søndag 18. august 2019

Selje kloster, Lofoten og litt til.


Då ungane hadde flytta ut av heimen, bestemde me oss for å feriera i Norge. Til å begynne med planla me å reisa til eit fylke kvar sommar. Etter nokre år, besøkte me meir enn eit fylke for kvar tur. Bileta frå dei første turane er samla i fotoalbum. Etter 2015 tok me bilete med digitalt kamera.
Eg sat og kikte på bilete frå dei mange turane her ein dag. Så fekk eg lyst å visa nokre glimt.

Klosteret på Selje sto høgt på ønskelista vår. Sommaren 2005 var Selje og Vestkapp første delmål. 
Selje kloster er ruinane av eit benediktinarkloster på øya Selja i Selje kommune i Sogn og Fjordane.
Klosteret ligg rett sør for Stadtlandet, på vestsida av øya. Det ligg rett ut mot Sildagapet og Stadthavet.

Området var mykje større enn eg hadde tenkt meg. Murane var somme stader ganske så høge. Denne dagen var ein av dei få regnversdagane me fekk. Likevel var det fleire enn oss som vart med ein liten båt ut frå Selje. Me var mest dei einaste norske turistane.
God utsikt til Sildahavet. Me er på veg ned frå hola som Sunniva og følget hennar gøymde seg i. Det er tre versjonar av Sunniva-legenda. "Acta Sanctorium in Selio" er frå om lag 1170. Du kan fylgja linken og lesa meir, om du vil.
Muren me gjekk langs, viste seg å vera ganske høg når me sto nede og såg opp.
Nokre av dei andre turistane sat ganske lenge og mediterte i hola. Sunniva ba om at fjellet måtte falla over dei som hadde gøymt seg der, i staden for å bli tatt til fange og mest sannsynleg falla for sverdet til Håkon jarl og mennene hans. Nokre handelsmenn segla seinare forbi øya. Dei såg eit strålande lys. Dei såg og ei søyle og kjende ein herleg duft. Me kunne ikkje kjenna noko til dufta. Likevel var det høgtidsamt å vera der.

Båten vår var MS Nordlys. Frå Klepp kjørde me først til Stadtlandet. Deretter drog me til Ålesund og fekk bilen om bord i denne flotte hurtigrutebåten. Det var presisjonsarbeid på høgaste plan. For oss var det reine luksusskipet. Me vakna til sol den morgonen  me reiste frå Stadt. Resten av turen var fylt med sol og varme. Somme dagar opp mot 30 grader. 
Det er fast tradisjon å segla inn Geirangerfjorden frå Ålesund. Frå før hadde me berre kjørt bil og sett fjorden frå rasteplassar. Her var det ikkje ei krusing på fjorden. Det var og i den tida då Geirangerfjorden berre hadde få turistskip samanlikna med i dag. 

Heldigvis var det nokolunde god vassføring. "Dei sju søstrene" viste godt. Dei sju søstrene er ein foss med omtrentleg fallhøgd 300 meter. Fossen er danna av Knivsflåelvane, som ligg ved sida av kvarandre midtvegs inne i Geirangerfjorden. Namnet har kome fordi fossefallet på avstand kan likna håret på sju kvinner. På motsett side av fjorden finn ein fossefallet Friaren (Skageflåfossen). Denne fossen har ein flaskeforma utsjånad. "Friaren" skal vera ulykkeleg. (Derfor held han seg til flaska.) Han ventar svar på frieriet sitt til søstrene. 


