onsdag 16. oktober 2019

Hytteblogg 2

Ettersom ungane vaks til, vart me berre to vaksne som brukte hytta. Slik var det nokre år før det kom barnebarn. I dei åra tok me oss dagsturar opp i Setesdalen eller kjørde til Arendal berre for å oppleva noko meir enn vårt hytteterreng. Ein haust var me så lure at me bestilte overnatting på Sølvgarden Hotell & Feriesenter i Rysstad. Det vart ei oppleving me vil hugsa lenge.
Frå hotellet var det kort veg til flott tursti opp mot høgfjellet. Gode sko hadde me på. Først måtte me gå gjennom eit ørlite byggjefelt. Ja, så mange hus var det ikkje. Men me gjekk på asfalt og så på ein grusveg. Rundt ein sving vart me først mest mållause av synet som møtte oss. Så trur eg begge bar over seg av forskrekkelse. Nøyaktig spikra opp etter nummer hang desse tanngardane til elg som nyleg var felt. I alt var det 12 spikar. Fleire av bileta me tok vart skudrete, for me blei mest skjelvne av synet. For lokalbefolkninga var dette nok eit kvardagsleg syn.

Eit syn som etter kvart har blitt vanleg for oss, er markering etter elg. Her har elglorten lege ei stund. Fersk elglort er kolsvart og blank. Dei ti første åra me brukte hytta, møtte me elg mest på kvar tur. Av og til gjekk elgkua saman med kalven sin. Då var me snare til å gå vekk frå elgen og ikkje mot dei.
Berre ein gong kom eg så nær ein elg at eg fekk hjarteklapp. På ein blåbærtur reiste plutseleg ein elg seg etter ein middagslur. Han var ikkje mange meter frå meg. Heldigvis luska elgen vekk før eg fekk heilt panikk.


Frå 1983 og til 2006 hadde me ein bratt og ofte våt sti opp frå parkeringsplassen og til hytta. I alle desse åra bar me absolutt alt me trengde i sekk eller på skulder nokre hundre meter i skogsterreng og opp brattbakken for å få mat og varer inn i hytta. Omn, kjøkkeninnreiing, vatn. Alt måtte berast oppover. Det gjekk fleire år før me oppdaga at me kunne gå nokolunde beint mot aust til ein annan bekk etter vatn. Stor revolusjon. Men så kom det endringar i feltet. Fleire hytteeigarar ville ha veg fram til  hytta si. Slik gjekk det for oss og. Her er brua over bekken mellom ny parkeringsstad og hytta under arbeid. Den 22. juli 2006 fekk me telefon om eit nyfødd barnebarn. Då fata Torfinn og eg det mest nødvendige å ta med for ein tur heimover. Me jubla over at me kunne springa over brua og så gå rett inn i bilen og koma til SuS. 



Dette var ein gong berre lynghei og myr. Det gjekk mange år før me i vår villaste fantasi kunne sjå for oss at me skulle få hytteveg her og parkeringsplass så nær hytta vår. Det gjorde veldig godt!




Kva har eit slikt bilete med hytteliv å gjera? Jo, det skal eg fortelja. Seint om hausten i 2009 skulle me få i gang aggregatet kort tid før me skulle reisa heim. Det meste var pakka. På denne tida av året må me bæra alt vatn inn frå bekken, så me hadde ei full vassbytta att. Eg kan ikkje fortelja heile historia, men plutseleg høyrde me ein fæl lyd utanifrå. Me har vore ute for flaum ein gong. Då høyrdest det ut som torever. Dette likna. Torfinn var denne dagen raskare enn lynet. I gangen fata han brannsløkningsapparatet og kom seg bak tilbygget der buene er. Før den heilt store katastrofen svært godt kunne ha vore utfallet, fekk han sløkt brann i aggregatet. Budøra hadde blese ut og låg og skalv i terrenget. Alt som sto i bua, vart øydelagt av skummet i sløkningsapparatet. Men gassflasker rett attmed og inne i annekset bak bua eksploderte altså ikkje. Då eg fekk summa meg, kom eg med bytta med vatn og heiv på den eine veggen som hadde vorte svart. Me fortalde sanninga til forsikringsselskapet, og fekk att for aggregat og litt til.




På ei hytte kan ein helst ikkje leggja seg ned og kvila. Det er alltid noko å gjera. Er det ikkje eksplosjon, så er det snø. Ein vinter kom det så ubegripeleg med snø. Det svarte holet er opninga til inngangsdøra. Me begynte å spa laus snø før eg kraup ned i holet og kom inn i hytta. Dermed gjekk det ganske lenge før me fekk opp varmen. Då var lærdommen: fyr først, spa etterpå. 


Nå har me heldigvis flest gilde opplevingar med lange turar til fots eller på ski. Frå den opprinnelege vinterparkeringsplassen og opp til  hytta tok det om lag ein halv time å gå på ski. Framskrittet var stort då me fekk den første snøscooteren. Han var stor og tung, men låg fint på snøen også når føret var mindre bra. Eg kom aldri lenger enn til å posera på scooteren.


Far og son har gjort uendeleg mykje arbeid i og rundt hytta. Svigerdottera vår let mannen ta ei heil ferieveke for å hjelpa mor og far med tungarbeid og grovarbeid etter at me utvida 
hytta. 


Stangeråsen og Tveit er nær hytta vår. Ein flott og lang tur er å gå til Abusdalen. Det hende at Torfinn og eg først gjekk opp til Abusdalknuten og så vidare innover til Abusdalen. Då ende me til slutt opp ved Stålevann og så heim til hyttefeltet. Ein slik tur må ein rekna fem timar på. Her trur eg det må vera nær Fjordunvatnet. I alle fall fann me ein nydeleg bekk i dette området med naturlege sitjeplassar i så lenge det var tørt.

Rett under Stangeråsen støtte eg på denne fuglen for ikkje lenge sidan. Det gjekk ei stund før han oppdaga meg. Eg sto murande stille og prøvde å fanga fuglen med kameraet. Nå hadde eg ikkje noko særs til linse for fuglebilete, men du kan sjå at det er ein grønspett. I området nær hyttene er det ikkje uvanleg med flaggspett.



Siste bilete er frå Stangeråstjern. Iskappa har så vidt lagt seg over vannliljene. For det aller mest er hyttelivet ei fredeleg oppleving.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...