mandag 23. november 2020

Rundtur på Balkan. Sarajevo og Mostar i Bosnia.

Rundturen vår på Balkan i 2014 starta i Beograd i Serbia. Frå Serbia kjørde me buss ganske lenge for å koma til Sarajevo. Frå bussvindauga kunne me sjå korleis ein storflom i juni hadde herja med elver, marker og hus. Kommoder sto til tørk utføre små gardshus. Madrassar måtte tørkast. Den byen me eigentleg skulle ha besøkt, kunne me ikkje koma fram til. Vegen dit var øydelagd av flomvatn. Derfor vart det ein lang busstur for å koma til vakre Sarajevo.


På brua i den kjende byen Mostar. Turen hit var eit av dei store høgdepunkta for alle som var med i reisefølgjet. For berre nokre år sidan sende nrk ein reportasje leia av Leo Ajkic. Han tok oss med att til denne flotte, herja byen. Det var interessant å høyra då han fortalde om familien si flukt.
Før me kom til Mostar, opplevde me fleire utflukter med utganspunkt i Sarajevo.


Tunnel i Sarajevo
Lenge var dette ein hemmeleg tunnel. Han gjekk frå Sarajevo under rullebanen til flyplassen til eit bosnisk område på andre sida. Tunnelen vart sjølve livslinja for innbyggjarane i byen. Folk i byen fekk regelmessige forsyningar av matvarer, medisinar, handvåpen og drivstoff.


Me fekk gå eit heller langt stykke inn i tunnelen. Her kunne ein ikkje lida av klaustrofobi.
Eg hadde heldigvis tatt vare på informasjonen som turleiaren vår, Stein Viksveen, gav oss frå dag til dag. Noko av det eg skriv, har eg henta frå hans dagsprogram.


Pale
Ei av utfluktene våre gjekk til den vesle landsbyen Pale i fjella over Sarajevo. Her kom me ut i særs flott og grønt landskap. Me var der heilt i begynnelsen av juni. Blomstene og åkrane var frodige.  Kvar og ein som hadde hus med hage, dyrka grønsaker, tomater, frukt og bær. Sjølv i hagane til folk som eigde store, vakre, sikkert dyre hus, dominerte hagebruken. Denne vesle garden i Pale hadde solid gjerde rundt. Akkurat her kunne me ikkje sjå kjøkkenhagen. Eg tok bilete av huset som sto i sterk kontrast til nabohuset.


Hovudkvarteret til Radovan Karadzic.
Høge murar på alle kantar av eigedomen til familien Karadzic. Dei bur her framleis. Me fekk ikkje auga på vakter av noko slag.


Under den tyske okkupasjonen sto partisanane til Tito bak tallause sabotasjeaksjonar. Ei av dei meir berømte var sprenginga av denne jernbanebrua ved Jablanica. Biletet viser kor grønt og frodig landskapet i Bosnia var.


Mostar
I Mostar var det byvandring med ein guide som kunne særs godt amerikansk. Han hadde flykta frå Bosnia til USA under krigen. Nå var han kunnskapsrik guide. Me gjekk gjennom basarkvartalet i Aust-Mostar. Frå restauranten vår såg me rett ned på elva Neretva og mot brua. Brua vart bomba under balkankrigen, men er blitt bygd opp att. 


Heldigvis var det ikkje så mange turistar på denne årstida. Dermed slapp me å gå i kø. Men Mostar er nok eit reisemål for svært mange i dag også.
Plagget på hovudet er der fordi det yrde under ein flott tur i ein park i Sarajevo. Kusken viser tydeleg at han ikkje kjører gratis. Eg fekk meg ein flott rundtur.


Ikkje langt ut av Mostar kjørte me over åsryggar som ga god utsikt til områda rundt Mostar i dalsøkket.  På desse høgdedraga var stillingane til snikskyttarane plasserte.


Her ser me kor fabelaktig utsikt desse stillingane ga. Elva Neretva i dalbotnen.

Tistlar på høgdedraga blei ganske symbolsk for meg. Bosnia-krigen varde frå 6. april 1992 til 14. desember 1995. Krigen dreide seg om kontroll over republikken Bosnia-Hercegovina. Han kom i kjølevatnet  av at den joguslaviske staten gjekk i oppløysing.
Den blå himmelen over tistlane fekk meg til å tenkja på håp.










torsdag 5. november 2020

Toppturar med Klepp frivilligsentral

Frå april 2019 har Klepp frivilligsentral hatt eit tilbod om toppturar kvar torsdag fram til slutten av oktober. Eg var med frå starten og har fått vore med på ganske mange av toppturane. Før Covid-19-viruset kom til heile verda, kunne ein berre møta opp utføre frivilligsentralen sitt bygg i Kleppekrossen. Dei som hadde bil,  fylte sine bilar av turgåarar før me kjørde til målet for dagen. Dette året har det berre vore tre personar per bil. Eg har valt meg ut nokre få av dei utallige turane eg har vore med på.

