Sidan me kom i ny leilighet og på ein ny plass i Klepp kommune, har me utforska nærområdet ved Kleppestemmen. Då kom me raskt fram til at kortaste vegen til havet nå er å kjøra til Vik.
Den sørlegaste delen av Orrestranda fører til Vik. Når ein går sørover frå Friluftshuset, må ein kryssa Orreåna for å koma til dennne delen av Orrestranda. Det kan ein kanskje gjera berrføtt ei dag med liten vassføring i åna. Elles er det tryggast å gå austover langs åna, fram til Nordsjøvegen og fram til Orre gamle kyrkje. Ved hovudvegen kan ein så ta vestover nokre marker ned til stranda att. Her er det greitt å vera lokalkjend. Eg har fått gå denne vegen sidan eg er med på "Standvandring på Jæren". Då har eg erfart at det ikkje nyttar med fine joggesko i dette området. Du må kryssa ein kanal. Då kan støvlar eller fjellsko vera lurt å ha når det er skikkeleg braut i marka.
.JPG)
Her er utløpet av Orreåna. Eg er på sørsida. Denne sommaren har det vore rik vassføring i åna dei gongene eg har vore ute. Derfor kjører eg til Vik og går nordover til Orreåna og snur på stranda der.
Denne julidagen hadde eg tenkt å utforska inndynelandskapet. Då måtte eg gi meg. Ternene var så hissige at dei mest snirta hovudet mitt. Eg tenkte då at det er eg som forstyrrer dei, så eg måtte mest springa litt tilbake til stranda for å koma unna ternene. Mest sannsynleg hadde dei ungar akkurat på den tida av året.
Orrestranda-sør ligg nydeleg til og her er det skikkeleg god plass. Berre få gonger har eg gått der når det har vore folk som vil sola seg og bada. Lenger nord på Orrestranda kan det til tider vera smått om plassen ein godversdag.
I september var temperaturen i vatnet om lag den same som på land. Det var som å vera ute i fløyelsvatn. Eg prøvde først å gå uti lengst mot sør. Det var ikkje lurt. På botnen var det veldig steinete og ulendt. Meir midt på stranda var det heilt perfekte badeforhold. På denne turen var eg saman med Kari G. Ho tok biletet.
Nokså nær desse steinane prøvde eg å bada første gongen eg hadde med badedrakt. Det var skikkeleg ulendt. Heldigvis såg eg ei mor med ungar eit stykke nordover på stranda. Dei hadde funne liksom ei langgrunn renne med fin sand og nokre dumpar til å symja i. På botnen varierer det kor djupt det er. Ei kan plutseleg koma over ein passeleg stad der ein ikkje kjem nedi med knea når ein vil symja. Veldig mange berre dukkar seg utan å bry seg om symjetak. Eg må symja nokre tak skal det vera ekte bading.
Frå stranda på Vik kan ein klatra nokre klyvarar og koma sørover. Då går ein i retning Skeie. I juli var eg berre over den første klyvaren og utforska marka der. Ein gong har det mest sannsynleg vore ei stø her. Det er mykje stein i utmarka. I fint ver er marka tørr og grei å gå med joggesko på føtene. På ein tur i oktober trega eg på at eg ikkje hadde fjellskoa. Då var det temmeleg blautt her.
Sjølv om me hadde mykje regn i deler av juli, var markene heller tørre. I mai og juni var det ganske varmt på Klepp. Dei store gardane på Vik har fleire vatningsanlegg. Vatnet freser mot den første klyvaren eg nyleg klatra over.
I heilt andre himmelretning, mot sør og Orreåna, vaks det nydeleg strandreddik utover sommaren.
Då Kari G og eg tusla lands Orrestranda i september, var det tid for taretråling. På land hadde det kome store mengder tare. Fuglane finn mykje mat i taren. Nokre personar liker ikkje at det er taretråling langs kysten. Eg synest at båtane var så fine i fargen mot det blå havet. Så eg måtte få med biletet i bloggen.
Me lurde på om det ville vaka fisk. Her såg me ingenting. I Figgjoelva kan me sjå laks som sprett rett som det er. Nå veit ikkje eg om Orreåna er i lakseelv. Hytta på nordsida av åna vart selt for over 12 millionar kroner for ein del år sidan.
Torfinn og eg har funne ut at det er lett å koma mest heilt ned i vatnet i ei gammal stø på Vik. Det går fint an å bada og symja her. Torfinn tar bilete og held vakt. Ein gong var det så lågt vatn at eg så vidt fekk dukka meg. Me tar av og til med kaffi og kaker og sit og nyt havet på denne flekken.
I oktober fekk me meir uver. Då er det spanande å ta bilete ved sjøen. Eg klatra over to klyvarar mot sør. Vinden var så sterk at eg måtte gå i kne ved ein stein for å halda balansen og ikkje minst halda fotoapparater stilt. Etter at eg passerte den andre klyvaren, kom eg til ei mark der det framleis gjekk kyr. Sidan eg ikkje visste om dei var vane med fotturistar, fann eg ut at det var best å ikkje frista dei. Så eg forserte sorpa og kom meg på grusstien att.
Det kan nok til tider vera ganske ruskete på Vik. Før i tida forliste skip i dette farvatnet. Vakkert er det for den som står tørt og godt på land.