I slutten av januar 2025 og ikkje minst i februar fekk me usedvanleg fint ver for årstida. Då vart det turar til Ogna, Lifjell, Frøylandsvatnet, Orre og Nærland.
Eg startar med ein ganske kort og lett tur frå Hølland gard på Ogna til dagsturhytta i Ogna, Tvitjørnhytta. Denne turen har eg gått fleire gonger, men aldri så tidleg på året. Det var ei ny og spanande oppleving.
Utsikten var ganske annleis nå som det ikkje var lauv på trea. Me kunne sjå langt inn til Bjerkreim kommune. Vatna me ser heiter Tvitjørna.
Utsikten var ganske annleis nå som det ikkje var lauv på trea. Me kunne sjå langt inn til Bjerkreim kommune. Vatna me ser heiter Tvitjørna.
Frå Tvitjørna flyttar me oss til Klepp.
Berre kort tid før me trilla til Ogna, var det kaldt på Klepp. Isen hadde lagt seg som ei tynn hinne på Frøylandsvatnet.Midgardsormen er blitt mykje meir populær enn eg nokon gong kunne ha tenkt då prosjektet var nytt. Folk kjem frå fjern og nær for å prøva brua og gå tur i Njåskogen.
Akkurat denne dagen i slutten av februar, såg og høyrde eg lerka her langs elva.
Frilufthuset på Orre har fått ny kledning mot sør. Sola tærer nok særs mykje på denne sida av bygget.
På Nærland var det roleg på land og berre litt sjø den 2. februar. Berre kort tid før det hadde stormen som kom i januar ruska godt opp ved fyrlykta på Håtangen. Steinar låg strødde rundt om. Den gode turvegen var ikkje brukande for han som måtte kjøra elscooter.
Naustet hadde fått skikkeleg juling. I eine hjørnet var store steinar skylt vekk i uveret.
Midt i februar kjørde eg saman med ei venninne til Hommersåk og svingde inn Jødestadvegen for å koma opp til Lifjellvarden. Eg skulle undersøkja om vegen opp var reparert slik at Torfinn kan kjøra opp med scooteren.
Himmelen var blå med nokre truande skyer mot Stavanger og mest mot sør og Sandnes. Vinden var litt kald. Me fann så vidt ein plass med live for å innta medbrakt mat.
Utsikten rett over mot Hinna kunne me ikkje klaga på I Jåttåvågen kunne me sjå eit nytt byggeprosjekt som heiter "Søstrene Hinna."
Litt skumle skyer på heimveg. Me fekk likevel opphald heile tida. Takk for følget til Kari. Kjørevegen var forresten berre brukande for gåande.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar