mandag 23. november 2020

Rundtur på Balkan. Sarajevo og Mostar i Bosnia.

Rundturen vår på Balkan i 2014 starta i Beograd i Serbia. Frå Serbia kjørde me buss ganske lenge for å koma til Sarajevo. Frå bussvindauga kunne me sjå korleis ein storflom i juni hadde herja med elver, marker og hus. Kommoder sto til tørk utføre små gardshus. Madrassar måtte tørkast. Den byen me eigentleg skulle ha besøkt, kunne me ikkje koma fram til. Vegen dit var øydelagd av flomvatn. Derfor vart det ein lang busstur for å koma til vakre Sarajevo.


På brua i den kjende byen Mostar. Turen hit var eit av dei store høgdepunkta for alle som var med i reisefølgjet. For berre nokre år sidan sende nrk ein reportasje leia av Leo Ajkic. Han tok oss med att til denne flotte, herja byen. Det var interessant å høyra då han fortalde om familien si flukt.
Før me kom til Mostar, opplevde me fleire utflukter med utganspunkt i Sarajevo.


Tunnel i Sarajevo
Lenge var dette ein hemmeleg tunnel. Han gjekk frå Sarajevo under rullebanen til flyplassen til eit bosnisk område på andre sida. Tunnelen vart sjølve livslinja for innbyggjarane i byen. Folk i byen fekk regelmessige forsyningar av matvarer, medisinar, handvåpen og drivstoff.


Me fekk gå eit heller langt stykke inn i tunnelen. Her kunne ein ikkje lida av klaustrofobi.
Eg hadde heldigvis tatt vare på informasjonen som turleiaren vår, Stein Viksveen, gav oss frå dag til dag. Noko av det eg skriv, har eg henta frå hans dagsprogram.


Pale
Ei av utfluktene våre gjekk til den vesle landsbyen Pale i fjella over Sarajevo. Her kom me ut i særs flott og grønt landskap. Me var der heilt i begynnelsen av juni. Blomstene og åkrane var frodige.  Kvar og ein som hadde hus med hage, dyrka grønsaker, tomater, frukt og bær. Sjølv i hagane til folk som eigde store, vakre, sikkert dyre hus, dominerte hagebruken. Denne vesle garden i Pale hadde solid gjerde rundt. Akkurat her kunne me ikkje sjå kjøkkenhagen. Eg tok bilete av huset som sto i sterk kontrast til nabohuset.


Hovudkvarteret til Radovan Karadzic.
Høge murar på alle kantar av eigedomen til familien Karadzic. Dei bur her framleis. Me fekk ikkje auga på vakter av noko slag.


Under den tyske okkupasjonen sto partisanane til Tito bak tallause sabotasjeaksjonar. Ei av dei meir berømte var sprenginga av denne jernbanebrua ved Jablanica. Biletet viser kor grønt og frodig landskapet i Bosnia var.


Mostar
I Mostar var det byvandring med ein guide som kunne særs godt amerikansk. Han hadde flykta frå Bosnia til USA under krigen. Nå var han kunnskapsrik guide. Me gjekk gjennom basarkvartalet i Aust-Mostar. Frå restauranten vår såg me rett ned på elva Neretva og mot brua. Brua vart bomba under balkankrigen, men er blitt bygd opp att. 


Heldigvis var det ikkje så mange turistar på denne årstida. Dermed slapp me å gå i kø. Men Mostar er nok eit reisemål for svært mange i dag også.
Plagget på hovudet er der fordi det yrde under ein flott tur i ein park i Sarajevo. Kusken viser tydeleg at han ikkje kjører gratis. Eg fekk meg ein flott rundtur.


Ikkje langt ut av Mostar kjørte me over åsryggar som ga god utsikt til områda rundt Mostar i dalsøkket.  På desse høgdedraga var stillingane til snikskyttarane plasserte.


Her ser me kor fabelaktig utsikt desse stillingane ga. Elva Neretva i dalbotnen.

Tistlar på høgdedraga blei ganske symbolsk for meg. Bosnia-krigen varde frå 6. april 1992 til 14. desember 1995. Krigen dreide seg om kontroll over republikken Bosnia-Hercegovina. Han kom i kjølevatnet  av at den joguslaviske staten gjekk i oppløysing.
Den blå himmelen over tistlane fekk meg til å tenkja på håp.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...