mandag 13. juni 2022

"Standvandring på Jæren" 2022, Viste Strandhotell til Visnestangen og til Vistehola.

Randaberg kommune arrangerte to strandvandringsturar i 2022. Den første gjekk heilt i nord mot Tungenes. Tur nummer to starta ved Viste Strandhotell. Der eg god parkering. Eg valde å kjøra Fv. 110 og så Fv. 109 om Sola og Hafrsfjord frå Klepp. Det var ikkje lurt. Der kom eg ut for ein god del tungtrafikk i området ved Snøde og Risavika. Heldigvis kom eg til start nokre minutt før klokka 10:00.


Stranda på Viste låg einsam då turen starta. Tre timar seinare var her liv og røre og skulebarn som skulle læra å surfa.


Stien gjekk så nær kystlinja som det kunne gå an. Den gule irisen, sverdlilja, hadde så vidt opna seg. Hytter og naust låg forsiktig i landskapet. Stien var særs lett å gå. Blomstene i dette området gjer både botanikarar og andre varme om hjartet. Mengder av fugl av mange slag finn føde og kvile under eit av viktigaste fugletrekka  mellom Europa og Arktis. Eg har lese på nettsider om Randaberg for å finna desse opplysingane.


Frå Klepp kom det fire turgåarar utanom meg. Gerd Elise Johansen og Reidun Håland har eg vore på tur med ganske ofte. Til saman var me 21 som gjekk turen. Førse slåtten var unnagjort her på Viste.


For oss som kjem frå Klepp, er det nytt og flott å gå så nær svaberga. Byfjorden låg så stille så stille. 
Området her er eit landskapsverneområde. Det er  oppretta på grunn av sitt eigenarta kultur- og naturlandskap.


På veg inn til Vistnestunet. Det har  budd folk på Vistnes i mist 4000 år. Vistnestunet er eit gardsmuseum frå 1897 med heimehus, eldhus, løe og vindmaskin. Garden blir i dag nytta til omvising for publikum og til skuleundervising. Her kan familiar koma og oppleva både dyr, utstyr frå gamle dagar, gamle hus og treskedag.


Vindmaskinen. Denne eineståande vindmølla vart nytta til å driva treskeverket då dei treskte kornet i løa.


Heimehuset med kvardagsinngang. På motsett side var det hovudinngang med dobbeldør. Ein gong for ganske lenge sidan var eg her saman med tre andre ektepar. Me hadde kledd oss ut i gamle klede. Rømmegrøt blei servert av dei som hadde laga til samlinga. Nå fekk eg sjå att stova me sat i. Alt var heilt prikk likt slik eg hugsa det.


Eldhuset sett frå baksida. Steinhuset fekk meg til å tenkja på filmseriar me har sett frå Shetland eller Skottland. Det er kanskje ikkje så rart. I Norge har me nok lært mykje om steinarbeid frå Storbritania.
Eldhuset er bygd av gråstein tidleg på 1900-talet. Løa er bygd i 1874 og er ei stavløe.


Frå Vistnestunet gjekk vandringa om dagsturhytta. Her kunne ein velja å gå grussti eller fylgja kystlinja. Me gjekk langs kysten. Dagsturhytta låg også her fabelaktig til i landskapet. Dette er berre litt av det ein kan sjå. Hytta var ikkje offisielt opna. Me forsto likevel ganske fort at det må bli eit ynda turmål.


Neste mål på turen var Vistnestangen og Viste fyr. Her er me på god veg. Nausta her ligg også forsiktig og fint i landskapet.


Etter å ha gått i krinkel og krokar ved naust og nær hytter, kom me så til Viste fyr. På eit kart såg eg det heitte Vistnestangen lykt. Når ein står ved Brutt lenke-monumentet på andre sida av Byfjorden, kan ein sjå det vesle fyret.


Reidun Håland er fotograf ved Vistnestangen lykt.


Nå er me på historisk grunn. Vel 100 meter frå sjøkanten ligg Vistehålå. Her budde det folk frå steinalderen til folkevandringstida, frå 6000 år f. Kr. til 500 år e. Kr.. Ved det gamle tunet på Viste ligg ruinar etter ei steinkyrkje frå middelalderen, 1200 - 1300 e. Kr..
Namnet "Viste" kan stamma frå ordet "vist" som tydde "et eldre veidefolks midlertidige bosted".
Vika utanfor, Vistevika, som grenser både til Sola og Stavanger, har namn etter denne garden.
Desse opplysingane fann eg på ei side til Randaberg kommune: "Langs kysten i Randaberg".
Sist eg besøkte hola, syntest eg ho var så lita. Det var nok rett tenkt. I seinare tid har hola nemleg blitt reinsa og det har blitt gravd framføre ho. Nå kunne eg mykje lettare forstå at her hadde budd opp mot 10 personar på same tid. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...