torsdag 18. april 2024

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde vore i. Det var ingen spesiell grunn til at Bjerkreim var uutforska. Slik hadde berre blitt. Den eldste sonen har tråla toppar i området. Saman med han og ei svigedotter tok me fatt på spasertur i høljeregn nokså tidleg i januar.
Regn var ikkje så farleg. Alle var godt utrusta i klesvegen. Men plutseleg kom det eit mektig toreskrall. Mellom knausar og fjell er lyden ekstra sterk. Noko lyn såg me ikkje. Til alt hell gav toreveret seg, og tåleg snart forsvann regndropane.

Bjerkreim har mykje fjell å ta av. I tillegg er det kjempeflott terreng for sauedrift. Me møtte sauer ganske raskt på vandringa.


Bersevatnet var eit av måla våre. Frå Klepp trilla me langs E 39 til Bjerkreim. Der tok me Røyslandsvegen forbi Coop Prix, over Bjerkreimselva og etter ein kort stubbe kalla Gamle Bjerkreimsveg, svinga me inn på Odlandsvegen. Ved Bjerkreim skule fann me god parkeringsplass. Det går fint an å ta seg fram Bersevatnet rundt. Sidan ein i følgjet kjører scooter, måtte me gjera vendereis ved ei trebru som var noko vanskeleg å forsera.



Bjerkreim er ein stor vindkraft- og jordbrukskommune. Kommunen ligg om lag 50 km sør for Stavanger. Her er rik og variert natur. Bjerkreimselva er ei av dei beste lakseelvane i heile landet. Litt nærmare Klepp ligg neste turmål: Kvassheim fyr.


Kvassheim og Ogna i februar.
Denne februardagen var blåsande og kald.  I hamna låg det mykje tare. Det eigentlege målet vårt var Ogna.  På vegen dit plukka me opp ein passasjer. Mens me venta, vart det tur ut av bilen med kamera på magen. 


Sølepyttar ved parkeringplassen til Kvassheim fyr.


Ogna med sine velkjende knausar og små sandstrender innimellom knausane.


Etter vandring frå campingplassen i Varden og sørover, kom me til  området ved jernbanebrua over Ognaelva. Det er ikkje så ofte eg har sett sandstripe i bukta ved den gamle brua. Vatnet hadde heilt tydeleg stått høgare for ei tid sidan. Både januar og februar var heller kalde for turgåing. Heldigvis har me klede for kalde dagar.
Etter to turar sørover, sette me nasen nordover i begynnelsen av april. 


Der er greit når fleire kan underhalda dei med små føter. Denne staden ligg mest midt mellom Sunde og Madla i Stavanger kommune.


Hafrsfjorden låg mest speilblank andre påskedag 2024. Den eine sonen er leiar for eit prosjekt angåande kyststien frå Tungenes til Sirevåg dette året. Etter hans forslag møtte heile familien opp ved Kiwi Sunde mest rett ved Hafrsjordbrua. Herifrå gjekk me i flokk og følgje langs Hafrsfjorden og sørover like til "Sverd i fjell" på Madla. Heile turstien er nå grei for både gåande og for dei som trillar barnevogn. Me har med elektrisk scooter. Berre ein stad måtte scooterføraren ta seg litt opp i eit byggjefelt og så ned att til kyststien. Sist eg gjekk her, trudde eg ikkje me kunne koma forbi med scooter. Men nå kan me altså det.

Etter om lag seks kilometer, begynte magane å ropa etter vaflar. Den flotte gangbrua over vatnet er ganske stilig med kvilebenk. Minstemann vart oppmuntra av utsikten til varm kakao og kake om ikkje for lenge.


Her tar me eit godt skritt bakover (sørover) frå gangbrua. Denne bukta er ei perle. Eg forstår godt dei som drøymer om sommarhus i dette området. Me tar gjerne turen på ny i litt varmare ver.

