søndag 18. august 2019

Selje kloster, Lofoten og litt til.


Då ungane hadde flytta ut av heimen, bestemde me oss for å feriera i Norge. Til å begynne med planla me å reisa til eit fylke kvar sommar. Etter nokre år, besøkte me meir enn eit fylke for kvar tur. Bileta frå dei første turane er samla i fotoalbum. Etter 2015 tok me bilete med digitalt kamera.
Eg sat og kikte på bilete frå dei mange turane her ein dag. Så fekk eg lyst å visa nokre glimt.

Klosteret på Selje sto høgt på ønskelista vår. Sommaren 2005 var Selje og Vestkapp første delmål. 
Selje kloster er ruinane av eit benediktinarkloster på øya Selja i Selje kommune i Sogn og Fjordane.
Klosteret ligg rett sør for Stadtlandet, på vestsida av øya. Det ligg rett ut mot Sildagapet og Stadthavet.

Området var mykje større enn eg hadde tenkt meg. Murane var somme stader ganske så høge. Denne dagen var ein av dei få regnversdagane me fekk. Likevel var det fleire enn oss som vart med ein liten båt ut frå Selje. Me var mest dei einaste norske turistane.
God utsikt til Sildahavet. Me er på veg ned frå hola som Sunniva og følget hennar gøymde seg i. Det er tre versjonar av Sunniva-legenda. "Acta Sanctorium in Selio" er frå om lag 1170. Du kan fylgja linken og lesa meir, om du vil.
Muren me gjekk langs, viste seg å vera ganske høg når me sto nede og såg opp.
Nokre av dei andre turistane sat ganske lenge og mediterte i hola. Sunniva ba om at fjellet måtte falla over dei som hadde gøymt seg der, i staden for å bli tatt til fange og mest sannsynleg falla for sverdet til Håkon jarl og mennene hans. Nokre handelsmenn segla seinare forbi øya. Dei såg eit strålande lys. Dei såg og ei søyle og kjende ein herleg duft. Me kunne ikkje kjenna noko til dufta. Likevel var det høgtidsamt å vera der.

Båten vår var MS Nordlys. Frå Klepp kjørde me først til Stadtlandet. Deretter drog me til Ålesund og fekk bilen om bord i denne flotte hurtigrutebåten. Det var presisjonsarbeid på høgaste plan. For oss var det reine luksusskipet. Me vakna til sol den morgonen  me reiste frå Stadt. Resten av turen var fylt med sol og varme. Somme dagar opp mot 30 grader. 
Det er fast tradisjon å segla inn Geirangerfjorden frå Ålesund. Frå før hadde me berre kjørt bil og sett fjorden frå rasteplassar. Her var det ikkje ei krusing på fjorden. Det var og i den tida då Geirangerfjorden berre hadde få turistskip samanlikna med i dag. 

Heldigvis var det nokolunde god vassføring. "Dei sju søstrene" viste godt. Dei sju søstrene er ein foss med omtrentleg fallhøgd 300 meter. Fossen er danna av Knivsflåelvane, som ligg ved sida av kvarandre midtvegs inne i Geirangerfjorden. Namnet har kome fordi fossefallet på avstand kan likna håret på sju kvinner. På motsett side av fjorden finn ein fossefallet Friaren (Skageflåfossen). Denne fossen har ein flaskeforma utsjånad. "Friaren" skal vera ulykkeleg. (Derfor held han seg til flaska.) Han ventar svar på frieriet sitt til søstrene. 


