Sachsenhausen er ein konsentrasjonsleir i byen Oranienburg i delstaten Brandenburg i Tyskland. Leiren ligg 35 km nord for Berlin. Elevane på Orstad skule måtte stå tidleg opp om morgonen tysdag 06.06. Frokosten på Hotel Europa City var klokka 06:30. Det var ikkje alle som hadde stor matlyst så tidleg. Klokka 09:00 var me klar for omvising i KZ Sachsenhausen.
Konsentrasjonsleiren var i drift frå 1936 til 1950. Først vart han dreven av Tyskland sitt nazistiske regime, deretter av den sovjetiske okkupasjonsmakta.
Me var på besøk ein særs varm dag. Sjølv så tidleg om føremiddagen merka me varmen.
Rommet der fangane hadde måltida sine. Me fekk høyra at det kunne vera så fullt at fangane måtte sitja helst sidelengs og halda den eine armen ut av bordet for å gi sitjeplass til alle.
Også i denne leiren var elevane lyttande. Dei forsto at det ikkje kunne nytta å tenkja på å ryma frå leiren.
Med stort alvor og skrekk fekk me fortalt kva desse polane hadde vore brukt til. Fangane vart bakbundne og kroppane vart hengde opp etter polane.
Minnesmerke over retterstaden.
Me var glade me kunne koma inn portane og så få gå ut og vera frie menneske.