lørdag 1. oktober 2022

Strandvandring på Jæren. Sørnesvågen, Indraberget, Ytraberget og Sømmebukta.

Den 22. juni arrangerte Sola kommune sin andre "Strandvandring på Jæren 2022". Onsdagen før hadde dei frivillige tatt turen frå Viste strandhotell til "Brutt lenke", eit monument etter Aleksander Kielland ulykka. Det ligg på Måkaberget, Hafrsfjord. Den turen er så kort å gå at eg sto over. For meg er det lang kjøring og kort tur.

På Ytraberget har eg nå vore fleire gonger. Men denne turen er akkurat passeleg lang for ein skikkeleg turdag. Dagen kom med nydeleg turver. Frå Sola kommune møtte to turleiarar. Resten av følget var fem deltakarar frå Klepp kommune.


Ved Sørnesvågen er det grei parkeringsplass. Om ein ikkje finn plass her, kan ein parkera litt lenger mot nord ved ein idrettsplass, Våganes Fotball. Biletet viser litt av kunstverket til Roland Lengauer. Det har vore her sidan 1986. Ormen er eit fleirfarga monster som buktar seg i vasskorpa og inn på land. Friluftsområdet vert berre kalla Ormen Lange. Frå Solavegen, F.v.510, må ein ta av til Våganesvegen for å koma fram. Det er godt skilta.


Frå Ytraberget ser ein utover Hafsfjord. Her er holmane Sømsøy og Prestøy. Prestøy er størst. Ein klår dag kan ein sjå over Hafrsfjord til Madla og monumentet Sverd i fjell. Me kunne og sjå over til turstien som går frå Sverd i fjell og langs Hafrsfjord ved Madlasandnes.

Våre turleiarar valde å gå sørover langs Sørnesvågen i retning Sømmebukta først. Begge leiararne hadde førebudd seg godt og kunne fortelja mykje om stadnamn og historie. Det var leit at berre me fem frå Klepp fekk nyta godt av informasjonen. Men sidan me var få turgåarar, så vart det desto hyggelegare. Me vart godt kjende med kvarandre. I juni sto nokre utvalde sverdliljer i blomst.


Ei god stund før sommaren 2022 hadde me ein forrykande uversdag. Langs stien frå Sørnesvågen til Sømmebukta sto det eit gammalt naust rett i stien. Der måtte me lirka oss ned mot vatnet og gå over nokre steinar for å koma forbi. Dette var til hinder for dei som bruker rullestol. Uveret fekk det gamle naustet til å siga rett ut i sjøen. Det vart heilt ubrukeleg. Dermed vart stien opprusta, og nytt, flott naust kom opp berre få meter frå der det gamle sto. Stien vart brei og god og oppgrusa. Me har vore der med el-scooter. Det gjekk heilt utmerka å koma forbi.

Fleire strekk på denne stien hadde blitt oppgradert sidan eg gjekk der året før. Det er vakre parti med nydeleg lødde steingardar. Dei to trufaste turvenninnene mine langar godt ut. Turvegen er ikkje kupert, så han er heller lett å gå. På innsida går ein forbi jordbruksområde. Det er utsikten til Hafrsfjord som er mest tiltalande her.

Både i Sola kommune og på turane i Randaberg kommune dette året, var det møtt opp ein del folk frå Klepp. Vegen her langs Hafrsfjord opna i 2020 har eg lese på ein nettstad som heiter "norge.sandalsand.net".
Forbetringane frå 2021 til 2022 var ganske store. Framleis står det att ting som Sola kommune vil oppgradera.


Omtrent halvvegs til Sømmevågen var ein grunneigar i full gang med vedsjau. Landskapet kan sjå fattig ut på trevirke viss ein berre konsentrerer seg om sjøsida. Når eg nå har gått turen fleire gonger, har eg oppdaga at i jordbruksområda er det ein del skogdottar. Mykje av det er blandingsved. Det er eit heilt arbeid å kløyva ved når ein er aleine. Heldigvis hadde bonden godt arbeidsver.


Så langt sørover frå Sørnevågen ser ein godt over til dei enorme flatene ved Sola sjø, nær Flyhistorisk museum. Museet kan ein her berre skimta i høgre biletkant. Eg tok biletet for å visa Sømmebukta. Mange ein gong har både eg og du som les, kome med fly over denne bukta. Så nær flyplassen går flya ganske lågt. Dermed ser ein  landskapet godt i fugleperspektiv.

Evelyn Haga med gul vest var ein framifrå turleiar. Ho hadde mykje spanande å fortelja. Stien kan ein fylgja vidare nordover frå dette punktet. Men då må ein gå på asfalt og kryssa ein traffikert veg langs flypassen. Flystøyen er sjenerande i denne delen av løypa. Vår gruppe valde å snu her. 


Etter å ha kome tilbake til Sørnesvågen, gjekk me ut på pynten som heiter Ytraberget. Til sist klatra me opp på Indraberget. Ei glassplate med innteikna vikingskip er interessant. Viss ein siktar godt, kan ein sjå vikingskipa som seglar inn og på Hafrsfjord.


Kunstverker ser ganske uskyldig ut. Men det gir god effekt å stå ved benken og sjå utover fjorden.

Frå Indraberget er det lett å forstå kor vanskeleg det må vera å lura seg inn i Hafrsfjord. Frå toppen av Indraberget har ein full kontroll over innløpet i vest. Ytraberget og Indraberget skiller Grannesvågen frå Sørnesvågen. Grannesholmen ligg i Grannesvågen.
Denne turstien er eigentleg ganske ny og kanskje ikkje så godt kjend. Men han er spanande for både vaksne og barn. 


I juli hadde eg med meg eit barnebarn på godt og vel seks år. Ho var full av undring over alt me såg og opplevde. Me heldt oss til Ytraberget, Indraberget og Sørnesvågen. Det var akkurat passeleg for ei lita jente.


Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...