Tilbake på heimlege traktar. Biletet er tatt på Storhaug. I høgre biletkant går gamle R 44. Eg lurer på om denne vegen er i skiljet mellom Grude og Storhaug. 
Det var første gong eg gjekk her. Torfinn hadde nett lært om vegen frå turvennen sin. Vegen fører fram til Grudevegen. Der kjem me inn på den nokså nye turvegen til Øksnevad. Me gjekk forbi Krokhøl og fram til Sandhol. Ikkje langt frå Sandhol er det eit vad over Figgjoleva. På denne turdagen var alle steinane dekte av vatn.


Litt nord for Sandhol vier elva seg ut. Frå denne plassen er det ikkje langt att til Øksnevad.


Me blir så glade kvar gong me finn slike godt opparbeidde turvegar. Eg liker jo også når det er fine steingardar langs vegen.



 

tirsdag 26. september 2023

Klassetur til til Polen juni 2023. Del 4, Sachsenhausen.

Sachsenhausen er ein konsentrasjonsleir i byen Oranienburg i delstaten Brandenburg i Tyskland. Leiren ligg  35 km nord for Berlin. Elevane på Orstad skule måtte stå tidleg opp om morgonen tysdag 06.06. Frokosten på Hotel Europa City var klokka 06:30. Det var ikkje alle som hadde stor matlyst så tidleg. Klokka 09:00 var me klar for omvising i KZ Sachsenhausen.

Konsentrasjonsleiren var i drift frå 1936 til 1950. Først vart han dreven av Tyskland sitt nazistiske regime, deretter av den sovjetiske okkupasjonsmakta.


Også her er det innfelt i porten: Arbeit macht frei. Men her er B rett veg. Slik var det ikkje i Auschwitz.
Me var på besøk ein særs varm dag. Sjølv så tidleg om føremiddagen merka me varmen.


Brakke 16. Veldig mange av bygningane var vekke frå den tida leiren var i bruk. Omrisset av brakkane viste kor dei låg og kor mange det var. 


Rommet der fangane hadde måltida sine. Me fekk høyra at det kunne vera så fullt at fangane måtte sitja helst sidelengs og halda den eine armen ut av bordet for å gi sitjeplass til alle.




Golv og bord var reinskurde. Taket vitna om slitasje og elde. Her inne kunne me lett tenkja oss kor forferdeleg det måtte ha vore å bu, eta og sova under slike forhold.


Piggtråden fekk meg til å tenkja på dei gongene me var på Solastranda då eg var jente. Der fekk me alltid beskjed om å passa oss for piggråd gøymt i sanden. Ja, særleg gøymt var det ikkje. Piggtråden stakk opp i kveilar både her og der. For oss som vaks opp på femtitalet, var det ikkje knytta til krigsherjingar og lidingar. Det var berre noko som låg att etter krigen, og me måtte passa oss for ikkje å trå på det. Her i leiren var det blodig alvor å koma nær piggtråden.


Også i denne leiren var elevane lyttande. Dei forsto at det ikkje kunne nytta å tenkja på å ryma frå leiren.


Nokre få bygningar sto att. Her fekk me og forståing av størrelsen på leiren.


Med stort alvor og skrekk fekk me fortalt kva desse polane hadde vore brukt til. Fangane vart bakbundne og kroppane vart hengde opp etter polane.



Minnesmerke over retterstaden.


Me var glade me kunne koma inn portane og så få gå ut og vera frie menneske.







fredag 30. juni 2023

Klassetur til til Polen juni 2023. Del 2: Auschwitz II, Birkenau

Auschwitz II, Birkenau.

Birkenau er ein del av Auschwitz, kalla Auschwitz II. Denne leiren er nok mest knytta til Holocaust-tragedien. Sommaren 1941 peika Himmler ut Auschwitz- Birkenau  som ein av stadene for "Den endelege løysinga  på jødespørsmålet." Våren 1942 vart arbeidet med å byggja opp leiren starta. Alt då me gjekk ut av bussen og såg mot leiren, forsto me at det var noko litt nifst med jernbanelina som starta utfor leiren og gjekk langt inn i leiren Birkenau. Me fekk fortalt at i starten måtte fangane gå dette strekket for å koma inn i leiren. Men det vart for tregt og for vanskeleg, så det var anlagt bane også utanfor porten.


