lørdag 18. desember 2021

Advent 2021, 19. desember

Den fjerde søndag i advent, 19. desember 1971, fekk me ei vidunderleg julegåve. Då kom den første av tre sønner til verda. Mor og barn kom heim til julafta.
Både eg og Torfinn tok engelsk grunnfag ved sida av å ha halv lærarstilling på Klepp U. Undervisinga var i ein dyster kjellar på Stavanger bibliotek. Det laga seg akkurat slik at eg fekk med meg heile opplegget for hausten, fødde i juleferien og starta opp att etter seks veker heime. Etter jul hadde eg permisjon frå arbeid.


Eit spesielt minne frå den 23. september same haust har eg og. I pauser mellom forelesingar sat me studentar som sild i tønne på ein benk i ein trist kjellernedgang eller sto og hang. Denne dagen fekk eg lov å sitja. Den hyggelege dama som laga plass til meg, skreiv på eit fint kort. Eg kunne ikkje unngå å sjå kva ho skreiv: "Kjære Sonja, gratulerer med den vesle prinsessen."
Nyheter frå dagen før sat i meg. "I alle dagar", datt det utav meg, "skriv du helsing til kronprinsessa?"
Ja, ho gjorde det, for dei var bestevenninner. Meir vart det ikkje sagt om den saka. Ikkje med eit ord røpte den unge studenten noko meir om forholdet til kronprinsesse Sonja. Ho var lojal til venninna si. 
Tenk så fint å ha ei så trufast og god venninne.
Denne fjerde søndag i advent vil eg skriva dåpssalmen me song i vår førstefødde sin dåp.
"Milde Jesus, du som sagde." 582 i ny salmebok. Nå er salma  omskreven. 

1. Milde Jesus, dine hender
la du kjærlig på de små,
og du sa til dine venner 
at til deg skal barnet gå. 
Selv du ble til Herrens tempel 
en gang båret av din mor.
La meg minnes ditt eksempel 
når jeg hører dine ord.

2. Du til dåpen lot meg kalle 
da jeg var en liten knopp.
Skal jeg visne, skal jeg falle? 
Hjelp meg du å vokse opp!
Hjelp meg du å tidlig lære 
og å elske Herrens ord,
slik at jeg blant dine kjære 
kan få knele ved ditt bord.

3. Når jeg så skal ut i verden, 
aldri jeg alene er. 
Farer truer oss på ferden, 
men jeg vet at du er nær.
Trygt skal dine hender bære 
meg og søsken, far og mor.
La oss evig sammen være,
vi som var det her på jord.

Teksten er av E. M. Franzén i 1832. Nordahl Rolfsen (han med leseboka) har omsett til bokmål i 1892.
Melodien er like frå 1720 av J. J. Rousseau. Det må jo vera Jean-Jacques Rousseau (1712-1778). Han var songar, komponist, blokkfløytespelar og musikklærar i tillegg til mykje anna.








lørdag 11. desember 2021

Advent 2021, 12. desember

Eg leita etter julekort i ei skuffe. I staden fann eg gamle kassettar.  Ja, dei små rektanglane med lydband inni me spelte musikk frå.  Tittelen på kassetten eg tok fram er: "Visst skal våren komme". Songar om håp.
I salmeboka frå 2013 finn me salme 897: Å, denne kilde ren som paradiset,
Ei svigerdotter inviterte til konsert i Sunde kirke for mange år sidan. Der vart eg for første gong kjent med denne vakre salmen.
Songen vel eg for tredje søndag i advent.
Kusymra på biletet minner meg og om at visst skal våren koma, visst skal verda bli ny.


1. Å, denne kilde ren som paradiset,
den springer frem her like ved min fot.
Å, denne strøm fra dine dype kilder, 
gir meg tilbake helse, liv og mot.
Min kropp av feber, mine sprukne lepper,
mitt savn, min klage, min lengsel og min tørst.
Å, denne strøm fra dine dype brønner
gir meg tilbake helse, liv og mot.


2. Å, denne kilde ren som paradiset,
den springer frem her like ved min fot.
Å, denne strøm fra dine dype brønner, 
gir meg tilbake helse, liv og mot.
Du lar meg drikke.
Mine sprukne lepper,
min kropp av feber
blir lesket av din trøst.
Å, denne strøm fra nådens dype brønner,
du er min helse og mitt liv, mitt mot.


