torsdag 1. august 2019

Fjøløy fort og Utstein kloster

.


Om lag ein gong i året tar me turen frå Klepp til Utstein kloster på Klosterøy og Fjøløy. Namnet Utstein skriv seg opprinneleg frå eit lite skjer vest for Klosterøy.
Mest kvar gong har me fått strålande ver. Denne gongen steig temperaturen til 27, 28 grader. Vinden kan ikkje ha vore meir enn 0,3-1,5 på skalaen. Flau vind.
Klosteret ligg ganske dominerande til i landskapet. Utstein kloster er det einaste fullt bevarde middelalderklosteret i Norge. Me vert litt overraska over kor stort klosteret på Mosterøy er. Klosteret var tilknytta augustinerkorherrane. Kyrkja var via til St. Laurentius. Det var lagt under biskopen i Stavanger.
Harald Hårfagre hadde sin kongsgard her.
Det er ulike tal angåande kva tid klosteret vart oppførd. Nokre kjelder seier 1257, andre at klosteret vart begynt på i 1157.
Opplysingane har eg funne på utsteinkloster.no og klostergarden.no



Sommaren 2018 var me på besøk akkurat då veggane vart kalka. Nå i 2019 såg klosteret særs velstelt ut. Hagen er også fint stelt. Det er ein roleg rusletur å gå rundt klosteret og sitja litt på trappa eller berre stå og nyta bygningen og områda rundt. Kvar gong me har vore her, har det vore få turistar å sjå. Denne gongen sto det tre bussar og venta. Likevel var det heilt fredeleg ute.

Her er arbeidet i gang i 2018.
Arbeidaren skulle nett ha seg pause etter denne malerunden. Då han kom ned, fekk me snakka med han. Sommaren 2018 var varm over lang tid, så det måtte bli mange pausar for dei som kalka i solsteika.

I denne båtstøa var det stor festivitas sist sommar og opning av gardsutsal. Då kom me akkurat litt skakt ut med tida for å koma inn. Nå var dørene lukka tett igjen. Me kunne heller ikkje finna skilt eller oppslag om opningstider. Gardsutsalet skal vera ope onsdagar til søndagar frå 12-16. Slik står det på heimesida til Utstein gard. For oss gjorde det ingenting om me var på feil dag. Utsikten og freden var fabelaktig. 


Klostergarden vert i dag driven av Inger Lise og Anders Schanche Rettedal. Dei er ellevte generasjon. Dei har ikkje mindre enn 600 vinterfora sau,1600 slaktegris, 15-30 utegåande gris og 30 ammekyr. Kulturlandskapet er stort til å halda i hevd. 


Rundt Fjøløy fort er det laga til flott tursti. Ein kan ikkje koma heilt rundt utan vidare. I alle fall berre til fots. Vår tur gjekk til dette fundamentet for ei kanonstilling. Landskapet er kupert. Dei ulike installasjonane er godt kamuflerde frå havet. På land har ein full oversikt over innsegling til Byfjorden. Staden ligg sentralt i høve til farvatnet mellom Tungenes-Kvitsøy og Kvitsøy-Skudenes/Karmøy. På eit av fleire oppslag langs stien, såg me at anlegget stort sett vart bygd av østerikske soldatar som var sett på som rimelege folk. Anlegget vart bygd i 1941.


Frå Utstein gjekk turen til Fjøløy. Først var me nedom fyret. Deretter fann me flott rasteplass på kaia på Fjøløy. I den steikande varmen var det herleg å sitja ved utebord plassert på kaia.

Me tenkte av det berre var småbåtar som kunne nytta denne kaia. Men ganske snart kom eit større fartøy i stille fart sigande innover. Biletet er tatt i mai 2018. I juli 2019 låg vatnet speilblankt.

Når du kjem heilt til toppen av anlegget til Fjøløy fort, er dette noko av det auga får sjå. Denne dagen var me så heldige å sjå denne  fartkosten koma inn til kaia. Båten hadde først nokre rundturar att og fram. Kanskje det var turistar om bord.

Tilbake til Utstein. Like stilt som då me kom. Det er ikkje så stor parkeringsplass her. Me har likevel alltid funne ein god plass til vår bil.

Lyset skin i mørkret. Her er me inne i eit anneks eller eit lite sidehus til sjølve klosteret. Denne gongen var her opplåst. Rommet såg ut til å vera brukt til konferanserom.

Eit staseleg bygg er det. På det meste budde det ikkje meir enn 10-20 brør her. I tillegg kom mange fleire tenestefolk som sto for gardsstell, husbygging og matlaging. Eg les på Wikipedia at klosteret hadde store jordeigedommar og kunne brødfø om lag 250 menneske kvart år. Det meste av klosteret er bygd i stein og med portalar og vindu i kleberstein


















































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...