fredag 19. juni 2026

Februar 2026

I slutten av februar gjekk eg tur frå parkeringsplassen på Borestranda og sørover mot Reve hamn. Det var framleis vinter og markene hadde blitt skikkeleg brune. Heldigvis var det tåleg tørt på stien. Me hadde ærend på Hinna i februar. Då spaserde eg forbi gravplassen så langt vegen gjekk. Turar til Sele er alltid kjærkomne. Når me bur i Kleppekrossen, vert det færre turar til Sele enn til Vik. Den siste strandturen min i februar gjekk til Vik.

Biletet er tatt nord for Ragarvika.
Det var bølger frå Fuglingane og sørover mot Ragarvika.

Eg går av og til på øvste stien langs steingardar som grenser til jordene på Hodne. Utsikten er flott. Men om sommaren går kyrne også her, så ein må alltid fylgja med når dei er ute.

Dei første åra me var gifte, var det ikkje nokon diagonal på Hinna. For å besøkja mor og far på Vaulen, kjørde me inn frå Solavegen mest akkurat der biletet er tatt og forbi gravlunden og vidare nordover inn på Gamlevegen. Nå kan ein ikkje kjøra Gamlevegen for å koma til Vaulen lenger. Frå Hinna og nordover til Vaulen og Hillevåg må ein ta Hinnasvingane. Midt i januar kjørde eg etter gammal vane inn på Gamlevegen då me skulle til Vaulen. Då måtte eg snu på ein femøring i det gamle krysset Hinnasvingane/Gamlevegen og koma meg tilbake til Hinna. Den utbetra vegen i Hinnasvingane hadde fått ein tunnel. Der var det berre å kjøra på lykke og fromme. Eg såg ikkje mange skilt til forklaring om kva felt eg skulle ta. Me kom fram til rett stad.


I begynnelsen av februar var eg på ei samling for Seniornett Norge på Strawberry Hotell Recidence, Sandnes. Der vart eg overraska over ein fabelaktig utsikt frå ein takterasse på hotellet. Me ser vestover i Sandnes.

I slutten av februar fekk me ein av desse klåre vinterdagane. Eg vert alltid overraska over kor mykje lys me alt har fått så tidleg på året. Det er kjekt å ta bilete.
Ikkje lenge biletet før vart tatt,  hadde me god vind. Denne dagen kom  nokre høge bølger som slo over vraket på Sele.

Ein skal vera god detektiv for å oppdaga fjøreplytten. På Selestranda var det ein heil koloni. Fjøreplytten er lynrask til å forflytta seg.

Ein stille dag på Vik ved utløpet av Orreåna.
På Vik får eg lett kjensla av noko uendeleg. Eg vert ikkje lei av å gå tur der og berre gå i ro og stilla og nyta havet.

lørdag 14. mars 2026

2026 Januar.

I 2026 fekk me uventa mykje kulde i starten av året. Det var ein stor fordel angåande turver. I januar hadde me mest ikkje regn. Eg kunne ta turar på frosen utmark eller til strendene. 


Anda ligg ikkje mange minutt frå blokka vår. Det er så merkeleg i Klepp når ein berre kjem nokre meter opp i høgda. Då får ein fantastisk utsikt. Frå denne delen av Anda ser me mot Stasjonsvegen som går frå Kleppekrossen til Klepp stasjon. Vegen ligg skjult i eit søkk midt på biletet. På nordsida av vegen kan me sjå ein kvitmåla trafostasjon som ligg langs Postvegen. Om kvelden kom biletet på vermeldinga.

Postvegen går nedover og nordover mot Stasjonsvegen. Denne delen av Klepp er framleis jordbruksområde.

Her er eg på Fjogstad og har tatt meg litt ut på eit jorde. Steingarden går nordover mot Fjogstadvegen.

Litt snø fekk me og i januar. Me hadde ærend på Forus. Eg tusla rundt med fotoapparatet mens eg venta på nokon. Dette biletet kom så på vermeldinga om kvelden.