3. Du er min kilde, ren som paradiset
ser jeg deg nå med naglet hånd og fot!
Å, rike strøm fra dine dype brønner
gir meg tilbake helse, liv og mot.


Teksten er av Eivind Skeie og melodien av Sigvald Tveit

Salmeboka minutt for minutt nr. 897; 33,29

I adventstida er det godt å bli minna om at Jesus er kjelda med evig liv som veller fram. Kjelda spring fram like ved vår fot. Han er nær oss og ikkje langt vekke eller uoppnåeleg.

lørdag 4. desember 2021

Advent 2021, 2. søndag i advent

Andre verset og refrenget av Mary`s Lament kjem andre søndag i advent.
I programmet Julefrokost, som eg høyrer mest kvar morgon, speler dei ein ny cd utgitt av Rolf Løvland. Cathrine Iversen syng på denne plata. Her er mange vakre julesongar. Eg kunne ha skrive både den eine og den andre songen. Eg synest Cathrine Iversen har så mjuk og fin stemme til songane. Orda og innhaldet får koma fram utan at musikken overdøyver. 



And while your babe is asleep,
Why, Mary do you weep?
His path you see to Calvary.
You see his wounds so deep:
You shoulder now his Cross,
This night he first is born,
You gave him birth to die for us,
All on a Christmas morn.

She lullabyes so soft, so low,
She sees the crown and the thorn
She sings of how she loves him so,
But still her heart is torn, forlorn,

All on a Christmas morn.

All on a Christmas morn. 

Og mens barnet ditt søv, kvifor gret du Maria?
Du ser vegen hans mot Golgata. Du ser dei djupe såra hans: du kjenner børa av  krossen hans på dine skuldrar nå, denne første dagen han lever,
du fødde han for at han skulle døy for oss.
Alt dette skjer ein julemorgon.

Ho syng voggesongar, så mjukt, så lågt. Ho ser krona og tornene. Ho syng om kor høgt ho elskar han. Men hjarta hennar er likevel sundrive og trist. Alt dette skjer ein julemorgon.

Writer/s: Brendan Graham / Rolf Løvland

Advent 2021, del 2.

Eg hadde vel aldri trudd eg skulle skriva ein julesong på engelsk. Men i dag vert det slik. 
I NRK sitt program, Julekanalen, har eg i det siste lagt merke til ein song framført av Cathrine Iversen.
Songen blir introdusert som "Sagnet om julerosen" og at det er Rolf Løvland sin. Eg har nå leita på Internett og undersøkt. 
Songen heiter eigentleg Mary`s Lament. Lament er ein klagsong/klagetekst. Tekstforfattar er Brendon Graham. Etter ein del leiting fram og tilbake fann eg ut at norsk tekst ikkje var gitt ut offentleg ennå. Dermed skriv eg den engelske teksten eg fann. Så får eg prøva å oversetja innhaldet. Det vert berre ei heimesnekra oversetjing for å få fram meininga.





Mary's lament

Secret Garden

A Star shines brightly high
To tell a King is nigh, 
But Mary holds a baby,
No sound he makes, no cry.
She lays him in a manger,
This night he first is born,
To keep him safe from danger,
All on a Christmas morn.

She lullabyes so soft, so low,
She sees the crown and the thorn
She sings of how she loves him so,
But still her heart is torn, forlorn,  
All on a Christmas morn.

Ei stjerne skin klårt frå det høge for å varsla at ein konge er nær. Men Maria held eit lite barn. Han lagar ikkje lyd, han grin ikkje. Ho legg han i ei krybbe denne første natta han lever. Alt dette skjer ein julemorgon.

Ho syng voggesongar, så mjukt, så lågt. Ho ser krona og tornene. Ho syng om kor høgt ho elskar han. Men hjarta hennar er likevel sundrive og trist. Alt dette skjer ein julemorgon.

søndag 28. november 2021

Advent 2021, del 1.

