bloggen. Då kan ein få ein betre samanheng. Sidan eg startar litt seint, blir første blogg frå dag ein til tre.


Det første biletet er frå Bore ein flott januarmorgon.
Den første salmen eg vel, er:
 
"Folkefrelsar til oss kom". 
Han står som nummer 2 i ny salmebok. Eg blir alltid forundra over at salmen er skriven før år 397 av Ambrosius. Melodien er frå omkring 1120.

1. Folkefrelsar, til oss kom,
fødd av møy i armodsdom!
Heile verdi undrast på
kvi du såleis koma må.


Bilete to er frå Selestanda, januar dette året. Folkefrelsar til oss kom har sju vers. Dette er nummer to:

2. Herrens under her me ser,
ved Guds Ande dette skjer.
Livsens ord frå himmerik
vert i kjøt og blod oss lik.


Salmen eg vel for tredje dag i advent er:

"Kom, konge, kom i morgenglans".
Det er nr 15 i ny salmebok. Teksten er av John Brownlie, 1907. Johan Crüger sin melodi er frå 1653. Salmen har og ein melodi av Elkanah Dare. Eg har aldri brukt den melodien.
Biletet er av Gandsfjorden ein februardag tatt ikkje langt frå Rosenli.

1.Kom, konge, kom i morgenglans
og bryt din seiers vei
for riket som med himmel, jord
tilhører evig deg.

2. Kom, herlig, som når himlens sol
går opp med gyllen glød.
og ikke som da først du kom
til spott og strid og død.
 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...