søndag 28. november 2021

Advent 2021, del 1.

I fjor laga eg nokre innlegg i adventstida. Då skreiv eg ein adventssalme eller julesalme kvar dag i tjue dagar. Dette året vil eg ikkje ha så mange innlegg. Men eit blomsterbilete kvar søndag i advent fekk eg lyst å visa. Til biletet skriv eg ein salme eg liker godt.


Denne blomsten veks i ein fin hage som tilhøyrer ein spisestad på Evje.

Salmen er skreven av Karl Marthinussen i 1954. Melodien er av Alfred Lunde omkring 1955. Alfred Lunde var organist, komponist og gardbrukar frå Austre Åmøy. Han levde frå 1894 til 1973. Eg fann ut at han var i slekt med Gjertrud Sand Røre. Fru Sand Røre, sa me då ho var songlærar for oss på Hetland Høgre.  Denne salmen liker eg særs godt. Karl Marthinussen var biskop i Stavanger bispedømme 1949 til 1960. Mens eg gjekk på skulen, hadde me frå tid til anna bispevisitas. Så det er ganske sannsynleg at eg har møtt denne biskopen på Kvaleberg skule.


1. Ja, en gang mine øyne skal 
se Kongen i hans prakt;
få tilbe i hans tempelhall
hans nåde og hans makt.
I et krystallklart hav av lys
forsvinner tidens natt og gys,
forvandlet blir hver gåte her 
til lovsangsjubel der. 

2. Og salighetens tonevell
skal bruse som et hav,
som sus av skog en sommerkveld
når himlen er som rav.
Og gjenfødt all naturen er,
og ingen skygge faller mer.
Og alt av skjønt mitt øye så,
ny glans og glød vil få.

3. Men skjønnest er det dog å se
Guds Lam så underbart,
med merkene fra korsets tre
av seirens glans forklart.
Og dette lys er mer enn sol,
det er Guds gylne nådestol.
og støvets drakt som her meg bandt,
blir klar som diamant.

4. Så er jeg frelst, så er jeg fri,
så har jeg vunnet frem.
Så er min strid med et forbi,
så er jeg i mitt hjem,
det hjem som min Frelser lovet har
hver den som korset med ham bar,
Guds paradis, vårt rette hjem,
det ny Jerusalem.

lørdag 6. november 2021

Strandvandring på Jæren. Viste i Randaberg til Brutt lenke i Stavanger kommune.

Den siste turen i prosjektet Strandvandring på Jæren gjekk frå Viste standhotell til monumentet Brutt lenke. Viste ligg i Randaberg kommune. Onsdag 29. september var det ikkje mindre enn over førti turvandrarar som ville vera med på avslutningsturen. Leiar for Frivilligsentralen i Sola gjorde avtale på Viste strandhotell om varm kaffi, kakao og nysteikte vaflar då me kom tilbake. Denne turen var ein tur-retur vandring. Det var på ein måte vemodig å ta siste strandvandringssturen. Men i vår kan eg jo ta nokre av desse turane aleine eller salman med familie. Turstien frå Viste og sørover var fint tilrettelagd for den som kan gå. Eit par stader var det heilt umogleg å koma forbi med el-scooter.

Eg startar med målet for turen. Brutt lenke ligg på Måkeberget med adresse Hafrsfjord i Stavanger. 


Me passerte Vistestranda og gjekk sørvestover langs Visteviga. Frå denne stranda kan ein og koma til Vistehola. Då må ein gå nordover frå hotellet. Det går og fint an å kjøra Goaveien nordover og ta utgangspunkt til hola derifrå. Nå var det år og dag sidan eg hadde vore på Viste. Hotellet er overtatt av Kirkens bymisjon.


Litt av den store flokken. Her er me på veg mot Goabukta. På dei aller fleste turdagane fekk me opphald og gløtt av sol og god temperatur.


Viste hageby båthamn, meiner eg det er. På kartet viser det til Goavika. Det var ikkje rett få båtar å velja mellom.


Det var mange fine, store hus i området.


Turvandrarane har godt med klede på. Likevel kjendest det ikkje kaldt ut. Dei fleste var nok vel varme etter kvart.


Frå svingen kan ein sjå Slettesvigå. I området held Kvernevik båtforening til. Herifrå er det ikkje lange styket til målet for turen.


