søndag 5. oktober 2025

Sokndal og Sogndalstrand 2025

I slutten av juli trilla me i bilen vår til Sokndal kommune i Rogaland. Her ligg Sogndalstrand, ein freda tettstad. Frå Klepp tar det ein time og tjuefem minutt å kjøra 86 km til Sogndalstrand etter det gps- ein seier. Men det er fort gjort å bruka meir tid på smale, svingete vegar. Fv. 44 frå Klepp til Egersund har ikkje akkurat nokon god standard. Men du all verda så mykje spanande det er å sjå langs ruta. Når ein har passert Egersund, vert vegen kalla Sokndalsvegen. På denne strekninga tok me det med ro.

Elva Sokno vert kalla  Litlå (på kartet) siste delen før han renn ut i havet ved den ganske verdharde kysten av Dalane. Om sommaren kan det verka romantisk og kjekt å bu i dei gamle husa nær elva. Om vinteren trur eg det kan vera ganske så hustrig.

Denne sommardagen i slutten av juli kom me fram til Sogndalstrand tåleg tidleg om føremiddagen. Då fekk me gatene mest heilt for oss sjølve mesteparten av tida me var der. Den elektriske rullestolen tar seg fram i smale gater og litt i nokre bakkar. For oss er det ein fordel når gatene har asfalt og ikkje grus eller brostein. I 1880-åra hadde Sogndalstrand 550 innbyggjarar. Nå bur det ikkje mange fast der. Mange av husa er nytta som feriestad.
Sogndalstrand Kulturhotell har stått på ønskelista vår i fleire år. Me har besøkt Sogndalstrand tidlegare også. Då vart det ikkje noko restaurantbesøk på oss. Denne gongen sto til og med døra vid open og ønskte oss velkommen. I tillegg var me utruleg heldige som fekk eit bord utan å ha bestilt på førehand. Berre ein time etter at me kom inn dørene, ramla det inn eit nederlands reiseselskap. Og gjestene derifrå fylte lokalet til randen. Vårt bord fekk stå i fred.

Ei tysk dame me kom i snakk med, ville ta bilete av oss to saman då ho såg eg fotograferte ein del. Ho og mannen hadde nå budd mange år i Australia. Derifrå reiste dei frå tid til annan på ferie i Norge. Sogndalstrand er for meg litt utanfor allfarveg. Turistar frå alle delar av verda finn likevel fram.

Om lag midt i Sogndalstrand går det ei bru over Litlå.

Eg gjekk over brua både på veg ned til havet og på vegen opp att. Då sto det plutseleg ein fin sykkel der. I bakgrunnen ser me hytteeigarar som strevar med å fjerna høgt gras og buskas og sikkert små bjørkespirer.

Etter at me hadde fått nyta ei vidunderleg fiskesuppe og fish&chips, tusla med i den fargerike gata. Sogndalstrand er den einaste tettstaden i Norge kor både trehusbygningane frå 1700-talet og 1800- talet og kulturlandskapet omkring er freda av riksantikvaren.
Sparken kan nok koma godt med vinterstid. 

På heimvegen kjørde me først nedover Fv 44, Åna-Sira-veien til Jøssingfjord. Her må ein ha gode nerver og tunga beint i munnen for å halda seg på rett kjøl.Denne dagen var parkeringsplassen med godt utsyn ned mot Jøssingfjorden heilt full av turistbilar. Me kjørde ikkje heilt til endes av Fv 44, men snudde og snigla oss opp att. Frå fv 44 tok me så av langs Fv 501 litt før Rekeland. Vegen førde oss til Heskestad og E 39.
Nokså snart måtte me stoppa og sjå på hesjene i Nedre Rekeland. Det er etter kvart utruleg sjeldan me opplever å sjå så fine hesjer i vår del av Rogaland. Noko av høyet var alt vekke. Mannen i huset vårt måtte tenkja tilbake då han strevde med å setja opp gjerdestaur, strekkja ståltråd og så det tunge arbeidet med å lessa på høy. Eg som vaks opp nær by, forsto ikkje kor tungt slikt arbeid var. For meg såg det berre hyggeleg ut. 
På kartet kan ein sjå at Rekefjord også kan vera eit mål når ein er i Hauge i Dalane. Kystlandskapet er meir interessant for meg enn den siste innlandsvegen me tok til Heskestad. Langs den vegen vaks det mykje tre og delvis skog. 


Sokndal og Sogndalstrand 2025

I slutten av juli trilla me i bilen vår til Sokndal kommune i Rogaland. Her ligg Sogndalstrand, ein freda tettstad. Frå Klepp tar det ein ti...