tirsdag 14. mars 2023

Turar i februar

Heilt i begynnelsen av februar bles det kraftig frålandsvind på Borestranda. Då får bølgene flotte formasjonar. Det var også særs godt surfever. Allerede rett sør for Fuglingane såg er dei første tøffe surfarane som prøvde å få til gode turar på surfebrettet. Lysmengden var framleis liten så tidleg på året.

Eg trur dette er Sandsenden. Det i alle fall enden av sandstranda. Ei tid låg sanden lenger sørover. Nå er det tilbake til steinstrand slik som me kjenner best til.


Frå Sandsenden og mot Tynevika og Kyrkjesteintangen er det stort sett unge folk som surfar dei gongene eg har gått tur her. Frå Nordsjøvegen kan dei kjøra ein gardsveg ned mot ein kraftig steingard. Ofte står det både tre og fire bilar parkerte her.


Eg kjenner meg heldig som kan gå turar i all slags ver og nyta synet av desse flotte bølgene.


Det hadde vore kraftig sjø rett før eg gjekk denne turen. Til vanleg er det lite rot og avfall på Borestranda. Berre nokre veker etter at eg tok dette biletet, var ein grunneigar i ferd med å rydda på Borestranda.


Dette er ikkje nokon kjøreveg for bil. Det er ein veg som fører til ei av hyttene på Bore/Hodne. Spora me ser er truleg frå traktor eller firhjuling.


Første februar var me på  tur til Egersund. Då kjørde me innom Kvassheim hamn. Eg våga meg ikkje så langt ut på moloen. Vinden var heller sterk i kasta. Det var tryggast å vera nær hamna for å ta bilete. Vannstanden var høg i hamna. Kvassheim hamn ligg sør for Vigrestad. Dei som har båt her, må vera merksame på at skiftande sand gjer at djupna varierer. Friluftsfyret Kvassheim ligg rett attmed hamna.


Seinare i februar kom eg på å ta den heller nye turstien frå Gruda og til Øksnevad. Store deler av denne turen fylgjer ein tett innpå Figgjoelva. Garden  på vestsida av elva høyrer familien A. E. Stangeland til.
Eg lurer på om det er her vadestaden over elva er. Ein tørr sommardag kan ein nemleg gå tørrskodd over elva. Denne dagen ville eg ikkje ha prøvd å koma over.



Byningane i høgre biletkant tilhøyrer Øksnevad jordbruksskule. Grusstien til høgre for steingarden gjer at både el-scooter og rullestol kan kjøra heilt fram til skuleområdet. Min tur stoppa her. Neste gong håper eg å koma heilt fram til skulen.



På turen møtte eg berre eit ektepar. Dei lufta i alt seks små, flotte hundar. Eg kom i snakk med ekteparet. Dei var glade for å fortelja om hundane.  Då eg snakka om at eg rusla rundt for å ta bilete, ville kona ta bilete av meg. "Det er jo ingen som tar bilete av deg, då", sa ho. Og slik er det jo når eg går aleine.


Siste søndagen i februar lasta me el-scooteren bak i Berlingoen og reiste til Nærland. Veret var ganske kaldt, men himmelen var blå. Nord for nausta på Håtangen var det samla ganske mykje vatn. Her ser ein nordover.


Nå er stien så fin at ein kan kjøra heilt fram. Men av og til er det lurt å parkera scooteren og ta seg ein tur med stavane.


Det gir god trim å la scooteren stå og så bevega seg til fots. Marka var hard og god å gå på.





Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...