I Kleppeloen er ungane heldige. Når det er kaldt nok, vert det sett opp ein snøkanon. I denne akebakken kan små og store kosa seg over fleire dagar. I år varde snøen ekstra lenge.


På Haugabakka. Frå blokka kan eg ta ein kjerreveg opp til Braut og koma meg over eit jorde til Haugabakka. Også dette biletet vart vist på vermeldinga.


Murkanten er ringen rundt eit minne frå krigen. Knickebein er det tyske Luftwaffe sitt første presisjons-radionavigasjonssystem for nattlege bombeangrep under andre versdkrig. Frå denne plassen er det full oversikt vestover mot havet, Nordsjøen. Men det viste seg visst å vera lite effektivt.


Saman med ein son og nokre barnebarn som er ungdommar, dro me til Nærland ein helst helst kald søndag i januar. Turen varde ikkje så lenge. Me måtte berre gå ruta fort og koma i hus og få varm mat.


Heilt sidan eg begynte med strandvandring, hadde eg aldri gått frå Skeie til Vik. Då Frivilligsentralen i Klepp arrangerte Strandvandring på Jæren, var dette ei strekning me let vera å gå. Klepp hadde visst ikkje så god avtale med grunneigaren. Sidan det var så fin frost i jorda i januar, bestemte eg meg for å ta den strekningen også. Eg parkerte på Refsnes og gjekk eit godt stykke nordover. Heilt til Vik gjekk eg ikkje. Det siste strekket skal eg ta frå Vik og sørover.


Frå Skeie og nordover var det ikkje mykje sand å sjå. Eg vart litt overraska kor steinete turstien var. Vinden var ganske iskald denne dagen. Vottane mine var heimestrikka og litt kalde. Det var greitt å koma til ein varm bil etter kvart.


Etter at me flytta, har det blitt noko sjeldnare med turar til Sele. Heldigvis fekk eg nokre turar der og i januar. Det er så trygt å avslutta med Feistein fyr på netthinna.


søndag 5. oktober 2025

Sokndal og Sogndalstrand 2025

I slutten av juli trilla me i bilen vår til Sokndal kommune i Rogaland. Her ligg Sogndalstrand, ein freda tettstad. Frå Klepp tar det ein time og tjuefem minutt å kjøra 86 km til Sogndalstrand etter det gps- ein seier. Men det er fort gjort å bruka meir tid på smale, svingete vegar. Fv. 44 frå Klepp til Egersund har ikkje akkurat nokon god standard. Men du all verda så mykje spanande det er å sjå langs ruta. Når ein har passert Egersund, vert vegen kalla Sokndalsvegen. På denne strekninga tok me det med ro.

Elva Sokno vert kalla  Litlå (på kartet) siste delen før han renn ut i havet ved den ganske verdharde kysten av Dalane. Om sommaren kan det verka romantisk og kjekt å bu i dei gamle husa nær elva. Om vinteren trur eg det kan vera ganske så hustrig.

Denne sommardagen i slutten av juli kom me fram til Sogndalstrand tåleg tidleg om føremiddagen. Då fekk me gatene mest heilt for oss sjølve mesteparten av tida me var der. Den elektriske rullestolen tar seg fram i smale gater og litt i nokre bakkar. For oss er det ein fordel når gatene har asfalt og ikkje grus eller brostein. I 1880-åra hadde Sogndalstrand 550 innbyggjarar. Nå bur det ikkje mange fast der. Mange av husa er nytta som feriestad.
Sogndalstrand Kulturhotell har stått på ønskelista vår i fleire år. Me har besøkt Sogndalstrand tidlegare også. Då vart det ikkje noko restaurantbesøk på oss. Denne gongen sto til og med døra vid open og ønskte oss velkommen. I tillegg var me utruleg heldige som fekk eit bord utan å ha bestilt på førehand. Berre ein time etter at me kom inn dørene, ramla det inn eit nederlands reiseselskap. Og gjestene derifrå fylte lokalet til randen. Vårt bord fekk stå i fred.

