tirsdag 7. februar 2023

2023 Januar. Ved sjøen og ved ferskvatn.

I januar 2023 var eg litt sjaber etter forkjølelse og hoste. Men nokre dagar var eg såpass god at eg kom meg på tur. Den første turen min var til Gruda og Figgjoelva. Marka var framleis litt frosen etter ein kuldeperiode. Då kan ein gå ganske langt langs elva utan å øydeleggja for grunneigarane. Sele er alltid eit ynda mål. Turen frå Bore parkeringsplass og sørover mot Hodne og Reve byr også på stor variasjon i ver og vind. På dei vakre vinterdagane med fekk, kom eg meg først aleine og så saman med ei venninne til Frøylandsvatnet.


Figgjoelva ein av dei første dagane i januar. Biletet er vendt mot sør og Bore bru.



Litt lenger mot nord langs elva ser ein gardane på Vasshus.


Blikket er retta mot sørvest. Bore kyrke er eit godt landemerke. 


I begynnelsen av januar er det heller mørkt i veret. Sjøv om me hadde fleire gode dagar med opphald, var lysmengden svak. Der er litt som blålyset lenger nord der dei har mørketid.

I NRK fjensynet gjekk det ein serie som heitte "EVY og ALLTID." Den måtte me sjå. Ganske mange av scenane var tatt opp på stader me kjende godt til i distriktet. Denne hytta på Hellestø fekk ei rolle. I serien var det sommar og ein fargerik parasoll dominerte på terrassen. Eg trur aldri me fekk sjå inne i hytta. Då forsto me at det vart brukt ei anna hytte. Døra røpte det.

Langs heile stranda frå Sele til Hellestø var det ein lang periode kome fram sandstrand. Sanden låg lenger enn me hadde håpa på. Mange turgåarar rusla langs sandstranda. Det var som å sjå Selestranda frå ein annan vinkel.



Noko særleg med uver har me ikkje hatt så langt dette året. Av og til var bølgehøgda uvanleg stor. Då var ikkje eg på plass med fotoapparatet. Her er det ein heller roleg dag.


Den siste turen min på Sele i januar, kom eg på at eg skulle besøkja steinstjerna. Då var det eit par år sidan eg svingde innom stjerna. Steinstjerna på Sele har same form som "Krossane" på Ullanhaug. Han er laga av rullestein som er forma som ei stjerne med tre oddar.  Armane er 10 meter lange ut frå sentrum. Stjerna har lege her i meir enn 1200 år. Ho er også kalla "døds-sjødno" og kan skjula ein eller fleire graver.


Tjuande februar hadde me ein av dei sjeldne dagane i Klepp der snøen låg på trea, og hadde lege der nokre dagar. Njåskogen var reine eventyrplassen å gå tur. Kari Gjerstad var fotograf. Me to prøver å samla trimpoeng i ein trimapp. Når den eina har mange poeng, får den andre farten opp for å samla fleire til seg sjølv. Me ler litt av galskapen. Likevel er det lurt å ha som mål å halda tritt med kvarandre.


Frøylandsvatet ligg flatt både titt og ofte. Denne dagen var det likevel noko heilt spesielt. Me står på brua og ser nordover mot Kverneland.



Midgardsormen vart mykje meir brukt enn eg hadde tenkt i min villaste fantasi. Brua går frå Lalandsholmen på Klepp si side til Njåskogen. Faktisk var eg skeptisk til idéen då han var ny. Nå synest eg brua er både vakker og lur. Midgardsormen vart bygd på initiativ av Brynes Vel. Brua er 2 meter brei og 230 meter lang. Arkitektane er Thorir Helgason og Torunn Tunset i Asplan Virak. Dei rusla rundt i området i to dagar før dei teikna brua. 


Mot Bryne låg det snødekt is på Frøylandsvatnet. Om isen legg seg på vatnet aldri så mykje, skal ein ha stor respekt for å leggja utpå. Det har gått skikkeleg gale meir enn ein gong.


Siste fredagen i januar fekk eg ny tur frå Bore til Hodne. Denne gongen saman med ei venninne. På Hodne er det stort sett alltid surfarar. Bølgene var ikkje av dei heilt store denne dagen. Likevel såg me fleire svarte prikkar i vatnet. I området frå Fuglingane til Kyrkjestangen er det spesielt gode høve for surfing.

Så gode er forholda at ryktene rekk til Sør Afrika og Brasil. Desse to unge mennene var frå Cape Town og Rio de Janeiro. Eg fekk ta så mange bilete eg ville og fekk bruka dei som det passa meg. Begge arbeidde i Stavanger i ConocoPhillips. Det var to pratsomme og hyggelege unge surfarar.
Det er jo litt eigenarta at ungdommar frå land så langt vekke kjem til Stavanger og kan nyta bølgene på Hodne i Klepp kommune. 

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...