Så stilt som dette hadde me på heile båtturen frå Ålesund til Svolvær.
Sola berre blenkte i vatnet frå morgon til kveld.
Innsegling til Molde med det karakteristiske Scandic Seilet. I 2019 vann hotellet prisen for den beste hotellfrokosten i fylket. Hotellet vart opna i november 2002, altså ganske nytt då me såg det for første gong.
Underlege ting hende på turen vår. I Svolvær gjekk me i land med bil og bagasje og la oss inn på ein campingplass. Klokka 22.00 om kvelden ringde ei venninne for å gratulera meg med dagen. Jo, eg takka for det. "Nå er me på campingplassen i Svolvær", sa eg på spørsmål om kva me gjorde på. Då vart det reine jordskjelvet. Ho var også i Svolvær saman med mannen. Dei har feriehus i Nybyen. Det vart til at me sporenstreks vart inviterde heim til dei til herleg aftensmat, må eg vel kalla det. Deretter kjørde dei oss rundt omkring i Svolvær og heilt ut til Laukvik for at me skulle få oppleva midnattssol. Eg trur dei kunne ha spandert heile natta på oss. Heim frå Laukvik i totida midt på natta, ville eg til å sovna i bilen. Men me fekk sjå Svolværgeita og ganske mykje meir. For ein gjestfrihet!



Biletet til venstre er tatt langs vegen frå Laukvik til Svolvær om lag klokka to om natta. Svolværgeita til høgre har eg lånt frå Internett. Mine bilete av geita vart ganske mørke og svarte sidan bileta vart tatt halv tre om natta.

Fleire gode opplevingar hadde me i vente. Først må eg tilstå kor lite greie me hadde på turistlivet i Nordland. Før avreise frå Klepp, hadde me bestilt hytte i Selje og plass på Hurtigruten. Så tenkte me å bestilla natt for natt etter kor me kom. Der forrekna me oss sterkt. I Nordland fylke var laksefisket godt i gang. Overnatting på dei hyttene og dei campingplassane me tenkte var fine, var ikkje lett å få. Det var smekkfullt kor me kom. I Brønnøysund måtte me slukøyra forlata den staden me hadde blinka ut. Om lag 8 km sør for Brønnøysund fekk me tips om ein liten campingplass. Der fekk me husrom. Eg fnyste litt av standarden, men sova måtte me. Hytta var enkel. Dusjrommet likeså. Ganske enkelt. Men gjestfriheten var enorm. Campingplasseigaren viste stor interesse for oss som kom frå Jæren. Han tusla rundt oss og forklarde at me kunne ta ein klatretur til Skåren-Monsen-hola ikkje langt frå der me budde. Gode sko hadde me, så me høyrde nøye etter kor me måtte kjøra og gå. Jammen santen fann me Skåren-Monsen-hola som er ei grotte og inneheld 4000 til 5000 år gamle holemaleri. Etter råd frå verten hadde me med lommelykt. Begge vart ganske stille og høgtidsame då me fekk sjå holemaleria. Me tenkte det eine viste elg eller reinsdyr. Måleria viser fem dyrefigurar, malt med hematitt. Det er ein rødfarge som i hovudsak består av jernoksid.
Eg trur me fann hjelmane i ein kasse utfor hola. Me kan og sjå spor av anna menneskeleg aktivitet. Her låg halvferdige kvernsteinar og vitnar om ei tid som var.
 I Brønnøy har det vore uttak av kvenstein på gardane Vedal, Skogmo, Skille, Eide, Skåren og Tilrem. Eg veit ikkje, men vil tru at me var i Skåren like ovafor garden til Georg Lorentsen. Det er i Skåren at spora er best å få auga på.
For eit arbeid høgt oppi lia. Me var jo heller unge og spreke i 2005, men det var rimeleg bratt og ulendt opp til kvernsteinbrotet og Monsenhola.

Torghatten. Også ein draum me hadde om å få oppleva. Denne dagen var og varm og fantastisk for å gå omtrent 6,5 km opp og ned. Det er berre 35 høgdemeter. Frå Brønnøysund sentrum og over den vakre Brønnøysundbrua og vidare langs F 54, er det ca 12 km. Sjølve holet er 15-20 meter breitt, 160  meter langt og 35 meter høgt. For tusenar av år sidan har havet gravd det ut. Begge kom gjennom holet og ut på andre sida til ein formidabel utsikt. Slike naturfenomen har gjerne ei segn knytta til seg. Torghatten er ein del av segna om "Dei sju søstre".