I fjor laga eg nokre innlegg i adventstida. Då skreiv eg ein adventssalme eller julesalme kvar dag i tjue dagar. Dette året vil eg ikkje ha så mange innlegg. Men eit blomsterbilete kvar søndag i advent fekk eg lyst å visa. Til biletet skriv eg ein salme eg liker godt.


Denne blomsten veks i ein fin hage som tilhøyrer ein spisestad på Evje.

Salmen er skreven av Karl Marthinussen i 1954. Melodien er av Alfred Lunde omkring 1955. Alfred Lunde var organist, komponist og gardbrukar frå Austre Åmøy. Han levde frå 1894 til 1973. Eg fann ut at han var i slekt med Gjertrud Sand Røre. Fru Sand Røre, sa me då ho var songlærar for oss på Hetland Høgre.  Denne salmen liker eg særs godt. Karl Marthinussen var biskop i Stavanger bispedømme 1949 til 1960. Mens eg gjekk på skulen, hadde me frå tid til anna bispevisitas. Så det er ganske sannsynleg at eg har møtt denne biskopen på Kvaleberg skule.


1. Ja, en gang mine øyne skal 
se Kongen i hans prakt;
få tilbe i hans tempelhall
hans nåde og hans makt.
I et krystallklart hav av lys
forsvinner tidens natt og gys,
forvandlet blir hver gåte her 
til lovsangsjubel der. 

2. Og salighetens tonevell
skal bruse som et hav,
som sus av skog en sommerkveld
når himlen er som rav.
Og gjenfødt all naturen er,
og ingen skygge faller mer.
Og alt av skjønt mitt øye så,
ny glans og glød vil få.

3. Men skjønnest er det dog å se
Guds Lam så underbart,
med merkene fra korsets tre
av seirens glans forklart.
Og dette lys er mer enn sol,
det er Guds gylne nådestol.
og støvets drakt som her meg bandt,
blir klar som diamant.

4. Så er jeg frelst, så er jeg fri,
så har jeg vunnet frem.
Så er min strid med et forbi,
så er jeg i mitt hjem,
det hjem som min Frelser lovet har
hver den som korset med ham bar,
Guds paradis, vårt rette hjem,
det ny Jerusalem.

lørdag 6. november 2021

Strandvandring på Jæren. Viste i Randaberg til Brutt lenke i Stavanger kommune.

Den siste turen i prosjektet Strandvandring på Jæren gjekk frå Viste standhotell til monumentet Brutt lenke. Viste ligg i Randaberg kommune. Onsdag 29. september var det ikkje mindre enn over førti turvandrarar som ville vera med på avslutningsturen. Leiar for Frivilligsentralen i Sola gjorde avtale på Viste strandhotell om varm kaffi, kakao og nysteikte vaflar då me kom tilbake. Denne turen var ein tur-retur vandring. Det var på ein måte vemodig å ta siste strandvandringssturen. Men i vår kan eg jo ta nokre av desse turane aleine eller salman med familie. Turstien frå Viste og sørover var fint tilrettelagd for den som kan gå. Eit par stader var det heilt umogleg å koma forbi med el-scooter.

Eg startar med målet for turen. Brutt lenke ligg på Måkeberget med adresse Hafrsfjord i Stavanger. 


Me passerte Vistestranda og gjekk sørvestover langs Visteviga. Frå denne stranda kan ein og koma til Vistehola. Då må ein gå nordover frå hotellet. Det går og fint an å kjøra Goaveien nordover og ta utgangspunkt til hola derifrå. Nå var det år og dag sidan eg hadde vore på Viste. Hotellet er overtatt av Kirkens bymisjon.


Litt av den store flokken. Her er me på veg mot Goabukta. På dei aller fleste turdagane fekk me opphald og gløtt av sol og god temperatur.


Viste hageby båthamn, meiner eg det er. På kartet viser det til Goavika. Det var ikkje rett få båtar å velja mellom.


Det var mange fine, store hus i området.


Turvandrarane har godt med klede på. Likevel kjendest det ikkje kaldt ut. Dei fleste var nok vel varme etter kvart.


Frå svingen kan ein sjå Slettesvigå. I området held Kvernevik båtforening til. Herifrå er det ikkje lange styket til målet for turen.