Ei tysk dame me kom i snakk med, ville ta bilete av oss to saman då ho såg eg fotograferte ein del. Ho og mannen hadde nå budd mange år i Australia. Derifrå reiste dei frå tid til annan på ferie i Norge. Sogndalstrand er for meg litt utanfor allfarveg. Turistar frå alle delar av verda finn likevel fram.

Om lag midt i Sogndalstrand går det ei bru over Litlå.

Eg gjekk over brua både på veg ned til havet og på vegen opp att. Då sto det plutseleg ein fin sykkel der. I bakgrunnen ser me hytteeigarar som strevar med å fjerna høgt gras og buskas og sikkert små bjørkespirer.

Etter at me hadde fått nyta ei vidunderleg fiskesuppe og fish&chips, tusla med i den fargerike gata. Sogndalstrand er den einaste tettstaden i Norge kor både trehusbygningane frå 1700-talet og 1800- talet og kulturlandskapet omkring er freda av riksantikvaren.
Sparken kan nok koma godt med vinterstid. 

På heimvegen kjørde me først nedover Fv 44, Åna-Sira-veien til Jøssingfjord. Her må ein ha gode nerver og tunga beint i munnen for å halda seg på rett kjøl.Denne dagen var parkeringsplassen med godt utsyn ned mot Jøssingfjorden heilt full av turistbilar. Me kjørde ikkje heilt til endes av Fv 44, men snudde og snigla oss opp att. Frå fv 44 tok me så av langs Fv 501 litt før Rekeland. Vegen førde oss til Heskestad og E 39.
Nokså snart måtte me stoppa og sjå på hesjene i Nedre Rekeland. Det er etter kvart utruleg sjeldan me opplever å sjå så fine hesjer i vår del av Rogaland. Noko av høyet var alt vekke. Mannen i huset vårt måtte tenkja tilbake då han strevde med å setja opp gjerdestaur, strekkja ståltråd og så det tunge arbeidet med å lessa på høy. Eg som vaks opp nær by, forsto ikkje kor tungt slikt arbeid var. For meg såg det berre hyggeleg ut. 
På kartet kan ein sjå at Rekefjord også kan vera eit mål når ein er i Hauge i Dalane. Kystlandskapet er meir interessant for meg enn den siste innlandsvegen me tok til Heskestad. Langs den vegen vaks det mykje tre og delvis skog. 


mandag 30. juni 2025

Lyefjell. Varden, Ulvatjørn og Stubbanuten.

Lyefjeell har eg høyrt mang ein gong har fint turterreng. Det har berre aldri blitt noko av at me kjørde til Lye for å gå i heia der. Ei venninne spurde om eg ville bli med. Då bar det av garde forbi Bryne. Der kjørde me inn på Fv 506, Ålgårdsvegen. På Lye tok me av til Lyevegen. Eg kunne kjøra vegen heilt til endes forbi Monsanut barnehage.. Der var akkurat plass til to bilar for parkering før stiane inn i terrenget. Ein bil sto der frå før. Me fekk fint plass til vår bil.
Rett ved vegen var det skilting til Varden. Stien inn i skogen var noko blautt. Eg hadde nokså nye, kraftige joggesko. Heldigvis greidde eg å koma fram utan å verta våt i sokkane. 

Den første etappen inn til Varden var heller enkel. Terrenget var ikkje så bratt. Fleire markeringspolar var nymalte. Ved Varden møtte me ein turgåar som peikte ut retning for å koma til Ulvatjørn. Begge damene hadde ein turapp, "Trimpoeng". Me fann fram telefonane og sjekka at me heldt oss i den blåmerka løypa. Men så gjekk tatlet. Plutseleg såg me at me hadde kome ut av løypa. Då rota me oss over ei myr og gjekk i retning av det me meinte måtte vera Ulvatjørn. Endeleg kom me til ei merka sti. Men her var rødmerkene veldig svake, så her måtte ein skjerpa seg for å fylgja med.

