torsdag 3. desember 2020

Advent 2020, 4. dag.

Kvar dag vil eg leggja ut eit eller to vers av ein kjend og kjær adventssalme. Bileta har eg henta frå året 2020. 

Biletet er tatt langs stien frå Godalen til Breivig på Storhaug ein dag i februar.

Eg held meg til gamle salmar ei stund. 
"Å kom, å kom, Immanuel" står som nummer tre i salmeboka. Arve Brunvoll har omsett ein latinsk tekst frå 1100-talet. Om melodien står det at det er ein fransk missale 1500-talet.

1. Å kom, å kom, Immanuel,
og løys ditt bundne Israel,
som sårt i utlægd ventar på
den dag då dei Guds Son får sjå!
Ver glad, ver glad! Immanuel
er fødd for deg, du Israel.

3. Du morgonrode, kom med ljos,
å skin, du klare sol, for oss!
Jag skoddeeim og tunge sky,
så nattemørkret snart må fly!
Ver glad, ver glad! Immanuel
er fødd for deg, du Israel.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...