mandag 25. april 2022

Turar på Høgjæren januar til mars i 2022

Høgjæren byr på mange flotte turområde sommar som vinter. Allerede i januar fekk eg vera med nokre turdamer på første topptur. Litt opptimistiske var me nok. Vermeldingane var ikkje dei beste, men ut ville me. Målet vårt var eigentleg Bjødnalia. Der var det så mykje is i løypa at me måtte snu. Neste mål vart Synesvarden. Her bles det ganske kraftig, mest så me fekk problem med å gå oppreiste. Men desse damen ville ikkje gje seg. 

Himmel og jord gjekk mest i eitt i fargane. Heldigvis var stien lett  å gå på. Snødybden var ikkje så stor.

Alle fire damene hadde kledd seg godt. Me måtte pakka oss inne og ha hettene på. Eg hadde ekstra genser med i sekken. Den ullgenseren var eg rask til å ta på meg. Det var ikkje mange turgåarar å sjå. Berre i starten av løypa møtte me to andre friske turdamer som kom frå Steinkjerringa.

I mars fekk me mange dagar med usedvanleg godt turver. Tidleg i mars kjørde eg aleine til Bjerkreim  og parkerte på Moi ved Fv. 504. Snøen var vekke nedst i turløypa opp til Urdalsnipa. På Røyslandsvatnet låg eit tynt islag. Speglinga i vatnet viser kor stille denne dagen var, 07.03. 


Frå bikubene kom det ikkje ein lyd. Kvar gong eg har vore på tur her, står dei trufast nær Røyslandsvatnet. Så eg reknar med det er liv her om sommaren og om hausten.


Snøen dukka opp etter kvart som vegen snodde seg oppover. Eg trur ikkje det var såpass mykje at ein kunne ha tatt seg ein skitur. Sola gav litt varme. Vinden merka eg ikkje før eg var heilt på toppen attmed masta.


Den siste mandagen i mars, 28.03, fekk eg ny anledning til topptur på Høgjæren. To turvenninner ville ha meg med til Karten og Brusaknuten. Eg studerte vermeldinga i tilfelle det var meldt regn. Nei, sjanse for sol i tolvtida, sa Yr.no. Kor mykje vind som var varsla, tenkte eg ikkje på i det heile tatt. Det var meldt vind, mykje vind. Parkeringplassen til Karten og Brusaknuten ligg også temmeleg nær F.v. 504. Han ligg nærmare hovudvegen enn parkeringsplassen til Moisendaren. Før peilte me inn eit skur me skulle stå attmed. Skuret var reve. Berre nokre plankerestar var att og noko av innhaldet i skuret. Men det står ei høg mast som er eit godt landemerke her. 
Skodde hadde eg ikkje tenkt på. Skodda låg heller tjukk berre me kom bittelitt opp i høgda. 


Alle tre damene tenkte i sitt stille sinn at det ville vera uforsvarleg å prøva seg opp til Brusaknuten slik veret såg ut før klokka elleve. Me skulle akkurat leggja ein slagplan for vidare tur. Der kom sola såpass fram at skodda letta og me såg kor ruta gjekk vidare oppover. Ja, det var ikkje vanskeleg i det heile å finna røde merker. 


Eg hadde ikkje med ekstra klede på denne turen. Det kunne eg så vel ha hatt. Den første timen var kald i skodda og vinden. Seiare på dagen fekk eg låna varmare vanter.


Utsikt frå Karten 7. mars. Den dagen var mest vindstille. 


Frå Karten kom me oss trygt gjennom ein skog og opp ur og stein og så litt nedover. Store straummaster og fleire område med vindturbinar pregar landskapet. Dei er heldigvis lette å navigera etter. Himmelen vart ganske flott og blå jo lenger det lei på dagen.


Rundturen går her mot slutten. Gerd Elise og Reidun er fantastiske turvenner. Eg har ikkje funne namn på det vesle vatnet.


Gamle damer rustar ikkje så fort. Me går kanskje seint, men me held ut og kjem fram. Eg trur det vil gå nokre år til før me er like rusta som reiskapen her i målområdet.




Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...