onsdag 4. september 2019

Vaulen, Hinna og Boganes

Den første onsdagen i august reiste eg til Hinna for å gå tur med Stavanger turistforening. Oppmøtet var på stadion på Hinna. Ein heil flokk hadde møtt opp. Veret var hyggeleg og akkurat passe varmt til turgåing. Frå stadion gjekk me oppover mot gravlunden på Hinna. Turen gjekk vidare opp mot Sørmarka. Her kunne eg knapt kjenna att noko som helst frå femtitalet. Nå var det store hus tett i tett oppover. Då eg vaks opp  på Vaulen, var det meste her hei og lyngmark. Frå toppen av turvegen kunne me sjå ned på Hinna stadion og Jåtten skole. Gandsfjorden viste seg fram. Skråtårnet i Jåttåvågen har blitt eit kjent landemerke.

Eg viser Skråtårnet, "Det skjeve tårnet i Jåttåvågen" på Hinna først. Tilfeldigvis fekk eg koma der denne sommaren. Tårnet vart bygd i 1984 og vart brukt til 1994. Bygget vart reist av Norwegian Contractors og fleire oljeselskap. Det var for å bevisa at dei kunne støypa på skrå med forskjellig diameter og veggtjukkelse. Ein ville visa at det var mogleg å byggja den 472 meter høge Trollplattforma i Jåttåvågen. I dag er det berre møtelokala på toppen som vert brukte. Her feira ein nevø bryllup i juni.
Plutseleg vart eg varm om hjarta. I denne bakken hadde eg gått og sprunge den gong underlaget var grus og husa var små og få og eg var yngre enn sju år. Gatelys var det ikkje snakk om. Blikket vart dradd mot Nedre Vaulen og kjende hus, Gandsfjorden og Lifjella. Hindalsbakken. Huset til dei to ugifte søstrene sto der framleis. Huset til Klovning likeså. Men Fv 44 er endra.
Stasjonsvegen. Ein viktig del av livet mitt fram til eg vart sju år. I det kvite huset budde ei venninne. Murhuset har kome til i ein hage. Mor og far leigde hos Sæland som budde kloss i riksvegen. Nå er det huset rive for å laga brei veg og plass til bussen.
Nok eit minne dukka opp. Dette staselege huset tilhøyrde familien Parr. På baksida er det to inngangsdører, ei for bud og ei for huseigarane. Parr hadde så stor hage at dei og hadde gartnar i si tid. På den flotte trappa stilte Hugo Parr opp tinnsoldatane sine og leika krig. Eg fekk lov å koma inn i hagen for å leika med Hugo, men eg måtte gå kjøkkenvegen. Inn av dei opne verandadørene låg bestestova til venstre og kvardagsstova til høgre. Faren i huset spelte flygel. For meg var det ei eventyrverd.
Turfølget gjekk heilt ned til strandkanten der ein ser mot eit av stupebretta på den sørlege delen av Vaulen badeplass. Eit stupebrett (i alle fall eit liknande) eg har hoppa frå mange gonger. For oss var vegen til Hinna stengd herifrå. Nå er det flott tursti vidare frå Vaulen badeplass og til Boganes.
 
Hindal gård. På femtitalet var det ikkje mange som fekk innsyn til denne flotte garden. Hindal vart eigedom for familien Helliesen i 1825. Då strekte garden seg frå sør for Hinna stasjon til Mariero. På femtitalet flytta Åse Tofte inn her. Men området var lukka for omverda så lenge eg budde på Vaulen. Ein gong fekk eg ei venninne med foreldre som var arbeidarar på garden. Ho let smijernsportane opp for meg. Slik fekk eg sjå dei flotte husa og stallane og forpaktarhuset der.
For første gong i livet gjekk eg på turstien som fører til Boganes. Mange grunneigarar har gitt delar av tomta si til turstien. Ja, dei har nok fått godt betalt. Framleis er det stor strid om den delen som fører vidare til Gausel. Nyleg las eg i Stavanger Aftenblad om striden og alle pengane som folk vil ha. Det kan nok gå mange år til med kamp her.
Huset her ligg ikkje mange meter frå standkanten. Det er ikkje lett å forstå seg på reglar om standsone. Men huset ligg fantastisk fint til i terrenget. Frå alle vindauga har dei førsteklasses utsikt til Gandsfjorden og båtlivet der. Herifrå svingde turfølget opp mot den gamle riksvegen og Hinna stadion att. Eg reiste heim med hovudet fullt av glede og gode minne. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...