Den tredje mai flytta me frå Verdalen etter femti år i same hus. Nå bur me nær Kleppekrossen, i Kleppestemmen. Eg har utforska området nær boligen. Herifrå kjem me lett til Fjogstad langs Fjogstadvegen. Går me lenger, kjem me over til Postvegen. Postvegen er skikkeleg gammal i Klepp kommune. Vegen kom alt i 1805 og vart kalla den jærske hovudvegen eller Postvegen. I dag seier me Postvegen. Kjem du opp i høgda, passerer vegen forbi fortidsminne på Tinghaug.
Her er ganske god parkeringsplass for den som kjem kjørande. Eg bur så nær at eg kan gå eller sykla opp frå min heim. Denne steinen ser ein lett frå vegen. Deretter følgjer ein berre oppsett frå skilting til dei ulike gravhaugane og minne elles.
I området finn du ei kvinnegrav frå folkevandringstida. Grava var eit hellebygd gravkammer, 4,5 meter langt og 1 meter breidt og ein snau meter djupt. Funna viste at det må ha vore ei rik kvinne. Gjenstandar frå grava kan ein finna på Arkeologisk museum i Stavanger.
Tinghaug er ein naturleg bakketopp som er det høgaste punktet på Låg-Jæren, 102 moh. Etter tradisjonen skal det ha vore tingstad for Midt-Jæren. I skråninga på vestsida av Tinghaug vart det i 1897 funne 16 gullgubbar frå slutten av 700-talet. Det er det einaste funnet i sitt slag i Rogaland. Eg har funne desse opplysingane på Wikipedia.
For å koma til Krosshaug må ein klatra over ein klyvar. Eg var her andre pinsedag då Klepp kyrkje hadde pilegrimsvandring frå Klepp kyrkje og deretter friluftsgudsteneste. Det er tradisjon med friluftsgudsteneste her kvart år. Denne dagen fekk me sol og mest vindstille. Dyra var tatt vekk frå marka av bonden som eig området. Dermed var det trygt å gå der. Elles kan det vera lurt å ta turen når det er tidleg vår eller tidleg haust. Då er dyra inne.
Steinkorset er frå 1000-talet. Gravhaugen er frå ca 450.Krosshaug ligg på garden Hauge i Klepp.
Kyrkjekokka var komen hit berre for gudstenesta. Me ser vestover mot havet i bakgrunnen. Eg kan skimta mi blokk når eg står her.
Det var kome særs mange folk her denne søndagen. Personen på biletet var ei av dei eg gjekk pilegrimsvandring saman med. Flokken som vandra frå Klepp kyrkje var ikkje stor. Så eg vart overraska over kor mange folk som var samla på Krosshaug då me var framme.
Langs vegen opp til Tinghaug var det tid for løvetannblomstring. Her ser ein og til Nordsjøen i vest.
Ein litt sein ettermiddag spaserde eg langs Fjogstadvegen og tok Postvegen nordover. Rett utfor siloen til ein stor gard står ein interessant stein. Fotoapparatet var sjøvsagt med. Mens eg fotograferte, kom ein av eigarane til garden kjørande. Ei ung, men ikkje heilt ung, dame stoppa og var forviten på kva eg gjorde. Me fekk ein kjekk samtale. Steinen var flytta til Anda ein gong i tida, meinte ho. Det er ein særs gammal stein. På eit rusta skilt og på ein rusten stolpe visste ho det sto at steinen var freda. "Pigghedlå" vert steinen kalla. Steinen har form som ei stor ståande plate. Han er 3,20 meter høg og 1,2 meter brei ved botnen. Steinen er 35 cm tjukk. Han har tre små koppmerker mest attmed botnen og dannar ein trekant. Steinen har vedig fin form med glatte sider og ein avrunda topp.
Desse opplysingane fann eg på ei nettside kalla megalithic.co.uk
Dette huset har eg faktisk vore inne i opptil fleire gonger. I 1974 vart eg medlem av LMF. Lærarane sitt misjonsforbund. Eg var då yngst av damene som gjekk i foreninga. Den eldste kvinna heitte Randi Anda. Randi levde frå 1898 til 1999. Ho og mannen Arne hadde vore misjonærar i Kina i yngre år. Dei kom til Kina i 1920. Randi var i Kina frå 1920 til 1938. Arne Anda var i Mandsjuria i 1932. Han vart att i Kina 1946-49. I Norge reiste han mykje rundt på skular og fortalde levande om tida i Kina. Han hadde med mykje utstyr å visa fram. Når Arne Anda kledde seg i kinesiske klede, kunne ein lett tru han var frå Kina. Han var liten og slank. Eg hugsar han som særs høfleg om omsorgsfull dei gongene eg var i heimen. Randi var også alltid utsøkt høfleg og omsorgsfull. Ho var politisk aktiv. I fleire periodar var ho vararepresentant til Stortinget for Kr. F.
Redskapshuset til Arne og Randi Anda står framleis. Det er familie som eig staden nå. I denne hagen har det nok vore dyrka ganske mange grønsaker og frukt og bær i si tid. Det vart slik ein god ettermiddag for meg då eg fekk med meg desse hendingane.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar