onsdag 26. august 2020

Uventa turar i koronaåret

I mars skulle me ha reist til Gran Canaria berre to dagar etter at Norge stengde ned.
Dei første vekene etter 12. mars var me forsiktige kor me gjekk. Etter kvart fann me ut at me ville prøva turar der me tenkte det var få andre turgåarar. 

Eit barnebarn vart permitert under den første fasen av Covid-19-viruset. Då kunne farmor og barnebarn koma seg til Smøråsen, Grønåsen og Borgåsen i Hå kommune. Eg hadde vore på Grønåsen før, og berre der. Den gongen gjekk eg i ei gruppe. Godt var det, for stien var dårleg merka. Nå fann me fram som ingenting aleine. Stiane var særs godt merka. Hunden Atlas er fin å ha med på tur. Turdagen var i april.
Når du går denne turen i begynnelsen av mai, vil kusumra blomstra som eit gult teppe.


Frå Smøråsen kunne me lett sjå havet og heilt til Ogna camping. Helgåvatnet ligg i venstre biletkant.
Smøråsen er 155 meter over havet. Grønåsen ligg 164 moh.

Eg vart mest vemodig. Også her dukka det opp vindmøller i horisonten. Mest kor eg har vore i 2020 har det dukka opp gamle og nye vindmøller. Høg-Jæren vindpark trur eg det er.

Utsikten frå Borgåsen, 154 moh., er også flott. Klatreturen opp til Borgåsen kravde mest energi. Her kan ein finna den eine av to bygdeborger i Hå. På Borgåsen er det utsikt til alle kantar. Det er lett å forstå at plassen var ein stad ein kunne finna vern mot fare. Ned frå toppen var me ikkje heilt oppmerksame på røde merke. Plutseleg var me utav merka sti. Heldigvis visste me at så lenge me gjekk nedover, ville me finn fram. Dei røde merkene dukka opp att.
Ognatun leirstad ligg så fint attmed Helgåvatnet.
 

Kringlelia var det ei stund sidan me hadde besøkt. Ja, det var år og dag sidan. Midt i april kjørde me til 
Ålgård, forbi Skurve og fann avstikkaren inn til Kringlelia. Når du kjem nordfrå, må du sjå etter skilt til badeplass og svinga til venstre på E39. Kontrasten nytt og gammalt møtte oss ganske snart. Uthuset, kan henda ei uteløe for høy, ville ganske siga saman. I bakgrunnen var det kome opp ein del vindmøller på Skurve. Fleire vart det utover våren og forsommaren.


Heldigvis var det god parkeringsplass i området. Me parkerde etter at me hadde kjørt under E39 og så langt det var lov å kjøra. Etter å ha gått nedover mot undergangen ved E39, såg me ein betre plass for bilen. Den låg om lag midt på strekninga du har lov å kjøra inn. Landskapet er heller typisk for det ein møter i Gjesdal kommune. Her var fine småvatn, litt myr og steinete bakkar.


Nordlivatnet var øvste stopp for turen. Vegen gjekk vidare, men her var skilt om privat veg. Me fekk parkert bilen vår ved dette vatnet og gjekk nedover til E39 og tilbake. Turen var ikkje så lang. For dei som har friske bein, er det mange muligheter til ein lang eller ein kort fjelltur i området. Me møtte eit ungt par som tydeleg var kledde og utstyrde for fjellvandring.


Bjørndalsfjellet på Gramstad fekk eg ikkje med meg då Klepp frivilligsentral hadde topptur dit. For meg var det jo greitt at barnebarnet framleis var permitert i slutten av april. Gleda var stor over å koma opp. Turen var ikkje av dei striaste eg har gått, så den toppen kan eg godt ta fleire gonger. Me var heldige med godver og utsikt langt inn mot Stavanger og Storhaug.



Me har det gildt i lag på turane våre. Latteren sit laust.


Sandnes kommune har så ufatteleg mykje fin natur å by på. Eg blir stadig forundra over kor stor og variert kommunen er. Her har me ryggen mot Stavanger og Sandnes by.


Andre juli passa eg to andre barnebarn. Dei var villige til å vera med farmor til Hellvik for å leite etter
Hellvikbolten. Dagen før var dei med til Synesvarden. På denne turen var eg meir opptatt av ein turapp 
enn av ganske enkelt å lesa skilt og terreng. Med nasen i telefonen og turappen min, fann eg tre ruter som alle førde til Hellvikbolten. "Me tar stien til høgre", sa eg så kjekt. Eit skilt som viste veg til bolten enste eg ikkje. Her hadde eg jo gått før med ein son og ei svigerdotter. Berre det at den gongen kom me ned her. Så me gjekk og me gjekk. Humøret på dei to kunne ingen klaga på. Varmt var det.


Tida gjekk. Vatn hadde me med i fleire flasker. Likevel var det godt å bløyta ansiktet i ein liten sirlebekk. Vatnet her var lunka. 


Målet kom etter kvar lenger og lenger vekk då eg sjekka gps og turappen. Eg forsto eg hadde valt den lengste ruta. Klokka gjekk. Så eg spurde ungane om dei vart skuffa om me snudde før me var oppe. Då vart det berre glede. Det gjekk fint an å snu når me hadde gått så langt og naturen var så fin.
Biletet under viser koss bolten ser ut.


Gleda var stor hos alle då me fann den gode bekken vår att og visste at me var på rett veg. Då var det heller ikkje så lenge att før me ville koma til bilen. Heldigvis var turen merka med blått på steinar og stubbar. Dei friske, unge augene fann merkene fortast.
Og, her kunne me slå oss ganske laus og innta store mengder vatn og friska oss opp. 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...