onsdag 29. januar 2020

Rundtur på Balkan. Beograd i Serbia

I 2014 fekk me tilbod frå "Mellom himmel og jord" om å vera med på ein rundtur på Balkan. Stein Viksveen skulle vera turleiar. Året før hadde me vore med same firma på ei fantastisk reise i Sør-Frankrike. Den gongen fann me ein ørliten notis i Stavanger Aftenblad om historisk reise til Frankrike. Turleiaren var den same. Han kunne både fransk flytande og mykje om historie. Forventningane våre var derfor store før avreise til Beograd i Serbia i mai 2014.


Fjorten dagar før me reiste, var det ein stor flom i Serbia. Derfor fekk me tilbod om å avlysa reisa. Men me hadde gleda oss slik til å læra om Balkan at det ikkje kom på tale. Hotellet vårt låg ganske så sentralt i hovudstaden. Bussar og bilar kjørde i skytteltrafikk i området. Berre eit steinkast frå hotellet låg den gamle, ærverdige, slitne jernbanestasjonen.


Torfinn og eg tok turen innom jernbanestasjonen. Der var det ikkje stor trafikk. Bygningen var også svært sliten. Men fasaden var jo berre eit kunstverk å sjå på. Etter kvart som me tusla i gatene og såg oss om, oppdaga me at det meste bar preg av slitasje. Ikkje ein gong regjeringsbygget framsto som noko dyrt og prangande. Den vesle parken rundt bygningen var ganske så liten. Mange av personane me gjekk forbi i gatene såg ikkje ut til å ha særleg god råd. Kleda var godt brukte. Når dei smilte og helsa, kunne me og forstå at det var dyrt å gå til tannlege.


Denne blokka var ein av mange utbomba og gjennomhola blokker og mindre bustadhus i og utanfor bykjerna. I Beograd hadde me ein fantastisk guide. Ho var serbisk, men hadde studert norsk og snakka det mest flytande. Bygningane skulle ikkje rivast, forklarde ho. Dei skulle stå slik til minne om krigen i 1991-1999. NATO gjekk inn med flyangrep mot mål i Serbia i 1999. 


Sidan me hadde fleire dagar på oss i Beograd, vart det tid både for utflukt med buss og til fots. Ein småby me skulle ha besøkt lenger nordvest, var totalt uframkomeleg etter flaumen. I ein park ikkje så veldig langt frå sentrum av byen, kom me til ein særs fredeleg stad. Her er utsikt til Donau. Eg syntest det var undeleg å sjå ei elv eg berre hadde lese om og som har så mykje historie knytta til seg. Sideelva heiter Sava. Eg meiner å hugsa at det var den som hadde flomma over. Når eg studerer kart over Serbia, ser eg plassen som vist på biletet. Det er som ein festningsplass med namn Pobednik.


Til venstre er Stein Viksveen som var turleiar og medeigar av reisefirmaet. Tolken vår har grøn bluse. Til høgre presten som hadde litt omvising og forklaring for oss. Eg oppfatta at han var gift og hadde familie. Den ortodokse kyrkja er ikkje som den katolske. Me var så utruleg heldige å koma i akkurat rette tid for eit stort opptog. Dagen var ein minnedag for ein eller fleire helgenar. Så etter litt venting kom reine 17. maitoget av prestar, unge menn i kapper og unge jenter skridande forbi. Guiden vår fortalde og at mange folk måtte ha to sortar arbeid for å klara å betala hus og mat og klede til familien sin.


Eg måtte helst smila. Alt bar preg av gamle tradisjonar og alvor. Men prestane som venta på opptoget, måtte rett som det var sjekka over telefon kor langt alle folka hadde kome. Etter denne samtalen var det ikkje mange minutt til gata var fylt av prosesjonen der m. a. bilete av helgenar vart lufta.


Unge jenter i noko som truleg er nasjonaldrakter. 



Titos mausoleum var ikkje i gangavstand frå hotellet. Her måtte me kjøra i fleira drosjar. Drosjesjåførane oppførde seg som særs stressa. Me kunne ikkje forstå kvifor. Dei var ganske hissige på gasspedalen og lettare utolmodige då me var heller seine til å koma til bilane etter museumsbesøket. Parken rundt muséet, eller Titos mausoleum, var den største lunga av grønt me oppdaga i Beograd. Her var det fredeleg å rusla. Josip Broz Tito (1892-1980) var eineveldig president for den sosialistiske føderale republikken Joguslavia frå 1953-1980. Frå 1945 - 1963 var han statsminister.  På muséet var det flotte, dyre klede utstilt. Men og uendeleg mange verdifulle gåver han hadde fått gjennom eit langt liv.



Det meste var innanfor glasvegger. Det vart gjenskin i skoa. Men dei var nok blankpussa i tillegg.


På veg ut av Serbia såg me uhyggeleg mange sundskotne heimar. Ein god del hus var ikkje skotne. Dei såg berre ut til å ha å blitt reist ifrå i all hast. Ingen hadde våga å gjera dei til sine og byggja dei opp att.



Jo lenger vest me kom i Serbia, jo meir såg me koss flaumen hadde herja. Me kjørde buss frå Beograd til Sarajevo. Då kjørde me forbi gardar og hus der senger, kommoder og andre møbel sto ute til tørk. Her kunne ein nok ikkje berre kjøpa seg nye møbel i ein fart.


På siste rasteplass i Serbia fekk me herleg skinkemat og ost. Salaten våga eg ikkje prikka på. Elles var ikkje maten heilt same standard som me fråtsar i her heime. Men me fekk alltid rikeleg med mat.  


Det siste biletet frå Beograd har eg funne på Internett. Mykje av tida i denne storbyen var eg litt overgitt over fattigdom og alle minne frå krigen. Eg vil derfor avslutta med eit bilete som gir eit gladare inntrykk av denne historisk spanande byen, Beograd.

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...