Monumentet Brutt lenke ruver godt i landskapet. Eg har ikkje opplevd det frå sjøsida. Men eg vil tru det viser ganske godt for dei som er i båt. På land kan ei sjå ut mot ope hav og Nordjøen. Vistnestangen fyr ligg på pynten på andre sida av bukta. Alexander Kielland monumentet er til minne om dei omkomne etter boligplattforma Alexander L. Kielland ulykka 27. mars i 1980.
Det kjem ei viss høgtid over forsamlinga når me er her. Ulykka var den verste i Nordsjøen på norsk område sidan andre verdskrig og er den største industriulykka i Norge.


Dette biletet er frå 2017. Dagen var så solrik og veret så stilt. Alexander Lange Kielland plattforma kantra i høg sjø. Av 212 personar om bord, overlevde 89. 123 omkom. 87 av desse vart funne og 36 forblei sakna. Etter snuoperasjonen i 1983, vars seks personar funne.
Staden var eit flott val som avslutning på tolv strandvandringar. Til neste år håper eg det vil verta tur like frå Tungenes fyr og så sørover til Sirevåg.













onsdag 3. november 2021

Strandvandring på Jæren. Madla til Hestnes.


Sverd i fjell monumentet har eg besøkt meir ein gong. Det ruver godt ved Møllebukta på Madla, inst i Hafrsfjorden i Stavanger kommune. Monumentet er laga av Fritz Rød frå Bryne. Det vart avduka av Kong Olav i 1983. Dei tre store sverda er sett ned i svaberget til minne om slaget i Hafrsfjord 872. Då samla Harald Hårfagre Norge til eit rike.

Onsdag 22. september begynte ganske grå. Etter kvart steig temperaturen. Sterkt solskinn vart det ikkje, men veldig greitt turver.


Deltakargruppa hadde plutseleg endra seg. Fram til nå kunne eg kjenna att ganske mange av dei som tok turane Strandvandring på Jæren. Men då me starta i Stavanger, var det mest ukjende personar me møtte. Nokre damer frå Hå var med på alle turane. Likeeins nokre glade turvandrarar frå Klepp. For oss som fekk med oss mest alle turane, vart det ei stor og minnerik oppleving.


Det var ganske rart for meg å gå tur på Madlasandnes. I barndom og ungdom var dette området heilt utilgjengeleg for oss på Vaulen. Alle markene her var privat eigedom og stort sett var det gardsdrift i området. Langs Møllebukta såg me over til Ytraberbegret i Sola kommune. Stien var veldig forsegjort store deler av turen.



Fram til dette punktet var turstien oppgrusa og lett kjørbar for rullestol eller el-scooter. Ved trappa ned mot sjøkanten var det berre folk til fots som kunne ta seg fram. Eg såg ein far med barnevogn. Han måtte ut av turstien og inn i eit byggjefelt for å koma vidare.


Det er ikkje ei ny hytte som er under oppføring, men eit slags utvida naust. Fleire av dei gamle nausta som hadde vore her i årevis, var ombygde til småslott. Ulempen for eigarane var at turstien gjekk totalt kloss i husveggen rett som det var. Arbeidarane gav meg lov til å bruka biletet til kva eg ville.


Stien går kloss i garasjedører. Men eit stykke sørøver kunne me helst stryka handa over hageborda og mest ramla inn i nokre ombygde naust. Det er flott for oss som går. Når trafikken er stor, kan det nok verta i meste laget for bebuarane.



Praktfulle, velstelte hagar og spesielle hus tusla me forbi.


Nye sjøhus kunne sjå noko nakne ut. Likevel likte eg at dei var så forsiktige og ikkje tok blikket vårt vekk frå Hafrsfjord og utsikten til Sola.


Restar av reinfann mot Hafrsfjord. Under Karl den store vart det påbudt å dyrka planten. Frå 1600-talet hadde reinfann stor betydning som middel mot innvollsorm. Planten kan brukast mot gulsott, nyresjukdommar, lopper og lus. For fleire år sidan hadde me med oss barnebarn til fortidslandsbyen Landa i Forsand. Omvisaren vår snakka då varmt om kor viktig det var for folk å bruka reinfann.
På denne turen langs Hafrsfjord følte eg verkeleg eg var på historisk grunn.



tirsdag 26. oktober 2021

Strandvandring på Jæren. Sola kulturhus til Ytraberget i Sola.