Biletet under viser kor stort området er og korleis jernbanen fører fangane inn i eit ukjent, forferdeleg liv. Langs ei linje sto framleis ei av "kuvognene" som fangane vart frakta i. Det var mange som ikkje greidde reisa i desse vognane.
Elevane frå Orstad var utruleg rolege og greie. Her i Birkenau vart dei ganske alvorlege over å høyra korleis fangane låg i køyer over kvarandre og ikkje fekk gå på do når dei måtte.

Veldig mange av brakkene var øydelagde etter så mange år. Frå  vakttårenet heilt ved inngangen var det lett å forstå kor stort området er.




Me vart først førde inn porten attmed vakttårnet og piggtrådgjerda. Det er lett å forstå at tanken på å koma seg ut ikkje kan ha vore stor. Det må ha gitt lite og ikkje noko håp. Når ein ikkje ein gong kan planleggja å røyma.


Elevane ventar på å koma inn i ei av sovebrakkene.


Alvoret seig innover elevane etter kvart som dei forsto kvifor det var heldig for dei fangane som låg i øvste køye. Det var tre køyer over kvarandre. På golvet under sengene kunne det og liggja fangar. Slik er ikkje lett å ta inn over seg når ein kan dusja kvar dag og somme fleire gonger til dagen. Husa våre kan ha fleire baderom for å sleppa kø.


Ved enden av ruta kom me til eit krematorium som var i ferd med å smuldra heilt bort.

Forvitringa er i gang. Snart vil ruinane vera heilt vekke.


Denne dagen møtte me på fleire grupper jødar. Gutane og mennene tok på seg det israelske flagget før dei tok runden. Denne gruppa kom frå Toronto i Canada. Eg kom i snakk med to vaksne damer som sat nær meg. Dei vart beigeistra då eg fortalde at me var frå Norge med ungdommar på 15 år for å læra om historia til jødane under krigen.



Elevane hadde fått ulike oppdrag før dei reiste. Desse ungdommane las dikt etter tur. Etterpå vart det lagt ned blomster på eit minnesmerke over nordmenn som hadde vore i Birkenau under krigen. Elevane las tydeleg  og roleg.


Tilbake ved startpunktet såg me fleire jødiske grupper. Nokre vaksne menn song ein klagesong på skinnene. Det var visst ganske vanleg. For meg vart det ei særs sterk oppleving.






torsdag 29. juni 2023

Klassetur til til Polen juni 2023. Del 3, Berlin og Stasifengselet.

Berlin

Brandenburger Tor måtte me jo sjølvsagt få med oss.  Me var og med Unter den Linden. Bussen stansa. Alle fekk seg ein god spasertur i strålande ver. Det var opp mot 28 grader. Såpass tidleg på dagen var det ikkje overfylt av folk eller turistar i Berlin. Me kunne gå roleg vidare til Alexanderplatz.


Det var lett å orientera seg. Store, kjende bygningar og tv-tårnet raga godt i bybiletet. Elevane fekk lov å handla på ulike store kjøpesenter. Me vaksne hadde avtale om å møta dei på Alexanderplatz på visse klokkeslett. Det gjekk heilt greitt.


Tjuefire elevar på sightseeing i Berlin.




Brandenburger Tor.


Nokre folk er alt på byvandring. Likevel hadde eg forventa meir køgåing. Så det var herleg å vandra i ro og fred.


Mange staselege bygningar.