Stien går ganske kloss i vatnet. Også her var det ganske blautt. Eg måtte sikta ut av løypa og treffa tuer eller steinar for å halda meg tørr. Det greidde eg her og.


Å, det er så godt med merking av løypene. Takk til dei som oppdaterar turstier.


Mykje av terrenget såg slik ut, i alle fall for oss som var der første gong.


Me vert litt små på ei stor myr. Kari leitar etter telefonen for ny rutesjekk.

Gåstavane kom godt med. Av og til måtte me forsera småbekker. Frå Ulvatjørn var det grei skuring ganske lenge på stien vår. Men så kom me til eit vegskille der det mangla opplysing om retning til Stubbanuten. Då måtte teknologien hjelpa oss. "Er du på på blå sti?" "Ja, alt stemmer her."
Etter eit nokså blautt skogsparti stemde det ikkje meir. Då gjekk me tilbake nokre ti-talls meter. Så sakte framrykking. Kari oppdaga ein mest uanselig sti då me gjekk litt fram og tilbake. Pålane med merking var gamle og særs slitne i malinga. Eg såg heldigvis pålane. Av og til sanste me raudt på litt lengre avstand. "Rykk fram! Her er det raudt."


Begge var storførnøgde då me kunne henta poeng i appen vår på Stubbanuten. Her fekk me selskap av ungdyr og ein gardbrukar. Kan henda han kalka. Bak traktoren rauk det ei gråkvit sky. Matpausen var verkeleg fortent. Desse tre toppane med poeng kvar plass, hadde kosta oss litt energi og hovudbry. Framleis hadde me eit godt stykke å gå i umark før me kom til Lye att. 

Idyllar fann me og. Over denne bekken låg det heldigvis ei bru.

Denne steinen hadde opning tvers gjennom. Det var ganske artig å sjå.


Mosen var av ein annan sort enn me elles ser. Til vanleg går eg jo oftast ved sjøen. Der har eg ikkje sett denne typen mose. Fint var det med det eg tok for gåsemure innimellom mosen.


Mose er spanande når ein tar seg tid til å studera han. Stien frå Stubbanuten til Lye fann me fram i utan problem. Terrenget var ganske lett å gå i der.


Kanskje dette er skogsmarihand. Eg har nok sett flest flekkmarihand på tuarar eg går. Nå prøvde eg å samanlikna bilete på nett. Fin og sterk i fargane var blomsten uansett. Denne runden vil eg nok ikkje ta fatt på aleine neste gong. Først må eg ta han saman med andre og bli tryggare på vegval etter Varden. Det må ikkje gå lenge til neste forsøk.

torsdag 29. mai 2025

Borestranda og sør til Reve hamn 2025

 Frå blokka der eg bur, er det berre ein kjøretur på femten minutt til Bore camping og stor parkeringsplass nokså rett i Borestranda. Av og til tar eg turen langs Borestranda og går sørover heilt til Reve hamn og tilbake. Då treng eg to timar om eg ikkje stoppar for mykje. Jo fleire bilete eg tar, desto meir tid går det. På varme dagar kan eg ta med mat og nyta nista i Reve hamn.

I februar starta eg med godt mot. På Hodne er det vanlegvis ganske blautt langs og på stien. Vatnet sig alltid frå skråningane i aust. Denne dagen låg det framleis issvullar på stien.

Heldigvis kunne eg gå på steinane heilt i sjøkanten. Turen vart kortare enn planlagd. Det vart litt for mykje is etter kvart.
April kom med mange fine turdagar. Surfarane som held til på Hodne, er snare til å finna stranda og havet med ein gong det er varsla bølger. Eg kom i snakk med ein surfar. Han visste akkurat kva tid han måtte kasta seg i bilen og kjøra til Hodne for å bruka surfebrettet.

