torsdag 29. mai 2025

Borestranda og sør til Reve hamn 2025

 Frå blokka der eg bur, er det berre ein kjøretur på femten minutt til Bore camping og stor parkeringsplass nokså rett i Borestranda. Av og til tar eg turen langs Borestranda og går sørover heilt til Reve hamn og tilbake. Då treng eg to timar om eg ikkje stoppar for mykje. Jo fleire bilete eg tar, desto meir tid går det. På varme dagar kan eg ta med mat og nyta nista i Reve hamn.

I februar starta eg med godt mot. På Hodne er det vanlegvis ganske blautt langs og på stien. Vatnet sig alltid frå skråningane i aust. Denne dagen låg det framleis issvullar på stien.

Heldigvis kunne eg gå på steinane heilt i sjøkanten. Turen vart kortare enn planlagd. Det vart litt for mykje is etter kvart.
April kom med mange fine turdagar. Surfarane som held til på Hodne, er snare til å finna stranda og havet med ein gong det er varsla bølger. Eg kom i snakk med ein surfar. Han visste akkurat kva tid han måtte kasta seg i bilen og kjøra til Hodne for å bruka surfebrettet.

I første halvdel av mai hadde me ikkje akkurat sterk varme. Det betyr visst ikkje noko for dei som liker seg i det våte elementet. Tre unge menn såg ut som om dei var litt uvande med surfing. Men dei kom seg då opp og fekk ri på ei bølge i ny og ne.

Fjortande mai var ein fin og ganske varm dag etter årstida. I Reve hamn møtte eg to damer som lurde på om det var trygt å bada i hamna. Vatnet i Reve hamn ser alltid kvitt og ureint ut slik eg ser det. Eg trur ikkje forholda er slik som i Sele hamn. På Sele vert vatnet skifta ut av dragsug eller kva det måtte vera. Då eg såg på vatnet i Reve hamn, kikka eg forskrekka bort på damene og sa: "Her ville ikkje eg ha bada!"
Nei, dei såg og at det kanskje ikkje var lurt. Men eg forklarde dei om ei fin sandstrand som hadde dukka opp rett sør for hamna. Ja, eg fylgde dei bort for å visa. Der var det rett og slett ei vidunderleg rein sandstrand og sandbotn i havet. Bading vart det på ei av damene. Eg fekk lov å bruka biletet.
På heimvegen hadde kyrne i Moldvika flytta seg frå den grøne bakken og rett ned i fjøresteinane. Der eg vanlegvis går. Kalvane gjekk lengst ned mot vatnet. Nå veit eg ikkje om det var ammekyr. Men eg tok beina fatt og klatra opp skråninga i indre del av bukta me ser på biletet. Kyrne vart forvitne og kom etter. Så eg sette opp farten og klatra over steingarden og kom meg vekk. 

Trygt bak den tjukke steingarden såg eg kyrne tok seg nedatt til stranda. På toppen av bakken går det også sti. Eg har velt den ruta andre gonger når stien nede er våt.

Onsdag 28. juni såg eg i Jærbladet at Jæren Turlag skulle ha kveldstur på Bore. Då var det berre å kontakta den gode turvenninna mi, Kari. Me kom oss til Bore i god tid. Turen gjekk sørover frå parkeringsplassen på Bore. Me gjekk i bakdynene og inn gjennom ein bitteliten skogdott og så vest til Fuglingane på stranda. Målet for turen var mellom anna å studera det rike plantelivet på Bore. Vanlegvis er det utruleg fargerikt og vakkert å gå i inndynelandskapet om våren. Nå hadde me hatt ein lang periode utan regn i Rogaland. Det er ikkje så vanleg. Graset hadde gulna, blomstene visna. Me kunne berre ana litt blått, gult og lilla her og der. Nå får me venta eit år på neste blomstring.
Borestanda skuffar aldri. Bølgene skiftar. Lyset skiftar. Den friske havlufta reinsar i heile kroppen.


Frå standkanten klatra me oss litt oppover og fylgde stiar nordover. I nord trua eit mektig skylag. Regnet kom. Men det venta til Skjertorsdag.

Eit godt stykke nordover langs Borestranda fekk me eit uventa eventyr, ja, mest som ein film. To unge menn fekk fart på kvar sin paraglider. Dei suste rett over hovuda våre. Kan henda var det planlagd, men i alle fall tok dei runde etter runde over oss. Det såg ut som om dei hadde god kontroll og styrde dit dei ville. Heldigvis vart dei ikkje tatt av vinden og førde ut over havet.

Fleire gonger kryssa paraglidarane kvarandre. Eg venta berre på ein kollisjon. Det var dei nok trente for å unngå.

Sidan sommarkvelden var lang og lys, kan eg ikkje seia me gjekk heim i solnedgangen Men turgruppa stavra seg opp i sanddynene att og tok vegen langs Figgjoelva til bilane. Ein storslagen kveldstur.



Lyefjell. Varden, Ulvatjørn og Stubbanuten.

Lyefjeell har eg høyrt mang ein gong har fint turterreng. Det har berre aldri blitt noko av at me kjørde til Lye for å gå i heia der. Ei ven...