Monumentet Brutt lenke ruver godt i landskapet. Eg har ikkje opplevd det frå sjøsida. Men eg vil tru det viser ganske godt for dei som er i båt. På land kan ei sjå ut mot ope hav og Nordjøen. Vistnestangen fyr ligg på pynten på andre sida av bukta. Alexander Kielland monumentet er til minne om dei omkomne etter boligplattforma Alexander L. Kielland ulykka 27. mars i 1980.
Det kjem ei viss høgtid over forsamlinga når me er her. Ulykka var den verste i Nordsjøen på norsk område sidan andre verdskrig og er den største industriulykka i Norge.


Dette biletet er frå 2017. Dagen var så solrik og veret så stilt. Alexander Lange Kielland plattforma kantra i høg sjø. Av 212 personar om bord, overlevde 89. 123 omkom. 87 av desse vart funne og 36 forblei sakna. Etter snuoperasjonen i 1983, vars seks personar funne.
Staden var eit flott val som avslutning på tolv strandvandringar. Til neste år håper eg det vil verta tur like frå Tungenes fyr og så sørover til Sirevåg.













onsdag 3. november 2021

Strandvandring på Jæren. Madla til Hestnes.


Sverd i fjell monumentet har eg besøkt meir ein gong. Det ruver godt ved Møllebukta på Madla, inst i Hafrsfjorden i Stavanger kommune. Monumentet er laga av Fritz Rød frå Bryne. Det vart avduka av Kong Olav i 1983. Dei tre store sverda er sett ned i svaberget til minne om slaget i Hafrsfjord 872. Då samla Harald Hårfagre Norge til eit rike.

Onsdag 22. september begynte ganske grå. Etter kvart steig temperaturen. Sterkt solskinn vart det ikkje, men veldig greitt turver.


Deltakargruppa hadde plutseleg endra seg. Fram til nå kunne eg kjenna att ganske mange av dei som tok turane Strandvandring på Jæren. Men då me starta i Stavanger, var det mest ukjende personar me møtte. Nokre damer frå Hå var med på alle turane. Likeeins nokre glade turvandrarar frå Klepp. For oss som fekk med oss mest alle turane, vart det ei stor og minnerik oppleving.


Det var ganske rart for meg å gå tur på Madlasandnes. I barndom og ungdom var dette området heilt utilgjengeleg for oss på Vaulen. Alle markene her var privat eigedom og stort sett var det gardsdrift i området. Langs Møllebukta såg me over til Ytraberbegret i Sola kommune. Stien var veldig forsegjort store deler av turen.



Fram til dette punktet var turstien oppgrusa og lett kjørbar for rullestol eller el-scooter. Ved trappa ned mot sjøkanten var det berre folk til fots som kunne ta seg fram. Eg såg ein far med barnevogn. Han måtte ut av turstien og inn i eit byggjefelt for å koma vidare.


Det er ikkje ei ny hytte som er under oppføring, men eit slags utvida naust. Fleire av dei gamle nausta som hadde vore her i årevis, var ombygde til småslott. Ulempen for eigarane var at turstien gjekk totalt kloss i husveggen rett som det var. Arbeidarane gav meg lov til å bruka biletet til kva eg ville.


Stien går kloss i garasjedører. Men eit stykke sørøver kunne me helst stryka handa over hageborda og mest ramla inn i nokre ombygde naust. Det er flott for oss som går. Når trafikken er stor, kan det nok verta i meste laget for bebuarane.



Praktfulle, velstelte hagar og spesielle hus tusla me forbi.


Nye sjøhus kunne sjå noko nakne ut. Likevel likte eg at dei var så forsiktige og ikkje tok blikket vårt vekk frå Hafrsfjord og utsikten til Sola.


Restar av reinfann mot Hafrsfjord. Under Karl den store vart det påbudt å dyrka planten. Frå 1600-talet hadde reinfann stor betydning som middel mot innvollsorm. Planten kan brukast mot gulsott, nyresjukdommar, lopper og lus. For fleire år sidan hadde me med oss barnebarn til fortidslandsbyen Landa i Forsand. Omvisaren vår snakka då varmt om kor viktig det var for folk å bruka reinfann.
På denne turen langs Hafrsfjord følte eg verkeleg eg var på historisk grunn.



Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...