tirsdag 13. august 2019

Sele

Sele hamn var heller ukjend område for meg frå 1969 til året 2000. Viss me skulle ta ein tur til stranda, reiste me til Bore. Eg trur rett og slett ikkje me tenkte tanken på å gå tur på Sele. Berre av og til var me i hamna og over hengjebrua. Før tusenårsskiftet var det bygd nokre få naust i Sele hamn. Fylkesmannen gav dipensasjon for bygging av naust i 1995. Etter 2003 kom det til i alt åtte nye naust.Moloen var heller ikkje så flott og sterk som han er nå. Dei siste 20-25 åra har det skjedd ei stor opprusting av hamna. Hamna er etter mitt syn blitt ganske flott og fargerik etter at nausta kom opp.
Feistein er landemerke for Klepp kommune. Berre ein gong har eg vore i land. Eg trur det var i 2003. Det var ein dag då sjøen låg speilblank. Elles kan ein oppleva å koma ut til Feistein, men ikkje tilbake same dag eller dagen etter. Veret er ganske skiftande.
I dei seianare åra er det ikkje uvanleg å støta på gravemaskin på moloen. Nokre personar et særs flittige til å halda hamna i orden.
Båtnausta har fargar som passar godt inn i naturen, slik eg ser det. Dei vert fint stelte. Grunnen til at me begynte å gå turar på Sele, var at me fekk oss ein trebåt. Det var ei bjørkedalssnekke. Nå går båten på Tyin i den sørvestlege delen av Jotunheimen. Mannen som kjøpte båten, vart glad i båten med ein gong han såg han og let handa gli kjærleg over ripa. På biletet ser me og Tangarhaug. Sjømerket er sett oppå ei ein stor, gammal gravhaug frå bronsealderen.
Vanlegvis går eg tur frå Sele hamn til Hellestøstranda lenger nord. Ei vandring i standkanten gir alltid nye opplevingar. Det er ganske godt med fuglar på Selestranda.

Både ender, tjeld og spoven har sine favorittplassar. Eg vil tru det har med mattilførsel å gjera. Her driv endene med surfing.
Dette er så vidt nord for vraket som ligg mest ned av Byberg. Bølgene skiftar. Eg blir ikkje lei av å studera dei.
Biletet er tatt sør for utløpet av Figgjoeva ein augustdag. Dette er ei av favorittstadene til tjelden.
I god vind er Hellestøstranda ein flott plass for kiting. Kiteboarding eller kitesurfing er ein sport der ein person styrer ein drage og slik bruker vinden som framdrift. Framdrifta vert brukt til å dra kitaren bortover vatnet på kitebrett. Den som kiter har trapés rundt livet og dette er festa til ein bar. Frå baren går det liner opp til kiten. Alt dette har eg funne på ein nettstad.

Heilt sør på Hellestø er det steinar og svaberg med fine algemønster.

I bukta på Hellestø er det ofte smult farvatn.


Nå har eg hoppa sørover til Figgjoelva. Biletet er tatt i september i 2013. Farfar passar godt på dei to små attmed elvebredda. Guten på biletet er nå tenåring.



Hengjebrua er spanande å gå over for liten og stor. Er du heldig, kan du treffa på kongen som fiskar laks i elva. Det hender han tar turen til Christian Bjelland for å vera ved Figgjoelva.
Ein av dei mange disige dagane i 2019. Me hadde mykje fint ver heile våren og mykje av sommaren. Disen ville likevel ikkje sleppa så lett. Her er ringen slutta. Feistein fyr og litt av båttrafikken som er der, er siste bilete.

torsdag 1. august 2019

Fjøløy fort og Utstein kloster

.


Om lag ein gong i året tar me turen frå Klepp til Utstein kloster på Klosterøy og Fjøløy. Namnet Utstein skriv seg opprinneleg frå eit lite skjer vest for Klosterøy.
Mest kvar gong har me fått strålande ver. Denne gongen steig temperaturen til 27, 28 grader. Vinden kan ikkje ha vore meir enn 0,3-1,5 på skalaen. Flau vind.
Klosteret ligg ganske dominerande til i landskapet. Utstein kloster er det einaste fullt bevarde middelalderklosteret i Norge. Me vert litt overraska over kor stort klosteret på Mosterøy er. Klosteret var tilknytta augustinerkorherrane. Kyrkja var via til St. Laurentius. Det var lagt under biskopen i Stavanger.
Harald Hårfagre hadde sin kongsgard her.
Det er ulike tal angåande kva tid klosteret vart oppførd. Nokre kjelder seier 1257, andre at klosteret vart begynt på i 1157.
Opplysingane har eg funne på utsteinkloster.no og klostergarden.no