Treffpunkt Alexanderplatz var ein genistrek. Same kor eg var på eiga hand mens elevane handla, hadde eg kontroll på kor eg skulle gå for å koma dit. Tv-tårnet var nær ved. Det var også eit særs godt landemerke. Det gjorde godt med eit pusterom mellom alle dei alvorlege stadene me var på. Eg fann meg ein iskafé. La Luna. Der kunne eg nyta lunka vaffel med jordbær, is og krem til ein herleg kopp kaffi. På nabobordet sat tre vaksne damer. Me kom i snakk. Dei var frå Sverige, USA og Belgia. Samtalen gjekk på engelsk. Eg hadde berre ein time på meg før møtetid. Den timen gjekk rasande fort og vart særs interessant.

"Gedenkenstätte- Hohenschönhausen"

Stasifengselet besøkte me etter å ha vore i Berlin på turen vår. Elevane hadde fri frå plikter mest heile måndag 05.06. på dagtid. Då hadde dei handla i butikkane rundt Alexanderplatz. Om ettermiddagen, i steikande sol, fekk me ei omvising i "Gedenkenstätte- Hohenschönhausen", altså Stasifengselet. Guiden forklarte kor snedig system tyskarane hadde med å henta fangane inn i fengselet utan at dei forsto kor langt og kor dei vart frakta. Fangane såg aldri kvarandre. Men dei kunne høyra lydar som tydeleg fortalde dei at dei ikkje var aleine i fengselet. Det meste av tida gjekk med til forhøyr. Då vart fangane frakta i noko som mest må samanliknast med sluser, slik at dei aldri såg andre fangar på veg til og frå forhøyrsrommet.

Guiden vår snakka eit utmerka engelsk. Dermed var det særs lett å fylgja med i alt han forklarte. Guiden har brun caps på seg. Reiseleiaren vår, Berit Aakre, står heilt til høgre. Ho var særs flink med elevane og oss vaksne. Alt her ser ein lyttande stilling hos oss alle.




Toilettforhold i ei celle. 
Me fekk høyra om kor vanskeleg det var for den som slapp ut av fengselet å bli trudd når han fortalte historia si.

Bilane dei vart frakta i var laga slik at ein og ein person vart ført inn i bilen i ei mørk avdeling. Neste fange likeeins. Kvar bil kunne frakta 3-4 fangar. Bilen kjørde i fleire timar for at fangane ikkje skulle rekna seg fram til kor dei vart førde. Kvar fengselscelle hadde eit alarmsystem. Når ein fange brukte alarmen, var det forventa at vedkomande trengde hjelp av lege eller anna særs viktig tilsyn. Ein 17 år gammal gutt hadde ikkje forståing for kvifor han vart fengsla eller alvoret i fengselet. Då han brukte alarmen feil, vart straffa tre dagar utan mat og vatn. Fangane fekk ikkje sova i fred gjennom natta. Dei vart konrollerde jamt og trutt fordi dei skulle visa begge armane når dei sov. Viss fangevaktaren berre såg ein arm, vart fangen vekt og refsa.

Den som kom ut, kunne ikkje visa til vitner. Det tok lang tid før folk forsto alvoret og sanninga om opphaldet i Stasifengselet.

Elevane vart ganske stille og alvorlege etter kvart. Her pustar dei ut i skuggen etter inntrykka inne i fengselet.


Det vart mange stader og hendingar å forhalda seg til på den veka besøket varte. Eg måtte tenkja meg nøye om då eg såg over mine eigne bilete etterpå kor kvart bilete var frå. Heldigvis kan ein finna ut dato og klokkeslett for kvar bilete. Nå håpar eg at eg har fått rett bilete til rett tid og tekst. 
Dagen etter visitten i Stasifengselet venta nye inntrykk i Sachsenhausen og Ravensbruck.


onsdag 14. juni 2023

Klassetur til til Polen juni 2023. Del 1: Til Auschwitz I

Klassetur til Polen i ein alder av 75 år, korleis kan det gå til?
Orstad skule hadde klassetur til Polen 31. mai til 8. juni. Eit barnebarn trengde følgje på vegen. Det vart meg.

