lørdag 5. desember 2020

Advent, 5. dag

"Tenn lys!"
Første gongen eg høyrde denne adventssalmen, vart eg ikkje så veldig begeistra. Det var då songen vart framført i NRK-serien  Portveien 2. Den gjekk som julekalender i 1987.

Det gjekk nokre år før eg tok i bruk adventssalmen i skulen. Men då las eg teksten skikkeleg. Etter kvart har eg blitt veldig glad i:
"Tenn lys! Eit lys skal brenne"
Eivind Skeie laga teksten i 1988 til NRK-serien Portveien 2. Melodien har Sigvald Tveit laga.
Den gongen var det Eli Rygg og Terje Strømdahl som song. Teksten vart omsett til nynorsk i 2011. 
Eg skriv både bokmålsteksten og nynorskutgåva her.
Biletet er tatt på Håtangen, Nærbø i mars.

1. Tenn lys! Et lys skal brenne
for denne lille jord,
den blanke himmelstjerna der vi og alle bor.
Må alle dele håpet
så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.

Tenn lys! Eit lys skal brenne
for denne vesle jord,
den blanke himmelstjerna der barn og blomar gror.
Må alle dele vona
at gode ting vil skje.
Må jord og himmel møtast, eit lys er tent for det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...