Sommaren 2018 var me på besøk akkurat då veggane vart kalka. Nå i 2019 såg klosteret særs velstelt ut. Hagen er også fint stelt. Det er ein roleg rusletur å gå rundt klosteret og sitja litt på trappa eller berre stå og nyta bygningen og områda rundt. Kvar gong me har vore her, har det vore få turistar å sjå. Denne gongen sto det tre bussar og venta. Likevel var det heilt fredeleg ute.

Her er arbeidet i gang i 2018.
Arbeidaren skulle nett ha seg pause etter denne malerunden. Då han kom ned, fekk me snakka med han. Sommaren 2018 var varm over lang tid, så det måtte bli mange pausar for dei som kalka i solsteika.

I denne båtstøa var det stor festivitas sist sommar og opning av gardsutsal. Då kom me akkurat litt skakt ut med tida for å koma inn. Nå var dørene lukka tett igjen. Me kunne heller ikkje finna skilt eller oppslag om opningstider. Gardsutsalet skal vera ope onsdagar til søndagar frå 12-16. Slik står det på heimesida til Utstein gard. For oss gjorde det ingenting om me var på feil dag. Utsikten og freden var fabelaktig. 


Klostergarden vert i dag driven av Inger Lise og Anders Schanche Rettedal. Dei er ellevte generasjon. Dei har ikkje mindre enn 600 vinterfora sau,1600 slaktegris, 15-30 utegåande gris og 30 ammekyr. Kulturlandskapet er stort til å halda i hevd. 


Rundt Fjøløy fort er det laga til flott tursti. Ein kan ikkje koma heilt rundt utan vidare. I alle fall berre til fots. Vår tur gjekk til dette fundamentet for ei kanonstilling. Landskapet er kupert. Dei ulike installasjonane er godt kamuflerde frå havet. På land har ein full oversikt over innsegling til Byfjorden. Staden ligg sentralt i høve til farvatnet mellom Tungenes-Kvitsøy og Kvitsøy-Skudenes/Karmøy. På eit av fleire oppslag langs stien, såg me at anlegget stort sett vart bygd av østerikske soldatar som var sett på som rimelege folk. Anlegget vart bygd i 1941.


Frå Utstein gjekk turen til Fjøløy. Først var me nedom fyret. Deretter fann me flott rasteplass på kaia på Fjøløy. I den steikande varmen var det herleg å sitja ved utebord plassert på kaia.

Me tenkte av det berre var småbåtar som kunne nytta denne kaia. Men ganske snart kom eit større fartøy i stille fart sigande innover. Biletet er tatt i mai 2018. I juli 2019 låg vatnet speilblankt.

Når du kjem heilt til toppen av anlegget til Fjøløy fort, er dette noko av det auga får sjå. Denne dagen var me så heldige å sjå denne  fartkosten koma inn til kaia. Båten hadde først nokre rundturar att og fram. Kanskje det var turistar om bord.

Tilbake til Utstein. Like stilt som då me kom. Det er ikkje så stor parkeringsplass her. Me har likevel alltid funne ein god plass til vår bil.

Lyset skin i mørkret. Her er me inne i eit anneks eller eit lite sidehus til sjølve klosteret. Denne gongen var her opplåst. Rommet såg ut til å vera brukt til konferanserom.

Eit staseleg bygg er det. På det meste budde det ikkje meir enn 10-20 brør her. I tillegg kom mange fleire tenestefolk som sto for gardsstell, husbygging og matlaging. Eg les på Wikipedia at klosteret hadde store jordeigedommar og kunne brødfø om lag 250 menneske kvart år. Det meste av klosteret er bygd i stein og med portalar og vindu i kleberstein


















































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...