I første halvdel av mai hadde me ikkje akkurat sterk varme. Det betyr visst ikkje noko for dei som liker seg i det våte elementet. Tre unge menn såg ut som om dei var litt uvande med surfing. Men dei kom seg då opp og fekk ri på ei bølge i ny og ne.

Fjortande mai var ein fin og ganske varm dag etter årstida. I Reve hamn møtte eg to damer som lurde på om det var trygt å bada i hamna. Vatnet i Reve hamn ser alltid kvitt og ureint ut slik eg ser det. Eg trur ikkje forholda er slik som i Sele hamn. På Sele vert vatnet skifta ut av dragsug eller kva det måtte vera. Då eg såg på vatnet i Reve hamn, kikka eg forskrekka bort på damene og sa: "Her ville ikkje eg ha bada!"
Nei, dei såg og at det kanskje ikkje var lurt. Men eg forklarde dei om ei fin sandstrand som hadde dukka opp rett sør for hamna. Ja, eg fylgde dei bort for å visa. Der var det rett og slett ei vidunderleg rein sandstrand og sandbotn i havet. Bading vart det på ei av damene. Eg fekk lov å bruka biletet.
På heimvegen hadde kyrne i Moldvika flytta seg frå den grøne bakken og rett ned i fjøresteinane. Der eg vanlegvis går. Kalvane gjekk lengst ned mot vatnet. Nå veit eg ikkje om det var ammekyr. Men eg tok beina fatt og klatra opp skråninga i indre del av bukta me ser på biletet. Kyrne vart forvitne og kom etter. Så eg sette opp farten og klatra over steingarden og kom meg vekk. 

Trygt bak den tjukke steingarden såg eg kyrne tok seg nedatt til stranda. På toppen av bakken går det også sti. Eg har velt den ruta andre gonger når stien nede er våt.

Onsdag 28. juni såg eg i Jærbladet at Jæren Turlag skulle ha kveldstur på Bore. Då var det berre å kontakta den gode turvenninna mi, Kari. Me kom oss til Bore i god tid. Turen gjekk sørover frå parkeringsplassen på Bore. Me gjekk i bakdynene og inn gjennom ein bitteliten skogdott og så vest til Fuglingane på stranda. Målet for turen var mellom anna å studera det rike plantelivet på Bore. Vanlegvis er det utruleg fargerikt og vakkert å gå i inndynelandskapet om våren. Nå hadde me hatt ein lang periode utan regn i Rogaland. Det er ikkje så vanleg. Graset hadde gulna, blomstene visna. Me kunne berre ana litt blått, gult og lilla her og der. Nå får me venta eit år på neste blomstring.
Borestanda skuffar aldri. Bølgene skiftar. Lyset skiftar. Den friske havlufta reinsar i heile kroppen.


Frå standkanten klatra me oss litt oppover og fylgde stiar nordover. I nord trua eit mektig skylag. Regnet kom. Men det venta til Skjertorsdag.

Eit godt stykke nordover langs Borestranda fekk me eit uventa eventyr, ja, mest som ein film. To unge menn fekk fart på kvar sin paraglider. Dei suste rett over hovuda våre. Kan henda var det planlagd, men i alle fall tok dei runde etter runde over oss. Det såg ut som om dei hadde god kontroll og styrde dit dei ville. Heldigvis vart dei ikkje tatt av vinden og førde ut over havet.

Fleire gonger kryssa paraglidarane kvarandre. Eg venta berre på ein kollisjon. Det var dei nok trente for å unngå.

Sidan sommarkvelden var lang og lys, kan eg ikkje seia me gjekk heim i solnedgangen Men turgruppa stavra seg opp i sanddynene att og tok vegen langs Figgjoelva til bilane. Ein storslagen kveldstur.



Februar 2026

I slutten av februar gjekk eg tur frå parkeringsplassen på Borestranda og sørover mot Reve hamn. Det var framleis vinter og markene hadde bl...