lørdag 14. mars 2026

2026 Januar.

I 2026 fekk me uventa mykje kulde i starten av året. Det var ein stor fordel angåande turver. I januar hadde me mest ikkje regn. Eg kunne ta turar på frosen utmark eller til strendene. 


Anda ligg ikkje mange minutt frå blokka vår. Det er så merkeleg i Klepp når ein berre kjem nokre meter opp i høgda. Då får ein fantastisk utsikt. Frå denne delen av Anda ser me mot Stasjonsvegen som går frå Kleppekrossen til Klepp stasjon. Vegen ligg skjult i eit søkk midt på biletet. På nordsida av vegen kan me sjå ein kvitmåla trafostasjon som ligg langs Postvegen. Om kvelden kom biletet på vermeldinga.

Postvegen går nedover og nordover mot Stasjonsvegen. Denne delen av Klepp er framleis jordbruksområde.

Her er eg på Fjogstad og har tatt meg litt ut på eit jorde. Steingarden går nordover mot Fjogstadvegen.

Litt snøf fekk me og i januar. Me hadde ærend på Forus. Eg tusla rundt med fotoapparatet mens eg venta på nokon. Dette biletet kom så på vermeldinga om kvelden.


I Kleppeloen er ungane heldige. Når det er kaldt nok, vert det sett opp ein snøkanon. I denne akebakken kan små og store kosa seg over fleire dagar. I år varde snøen ekstra lenge.


På Haugabakka. Frå blokka kan eg ta ein kjerreveg opp til Braut og koma meg over eit jorde til Haugabakka. Også dette biletet vart vist på Yr.


Murkanten er ringen rundt eit minne frå krigen. Knickebein er det tyske Luftwaffe sitt første presisjons-radionavigasjonssystem for nattlege bombeangrep under andre versdkrig. Frå denne plassen er det full oversikt vestover mot havet, Nordsjøen. Men det viste seg visst å vera lite effektivt.


Saman med ein son og nokre barnebarn som er ungdommar, dro me til Nærland ein helst helst kald søndag i januar. Turen varde ikkje så lenge. Me måtte berre gå ruta fort og koma i hus og få varm mat.


Heilt sidan eg begynte med strandvandring, hadde eg aldri gått frå Skeie til Vik. Då Frivilligsentralen i Klepp arrangerte Strandvandring på Jæren, var dette ei strekning me let vera å gå. Klepp hadde visst ikkje så god avtale med grunneigaren. Sidan det var så fin frost i jorda i januar, bestemte eg meg for å ta den strekningen også. Eg parkerte på Refsnes og gjekk eit godt stykke nordover. Heilt til Vik gjekk eg ikkje. Det siste strekket skal eg ta frå Vik og sørover.


Frå Skeie og nordover var det ikkje mykje sand å sjå. Eg vart litt overraska kor steinete turstien var. Vinden var ganske iskald denne dagen. Vottane mine var heimestrikka og litt kalde. Det var greitt å koma til ein varm bil etter kvart.


Etter at me flytta, har det blitt noko sjeldnare med turar til Sele. Heldigvis fekk eg nokre turar der og i januar. Det er så trygt å avslutta med Feistein fyr på netthinna.


2026 Januar.

I 2026 fekk me uventa mykje kulde i starten av året. Det var ein stor fordel angåande turver. I januar hadde me mest ikkje regn. Eg kunne ta...