I Sola kommune gjekk strandvandring nummer to frå Sola kulturhus til Ormen Lange i Sørnesvågen onsdag 8. september. På denne turen hadde eg følgje med Reidun Håland. Me ordna oss med skyss frå Sørnesvågen til kulturhuset mens den eine bilen sto att der. Men me kom jo fram til at me trygt kunne ha spasert sørover til Sola kulturhus etter at bilen var parkert. Så lærde me det til ein annan gong. Septemberdagen kunne by på 17 grader etter kvart. Dei aller fleste turgåarane hadde rikeleg med klede på seg etter forholda.


Frå Klepp var me minst fire personar. Først måtte me runda Sola kulturhus og kom parallelt med Fv. 510. Då me nærma oss Fv. 509, gjekk heldigvis stien under vegen og me kom i rolegare turområde.


Dette praktbygget tilhøyrer Atea. Støyen frå Fv. 509 var ganske stor her ei stund. Så det var godt å finna ein undergang som leda oss langs Sømmevågen. Eg hadde aldri vore på denne turstien før.


Det var ein fryd å gå langs Sømmevågen. Her har me nok vore i fly over bukta meir enn ein gong. I bestemte vindretningar må flya ta av over og fly inn over Sømmebukta før dei landar på flyplassen på Sola.


Det meste av turstien var tilrettelagd slik at ein kunne kjøra her med el-scooter eller rullestol. Men eit par plassar var det heilt umogleg for ein scooter å koma over nokre ulende parti. Det var berre nokre meter her og der. Me får håpa at Sola kommune får betre avtalar med grunneigarane slik at dette kan retta seg.


Her vil det det verta bråstopp for rullestol, t. d. 


Det var ikkje rare vinden under vandringa. Her er turfølgjet kome til Sørnesvågen og skulpturen Ormen Lange. Det var berre ein treorm som bukta seg litt på land og litt i vatnet. Eg vart ikkje akkurat imponert.
Det kan jo vera interessant for ungar.


I Sørnesvågen kunne me benka oss rundt fleire bord og benkar og nyta nista. Turen var eigentleg slutt her. Ganske mange av turgåarane ville oppdaga litt meir. Etter ein matbit og kaffi tok me ein sti som førde ut mot Ytraberget. Her er ein minnestein med påskrift av kong Olav. Over hans namn er namnet til Harald (Hårfagre) også rissa inn. Som ein del av nasjonalromantikken på 1800-talet, blei slaget ved Hafrsfjord vurdert som sentralt i Norges historie.


Det står Harald 872 og Olav 1972.


Holmar mellom Sola og Stavanger i Hafrsfjord. Me ser over mot Madlasandnes. Der gjekk neste tur.












mandag 11. oktober 2021

Strandvandring på Jæren. Reke til Sola strandkapell.

Dei siste fire etappane for Strandvandring på Jæren sto Sola kommune for. Desse turane hadde eg sett mest fram til. Strekninga frå Sirevåg til Hellestø har eg jo gått fleire gonger i livet. Unntaket var den sørlegaste delen av Orrestranda. På Sola var eg godt kjend på Reke og sjølve Solastranda. I barndommen kunne me bada og sola oss alt me ville på Vaulen badeplass. Men så kom søndagane der far spesielt ville ut på sykkeltur og dagstur til Solastranda. Før eg vart sju år, sat eg bakpå hans sykkel. Eigen sykkel fekk eg først då eg var tretten år. Ei stund måtte eg låna mor sin grøne Olly sykkel. Han var lett å trø. Men bremsene det heller usikre. Litt trafikkfarleg.
Nå var det år og dag sidan eg hadde vore på Sola på stranda. Nok ein gong fekk me vidunderleg turver den 8. september.


Parkeringslassen ved Sola gård var stor nok for både vår gruppe og andre turgåarar. Eg fekk minne i hovudet. Då me måtte finna soleplassen vår så langt sør i barndommen, var det fordi stranda var totalt fullsett av familiar. Eg vart sendt barbeint til Sola gård for å henta vatn til mor og far sin kaffikjel. Det var litt skummelt. Men dei som dreiv garden var alltid velvillige og hyggelege, så vatn vart det.


