lørdag 4. juni 2022

"Standvandring på Jæren" 2022, Sandestranda til Tungenes fyr og tilbake

Turane i prosjektet "Strandvandring Jæren" 2022 er laga som eit samarbeid med frivilligsentralane i Hå, Klepp, Sola og Randaberg. I fjor var ikkje Randaberg med i prosjektet. Eg trur ikkje dei hadde oppegåande frivilligsentral då. Eg hadde gleda med i lang tid til første tur. Den gjekk frå Sandestranda til Tungenes Fyr og tilbake. På Tungenes Fyr har eg vore opptil fleire gonger. Men på Sandestranda hadde eg ikkje sett min fot tidlegare. Sist eg besøkte Tungenes Fyr, gjekk eg litt på svaberga rund fyret. Nå fekk eg ei heilt anna og spesiell oppleving med å gå mest heile turen ut mot havgapet.

Stranda er ikkje stor. Heldigvis var det god skilting på Tungenesvegen. Eg hadde kjørt E39, Mekjarvikvegen, frå Klepp til avkjøring Harestadvika. Der slyngde vegen seg under E39 og gjekk vestover langs Harestadvegen. Det var siste avkjøring før Mekjarvik og Byfjordtunnellen. Heldigvis hadde eg studert kartet godt på førehand. Det var nemleg ikkje varsel om at ein kom til Harestadvegen.
Sande barnehage ligg rett sør for siste avkjøring til parkeringsplassen på Sandestranda.


Turleiarar var Anne Grødem i Randaberg turlag og Morten Kvanvik Rønne frå Frivilligsentralen i Randaberg. Turleiaren med vest frå Den Norske Turistforening viste seg å koma frå austsida av London. Han var geolog av yrke. Me fekk ein god prat litt lenger fram på turen. Morten Kvanvik Rønne var flink til å ønska velkommen og til å få eit fint tempo på turen. Han oppsummerte kva for stader turgåarane kom frå. Frå Klepp var me seks personar. Så vidt eg fekk med meg, var det ikkje folk frå Hå.

Vermeldingane hadde vore temmeleg usikre. Det var tryggast å ha på regnbukse og regnjakke, fann eg ut. Utruleg nok var det  berre i Sandebukta at me fekk litt dryss av noko vått frå himmelen. I havet sto skodda. Men så letna det i veret meir og meir. Det første strekket gjekk i vasskanten i sand og litt leire.
Vinden forsvann. 

Slike svaberg kom me til etter ganske kort tid. Strandnelliken som  eigentleg heiter fjørekoll, viste seg frå si beste side med skarp rosalilla farge. Eg har lett på nettet for å finna ut om den gule veksten er rustlav, sopp eller rur eller noko anna. Svar har eg ikkje funne. Rustlav har eg mest tru på. Vakkert var det i alle fall.


Under vandringa passerte me både naust og hytter. Dei fleste hyttene såg ut til å ha stått der i ganske lang tid. Nokre var fint oppgraderte, men dei var små og passa såleis godt inn i miljøet. Kanskje Randaberg kommune har stenge krav til hytter som ligg så nær havgapet og rik flora og rikt fugleliv.


Her er me snart på yttarste neset av Tungenes. Ferja Stavanger - Kvitsøy vert nærmaste nabo. Ganske langt uti havet ligg Kvitsøy. Nordsjøen ligg i vest.


Tungenes Fyr. Denne gongen møtte eg fyret frå ein heilt anna vinkel enn når ein kjem dit med bil. Eg hadde ikkje heilt forstått kor mange bygningar det er og kor store dei er. På innsida av fyret hadde me rast. Ein ung mann tilsett i Jærmusea, fortalde livleg og underhaldande om korleis fyret vart til i 1828.
Tungenes utgjer den nordlege enden av Jæren og begynnelsen på innseglinga til Stavanger. Nokre talglys i eit loftsvindu i Tungevågen leidde fiskarane inn til Stavanger. Silfisket og silda gav byen store inntekter. I dag er Tungenes Fyr først og frams eit kulturelt fyrtårn med eit mangfaldig aktivitetstilbod. Her kan du oppleva utstilling av kunst og konsertar. 


Tiriltunga lyste godt opp.


Frå parkeringaplassen på Tungenes er det laga sti langs kysten som følgjer Byfjorden. Her seglar båtar og cruiseskip inn til Stavanger.

Skipet var av den store sorten denne dagen.

Det er ikkje ofte eg kjem over bekkeblom nå for tida. Langs turstien fekk eg med meg ein fin samling mellom nokre steinar. Neste tur i Randaberg går frå Viste Standhotell, langs sjøen frå Vistestranda. Dagsturhytta og fyrlykta på Vistnes skal ein gå til. Vistehola eller Svarthola er ein  attraksjon frå bronsealderen. Eg håper å få med meg den turen også.

Håpet er lyseblått. Irisen i Randaberg var sterkt blå.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...