torsdag 18. april 2024

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde vore i. Det var ingen spesiell grunn til at Bjerkreim var uutforska. Slik hadde berre blitt. Den eldste sonen har tråla toppar i området. Saman med han og ei svigedotter tok me fatt på spasertur i høljeregn nokså tidleg i januar.
Regn var ikkje så farleg. Alle var godt utrusta i klesvegen. Men plutseleg kom det eit mektig toreskrall. Mellom knausar og fjell er lyden ekstra sterk. Noko lyn såg me ikkje. Til alt hell gav toreveret seg, og tåleg snart forsvann regndropane.

Bjerkreim har mykje fjell å ta av. I tillegg er det kjempeflott terreng for sauedrift. Me møtte sauer ganske raskt på vandringa.


Bersevatnet var eit av måla våre. Frå Klepp trilla me langs E 39 til Bjerkreim. Der tok me Røyslandsvegen forbi Coop Prix, over Bjerkreimselva og etter ein kort stubbe kalla Gamle Bjerkreimsveg, svinga me inn på Odlandsvegen. Ved Bjerkreim skule fann me god parkeringsplass. Det går fint an å ta seg fram Bersevatnet rundt. Sidan ein i følgjet kjører scooter, måtte me gjera vendereis ved ei trebru som var noko vanskeleg å forsera.



Bjerkreim er ein stor vindkraft- og jordbrukskommune. Kommunen ligg om lag 50 km sør for Stavanger. Her er rik og variert natur. Bjerkreimselva er ei av dei beste lakseelvane i heile landet. Litt nærmare Klepp ligg neste turmål: Kvassheim fyr.


Kvassheim og Ogna i februar.
Denne februardagen var blåsande og kald.  I hamna låg det mykje tare. Det eigentlege målet vårt var Ogna.  På vegen dit plukka me opp ein passasjer. Mens me venta, vart det tur ut av bilen med kamera på magen. 


Sølepyttar ved parkeringplassen til Kvassheim fyr.


Ogna med sine velkjende knausar og små sandstrender innimellom knausane.


Etter vandring frå campingplassen i Varden og sørover, kom me til  området ved jernbanebrua over Ognaelva. Det er ikkje så ofte eg har sett sandstripe i bukta ved den gamle brua. Vatnet hadde heilt tydeleg stått høgare for ei tid sidan. Både januar og februar var heller kalde for turgåing. Heldigvis har me klede for kalde dagar.
Etter to turar sørover, sette me nasen nordover i begynnelsen av april. 


Der er greit når fleire kan underhalda dei med små føter. Denne staden ligg mest midt mellom Sunde og Madla i Stavanger kommune.


Hafrsfjorden låg mest speilblank andre påskedag 2024. Den eine sonen er leiar for eit prosjekt angåande kyststien frå Tungenes til Sirevåg dette året. Etter hans forslag møtte heile familien opp ved Kiwi Sunde mest rett ved Hafrsjordbrua. Herifrå gjekk me i flokk og følgje langs Hafrsfjorden og sørover like til "Sverd i fjell" på Madla. Heile turstien er nå grei for både gåande og for dei som trillar barnevogn. Me har med elektrisk scooter. Berre ein stad måtte scooterføraren ta seg litt opp i eit byggjefelt og så ned att til kyststien. Sist eg gjekk her, trudde eg ikkje me kunne koma forbi med scooter. Men nå kan me altså det.

Etter om lag seks kilometer, begynte magane å ropa etter vaflar. Den flotte gangbrua over vatnet er ganske stilig med kvilebenk. Minstemann vart oppmuntra av utsikten til varm kakao og kake om ikkje for lenge.


Her tar me eit godt skritt bakover (sørover) frå gangbrua. Denne bukta er ei perle. Eg forstår godt dei som drøymer om sommarhus i dette området. Me tar gjerne turen på ny i litt varmare ver.

Tilbake på heimlege traktar. Biletet er tatt på Storhaug. I høgre biletkant går gamle R 44. Eg lurer på om denne vegen er i skiljet mellom Grude og Storhaug. 
Det var første gong eg gjekk her. Torfinn hadde nett lært om vegen frå turvennen sin. Vegen fører fram til Grudevegen. Der kjem me inn på den nokså nye turvegen til Øksnevad. Me gjekk forbi Krokhøl og fram til Sandhol. Ikkje langt frå Sandhol er det eit vad over Figgjoleva. På denne turdagen var alle steinane dekte av vatn.


Litt nord for Sandhol vier elva seg ut. Frå denne plassen er det ikkje langt att til Øksnevad.


Me blir så glade kvar gong me finn slike godt opparbeidde turvegar. Eg liker jo også når det er fine steingardar langs vegen.



 

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...