Turleiarane i Sola Frivilligsentral førde oss først eit stykke nordover. Området her hadde ein del interessante hytter. Dei var veldig små, men i minst to etasjar. 


Her kan ein sjå korleis hyttetunet er laga.

Regestranda med utsikt til Solavika.


Sola strandhotell. Veret vart berre varmare og varmare. Hotellet speglar seg i ein stor pytt.


Dei med gule vestar er frå Sola frivilligsentral. Minst tre andre damer er frå Klepp. Me var godt representerte på kvar tur.


Sommardag vart det heilt og fullt då me kom fram til Sola strandkapell. Eg lurer på om det er Rott me kan sjå i horisonten. Noko heiter Søre Vardholmen og ligg vest av Stranden og Kolnes.


Eg står rett ned av kapellet og ser nordover.


Sola strandkapell eller Strandleiren kapell vart bygd i 1950. Det er bygd i tre og har sitjeplass til 60 personar. Turen var så kort at me tok returen til bilen ved Sola gård etter kort kaffipause. 















lørdag 2. oktober 2021

Strandvandring på Jæren. Vik til Orre.

Strandvandring på Jæren hadde ferie mest heile juli. I august var Klepp kommune ansvarleg for fire turar langs stranda. Den 11. august gjekk turen frå Vik til Orre Friluftshus. Med lokalkjende folk som turleiarar, fekk me oppleva å koma til Wiig-gardane. Første stopp var ved eit klyngetun. Dette tunet kan ein ikkje sjå frå Fv. 507, i alle fall ikkje slik utan vidare. 

Husa såg ut til å vera i veldig godt i stand. Her har nokon sans for å ta vare på historia.


På veg ned mot stranda passerte me eit vakkeret, gammalt hus. Det var kjekt å sjå kor fint det var tatt vare på.


Dette var også ein av dei mange, vakre sommardagane i 2021. Det er ikkje mange bølger å sjå i Nordsjøen. Nokre skarvar har funne seg ein god kvilestein.


Med som los hadde Klepp Frivilligsentral Jan Wiig. Han kunne fortelja om skipsforlis og kva som vart brakt i land for over hundre år sidan. Kvar vik ved sjøen hadde sitt namn som han fortalde om. Ganske kort tid før denne augustdagen, hadde Jan Wiig vore med på NRK sitt sommarprogram med seglbåten Statsraad Lehmkuhl. Han kunne røpa at turen frå land i ein gummibåt og ut til den staselege seglbåten hadde vore ganske strabasiøs. Kanskje helst i overkant farleg. Han og minst ein mann til hadde med seg ein heil gris og store mengder grønsaker til Statsraad Lehmkul. Eg såg programmet og forsto at dei var søkkvåte etter å ha streva i store bølger.


Orrestranda har eg vore på mange gonger. Men denne sørlegaste delen kjem ein ikkje til slik utan vidare. Då må ein gå gjennom tunet til dei som bur på Vik. Hytta me skimtar mot nord på biletet, har vore snupunkt for meg når eg elles går på Orrestranda. 


For å koma frå den sørlegaste delen av Orrestranda og til Orre Friluftshus, må ein gå opp til Fv. 507. Til alt hell hadde me med oss turleiarar som var lokalkjende. Ein av dei var Brynhild Wiig. Ho var ein av elevane eg hadde i tida på Klepp ungdomsskule. Nå loste ho oss langs gulrotstykke og små stiar på rett veg til hovudvegen. Elva som renn ut ved Orre, høyrer til Orrevassdraget. Ho kjem frå Orrevatnet og heiter Orreåna.



Orrestranda slik me kjenner henne best. Det var utruleg kjekt å få oppleva den sørlegaste delen av denne stranda i tillegg til den kjende delen.


Her er me nett ferdige med matpausen og klar for siste etappe inn mot friluftshuset. Dei aller fleste turdeltakarane har etter kvart fått av ytterjakkane og meir til. Lurast var dei som hadde valt kortbukse.

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...