Bussturen starta klokka 03:00 om natta onsdag 31. mai.  Framfor oss hadde me då denne lange strekninga å gjennomføra.


Heldigvis fekk me fleire stopp undervegs. Første dagen var heller ikkje så varm. Humøret var bra sjølv etter ei skral natt i buss og på ferje.


Spornitz viste seg å vera ein landleg idyll. Tidleg om morgonen den 1. juni fekk eg meg ein kort spasertur før frokost. Rett over gata for hotellet såg eg både hus laga av murstein og eit trehus. Det merka seg ut saman med murbygningane. Her hadde dei og tatt vare på eit gammalt fjøs. På marka utfor husa gjekk nokre geiter og metta seg på halvtørt gras.


Torsdag første juni vart ein særs varm bussdag. I asfalten vart det målt 48 grader. Inne i bussen var det 29 grader. Etter kvart forsto både reiseleiar og bussjåfør at noko var galt. Det viste seg at filteret i bussen var helst tett. Me overnatta på Ibis hotell i Krakow. Det var eit enkelt hotell. Men me var så glade for å få stella oss og kjøla oss ned, så det gjekk greitt. Sjåføren vår fekk bestilt ny buss til neste dag med besøk i Auschwitz mens vår eigen buss var på verkstad.
Natta vår vart ikkje lang. Frokost måtte me innta klokka 06:00. Ny buss sto klar for avreise klokka 06:45. Då hadde me god tid. Framme ved leiren i Auschwitz vart det ein del venting. Her var alt mange turistar klar for å sjå leiren. Så det var greitt me kom i god tid.


Tysk system var akkurat slik me hadde tenkt. Ikkje noko går på slump her. Handbagasjen kunne berre vera på størrelse med eit A4 ark. Det vil seia ei lita skulderveske eller ei rumpetaske til flaska med vatn og telefonen. Inne vart me slusa gjennom sikkerhetskontroll. Roleg og ryddig, så det var ikkje noko problem.


"Arbeit macht frei" med B opp ned viste med ein gong at dette var Auschwitz. Krigsfangane, jødane, hadde fått behalda bokstaven B slik. Elevane var ganske stille. På hovudet har alle øyreklokker. Me fekk engelsk tale frå ein veldig flink guide. Ho var tysk, men var god i engelsk og særs sakleg i det ho sa.


Særs mange ting gjorde inntrykk på oss alle. Av og til greidde eg berre ikkje å ta bilete. Men her eg me ute på ein av dei  mange vegane mellom alle bygningane. Det var liten tvil om at å ryma verka umogleg.
Både ute og inne var alt så reint og strigla. Eg kunne ikkje heilt sjå for meg kor forferdeleg det ein gong var. Lukta var frisk. Cellene reinvaska. Ingen trengsel. Ingen som hylte. Ingen fortvila skrik. Restar av klede og koffertar og personlege gjenstandar låg sirleg i montera. Alvorleg var det. Men ingen av oss vart så leia at me måtte ta ei tid for oss sjølve. 


Matskåler og vasskrukker. Kvar fange tviheldt på si skål. Utan skål vart det ingen mat. 


Sko i alle fasongar. Ganske mange av jødane hadde ingen tanke for å ta på spasersko eller sko som kunne tola ein støyt. Dei visste ikkje kva som venta. Så her var høghæla sko, sandaler, lette sommarsko og vakre, tynne støvlettar frå damene.


Barneklede sydd med flid for det som alle elskar mest. Ditt eige barn.



Ikkje mange barn overlede tida i Auschwitz. Maten var elendig. Men barna vart og brukte i forskjellige forsøk. 




Håpet om å koma ut har ikkje vore stort. Vakttårn, piggtråd, avretting for ingenting. Det er mest omogleg å setja seg heilt inn i og forstå. Eg er glad for at eg fekk oppleva dette. Vondt var det, men ein får også mange tankar. Det trur eg også dei fabelaktige elevane fekk.






Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...