Så stilt som dette hadde me på heile båtturen frå Ålesund til Svolvær.
Sola berre blenkte i vatnet frå morgon til kveld.
Innsegling til Molde med det karakteristiske Scandic Seilet. I 2019 vann hotellet prisen for den beste hotellfrokosten i fylket. Hotellet vart opna i november 2002, altså ganske nytt då me såg det for første gong.
Underlege ting hende på turen vår. I Svolvær gjekk me i land med bil og bagasje og la oss inn på ein campingplass. Klokka 22.00 om kvelden ringde ei venninne for å gratulera meg med dagen. Jo, eg takka for det. "Nå er me på campingplassen i Svolvær", sa eg på spørsmål om kva me gjorde på. Då vart det reine jordskjelvet. Ho var også i Svolvær saman med mannen. Dei har feriehus i Nybyen. Det vart til at me sporenstreks vart inviterde heim til dei til herleg aftensmat, må eg vel kalla det. Deretter kjørde dei oss rundt omkring i Svolvær og heilt ut til Laukvik for at me skulle få oppleva midnattssol. Eg trur dei kunne ha spandert heile natta på oss. Heim frå Laukvik i totida midt på natta, ville eg til å sovna i bilen. Men me fekk sjå Svolværgeita og ganske mykje meir. For ein gjestfrihet!



Biletet til venstre er tatt langs vegen frå Laukvik til Svolvær om lag klokka to om natta. Svolværgeita til høgre har eg lånt frå Internett. Mine bilete av geita vart ganske mørke og svarte sidan bileta vart tatt halv tre om natta.

Fleire gode opplevingar hadde me i vente. Først må eg tilstå kor lite greie me hadde på turistlivet i Nordland. Før avreise frå Klepp, hadde me bestilt hytte i Selje og plass på Hurtigruten. Så tenkte me å bestilla natt for natt etter kor me kom. Der forrekna me oss sterkt. I Nordland fylke var laksefisket godt i gang. Overnatting på dei hyttene og dei campingplassane me tenkte var fine, var ikkje lett å få. Det var smekkfullt kor me kom. I Brønnøysund måtte me slukøyra forlata den staden me hadde blinka ut. Om lag 8 km sør for Brønnøysund fekk me tips om ein liten campingplass. Der fekk me husrom. Eg fnyste litt av standarden, men sova måtte me. Hytta var enkel. Dusjrommet likeså. Ganske enkelt. Men gjestfriheten var enorm. Campingplasseigaren viste stor interesse for oss som kom frå Jæren. Han tusla rundt oss og forklarde at me kunne ta ein klatretur til Skåren-Monsen-hola ikkje langt frå der me budde. Gode sko hadde me, så me høyrde nøye etter kor me måtte kjøra og gå. Jammen santen fann me Skåren-Monsen-hola som er ei grotte og inneheld 4000 til 5000 år gamle holemaleri. Etter råd frå verten hadde me med lommelykt. Begge vart ganske stille og høgtidsame då me fekk sjå holemaleria. Me tenkte det eine viste elg eller reinsdyr. Måleria viser fem dyrefigurar, malt med hematitt. Det er ein rødfarge som i hovudsak består av jernoksid.
Eg trur me fann hjelmane i ein kasse utfor hola. Me kan og sjå spor av anna menneskeleg aktivitet. Her låg halvferdige kvernsteinar og vitnar om ei tid som var.
 I Brønnøy har det vore uttak av kvenstein på gardane Vedal, Skogmo, Skille, Eide, Skåren og Tilrem. Eg veit ikkje, men vil tru at me var i Skåren like ovafor garden til Georg Lorentsen. Det er i Skåren at spora er best å få auga på.
For eit arbeid høgt oppi lia. Me var jo heller unge og spreke i 2005, men det var rimeleg bratt og ulendt opp til kvernsteinbrotet og Monsenhola.

Torghatten. Også ein draum me hadde om å få oppleva. Denne dagen var og varm og fantastisk for å gå omtrent 6,5 km opp og ned. Det er berre 35 høgdemeter. Frå Brønnøysund sentrum og over den vakre Brønnøysundbrua og vidare langs F 54, er det ca 12 km. Sjølve holet er 15-20 meter breitt, 160  meter langt og 35 meter høgt. For tusenar av år sidan har havet gravd det ut. Begge kom gjennom holet og ut på andre sida til ein formidabel utsikt. Slike naturfenomen har gjerne ei segn knytta til seg. Torghatten er ein del av segna om "Dei sju søstre".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...