Sulken
For å koma til Sulken i Sandnes kommune, må ein kjøra mot Sviland på Fv 315 nokså nær Kråkedal. Parkering er på venstre side av Skjelbreidtjørna.


Her er tydeleg merka til Kråkedal og Svihusvatnet. Det eg ikkje ville ha bilete av, var starten på vindmøllene som kom opp i området kort tid etterpå. Me var der tidleg haust i 2019.


Gardane ligg flott til i dette området. Etter kvart har eg blitt meir og meir imponert over alle turtilboda som ein kan nytta i Sandnes kommune.


Ein kan i alle fall ana at det står Sulken 384 moh på treskiltet. Kari Gjerstad er turvenn og fotograf.
Turen vart varm kan ein forstå av påkledninga.
Kvar gong eg er i området nå, ser eg berre dei nye, store vindmøllene. Ein kan sjå dei like frå Klepp.




Eidlandskula og Sikvalandskula

I juni fekk me ein vidunderleg varm turdag til Eidlandskula og Sikvalandskula i Gjesdal kommune. Mellom Ålgård og Undheim fann me den rette parkeringsplassen rett ved Sikvalandsveien. Eg var glad eg gjekk i ei gruppe, for merkinga var ikkje av den aller beste. Men eg må innrømma at når eg går i flokk, ser eg nok ikkje så godt etter heller. Etter kvart openberra det seg eit aldeles nydeleg landskap.


På toppen av Eidlandskula. Så og seia alle deltakarane har ein turapp. Her loggar me inn og får poeng for kvar topp me kjem til. Den første tida på ein topp er derfor prega av stor konsentrasjon og stillhet. Etter som folk loggar inn, høyrest berre nokre klikk i heia. Den gode turvennen min, Kari, står til venstre og samlar poeng. Det var varsla 24 - 25 grader den 25. juni i 2020. Alle som gjekk i heia, følte varmen på kroppen og syntest det kjendest som 30 grader etter kvart. Heldigvis hadde dei fleste mykje vatn med seg i sekken.



Turen var eigentleg lett å gå. Mykje av landskapet var fjellgrunn, slik som her. Sidan det hadde vore tørt lenge, var myrane og lette å gå på. Kor me enn snur oss på desse turane, ser me vindmøller. Eg synest det er litt trist etter kvart. Likevel vart eg forundra over det vakre landskapet i området rundt Sikvalandskula. Eg har lyst å koma tilbake.


Månafossen
Her har eg vore med familien fleire gonger. Men så måtte eg tenkja tilbake kva tid som var forrige tur. I albumet fann eg bilete av Torfinn og meg og to barnebarn. Det var tatt for ti år sidan. Ti år som ein røyk.
Stien til Månafossen vart stengd i lengre tid på ettersommaren 2020. Ei stygg ulykke gjorde at politi og leitemannskap leita etter ei kvinne i fleire veker. Den døde kvinna blei til slutt funnen.
Men me klarte å nyta både turen og den mektige fossen.


Den eine turleiaren, Gaute Klepp, var godt kjend i området. Han leia oss ut av den vanlege stien og inn på den gamle. Då fekk me ei heilt anna oppleving av elva Mån, og landskapet vart meir fjellgrunn. Dei første turane Torfinn og eg hadde som nygifte til Månafossen, gjekk på nettopp den stien. Turen starta då på garden nedst i dalen. Det vart strid om bruk av stien, meiner eg å hugsa. Heldigvis løyste det seg med ny sti på den sida av elva der me går i dag.


Brua over elva Mån har stengd port. I 1970 gjekk turen på venstre side av elva.


Eg står rett ved brua. Garden Mån kan ein skimta til høgre for elva og litt lenger inne. På turane med frivilligsentralen møter eg att tidlegare elevar som nå er pensjonerte. Johanne Stangeland tok affære og sa at nå måtte eg og få vera med på eit bilete. Kjekt å møta slike elevar. Gaute Klepp forklarte at det slett ikkje var ufarleg for ungane som budde her før i tida når dei skulle kryssa elva. Det hadde nok gått liv den gongen og.      


På turane hjelper me kvarande med å ta portrett. Otto Laurits Fuglestad slo til som fotograf midt i bakken der me ser over til Månafossen.                                                                                                                         









Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...