mandag 30. juni 2025

Lyefjell. Varden, Ulvatjørn og Stubbanuten.

Lyefjeell har eg høyrt mang ein gong har fint turterreng. Det har berre aldri blitt noko av at me kjørde til Lye for å gå i heia der. Ei venninne spurde om eg ville bli med. Då bar det av garde forbi Bryne. Der kjørde me inn på Fv 506, Ålgårdsvegen. På Lye tok me av til Lyevegen. Eg kunne kjøra vegen heilt til endes forbi Monsanut barnehage.. Der var akkurat plass til to bilar for parkering før stiane inn i terrenget. Ein bil sto der frå før. Me fekk fint plass til vår bil.
Rett ved vegen var det skilting til Varden. Stien inn i skogen var noko blautt. Eg hadde nokså nye, kraftige joggesko. Heldigvis greidde eg å koma fram utan å verta våt i sokkane. 

Den første etappen inn til Varden var heller enkel. Terrenget var ikkje så bratt. Fleire markeringspolar var nymalte. Ved Varden møtte me ein turgåar som peikte ut retning for å koma til Ulvatjørn. Begge damene hadde ein turapp, "Trimpoeng". Me fann fram telefonane og sjekka at me heldt oss i den blåmerka løypa. Men så gjekk tatlet. Plutseleg såg me at me hadde kome ut av løypa. Då rota me oss over ei myr og gjekk i retning av det me meinte måtte vera Ulvatjørn. Endeleg kom me til ei merka sti. Men her var rødmerkene veldig svake, så her måtte ein skjerpa seg for å fylgja med.

Stien går ganske kloss i vatnet. Også her var det ganske blautt. Eg måtte sikta ut av løypa og treffa tuer eller steinar for å halda meg tørr. Det greidde eg her og.


Å, det er så godt med merking av løypene. Takk til dei som oppdaterar turstier.


Mykje av terrenget såg slik ut, i alle fall for oss som var der første gong.


Me vert litt små på ei stor myr. Kari leitar etter telefonen for ny rutesjekk.

Gåstavane kom godt med. Av og til måtte me forsera småbekker. Frå Ulvatjørn var det grei skuring ganske lenge på stien vår. Men så kom me til eit vegskille der det mangla opplysing om retning til Stubbanuten. Då måtte teknologien hjelpa oss. "Er du på på blå sti?" "Ja, alt stemmer her."
Etter eit nokså blautt skogsparti stemde det ikkje meir. Då gjekk me tilbake nokre ti-talls meter. Så sakte framrykking. Kari oppdaga ein mest uanselig sti då me gjekk litt fram og tilbake. Pålane med merking var gamle og særs slitne i malinga. Eg såg heldigvis pålane. Av og til sanste me raudt på litt lengre avstand. "Rykk fram! Her er det raudt."


Begge var storførnøgde då me kunne henta poeng i appen vår på Stubbanuten. Her fekk me selskap av ungdyr og ein gardbrukar. Kan henda han kalka. Bak traktoren rauk det ei gråkvit sky. Matpausen var verkeleg fortent. Desse tre toppane med poeng kvar plass, hadde kosta oss litt energi og hovudbry. Framleis hadde me eit godt stykke å gå i umark før me kom til Lye att. 

Idyllar fann me og. Over denne bekken låg det heldigvis ei bru.

Denne steinen hadde opning tvers gjennom. Det var ganske artig å sjå.


Mosen var av ein annan sort enn me elles ser. Til vanleg går eg jo oftast ved sjøen. Der har eg ikkje sett denne typen mose. Fint var det med det eg tok for gåsemure innimellom mosen.


Mose er spanande når ein tar seg tid til å studera han. Stien frå Stubbanuten til Lye fann me fram i utan problem. Terrenget var ganske lett å gå i der.


Kanskje dette er skogsmarihand. Eg har nok sett flest flekkmarihand på tuarar eg går. Nå prøvde eg å samanlikna bilete på nett. Fin og sterk i fargane var blomsten uansett. Denne runden vil eg nok ikkje ta fatt på aleine neste gong. Først må eg ta han saman med andre og bli tryggare på vegval etter Varden. Det må ikkje gå lenge til neste forsøk.

torsdag 29. mai 2025

Borestranda og sør til Reve hamn 2025

 Frå blokka der eg bur, er det berre ein kjøretur på femten minutt til Bore camping og stor parkeringsplass nokså rett i Borestranda. Av og til tar eg turen langs Borestranda og går sørover heilt til Reve hamn og tilbake. Då treng eg to timar om eg ikkje stoppar for mykje. Jo fleire bilete eg tar, desto meir tid går det. På varme dagar kan eg ta med mat og nyta nista i Reve hamn.

I februar starta eg med godt mot. På Hodne er det vanlegvis ganske blautt langs og på stien. Vatnet sig alltid frå skråningane i aust. Denne dagen låg det framleis issvullar på stien.

Heldigvis kunne eg gå på steinane heilt i sjøkanten. Turen vart kortare enn planlagd. Det vart litt for mykje is etter kvart.
April kom med mange fine turdagar. Surfarane som held til på Hodne, er snare til å finna stranda og havet med ein gong det er varsla bølger. Eg kom i snakk med ein surfar. Han visste akkurat kva tid han måtte kasta seg i bilen og kjøra til Hodne for å bruka surfebrettet.

I første halvdel av mai hadde me ikkje akkurat sterk varme. Det betyr visst ikkje noko for dei som liker seg i det våte elementet. Tre unge menn såg ut som om dei var litt uvande med surfing. Men dei kom seg då opp og fekk ri på ei bølge i ny og ne.

Fjortande mai var ein fin og ganske varm dag etter årstida. I Reve hamn møtte eg to damer som lurde på om det var trygt å bada i hamna. Vatnet i Reve hamn ser alltid kvitt og ureint ut slik eg ser det. Eg trur ikkje forholda er slik som i Sele hamn. På Sele vert vatnet skifta ut av dragsug eller kva det måtte vera. Då eg såg på vatnet i Reve hamn, kikka eg forskrekka bort på damene og sa: "Her ville ikkje eg ha bada!"
Nei, dei såg og at det kanskje ikkje var lurt. Men eg forklarde dei om ei fin sandstrand som hadde dukka opp rett sør for hamna. Ja, eg fylgde dei bort for å visa. Der var det rett og slett ei vidunderleg rein sandstrand og sandbotn i havet. Bading vart det på ei av damene. Eg fekk lov å bruka biletet.
På heimvegen hadde kyrne i Moldvika flytta seg frå den grøne bakken og rett ned i fjøresteinane. Der eg vanlegvis går. Kalvane gjekk lengst ned mot vatnet. Nå veit eg ikkje om det var ammekyr. Men eg tok beina fatt og klatra opp skråninga i indre del av bukta me ser på biletet. Kyrne vart forvitne og kom etter. Så eg sette opp farten og klatra over steingarden og kom meg vekk. 

Trygt bak den tjukke steingarden såg eg kyrne tok seg nedatt til stranda. På toppen av bakken går det også sti. Eg har velt den ruta andre gonger når stien nede er våt.

Onsdag 28. juni såg eg i Jærbladet at Jæren Turlag skulle ha kveldstur på Bore. Då var det berre å kontakta den gode turvenninna mi, Kari. Me kom oss til Bore i god tid. Turen gjekk sørover frå parkeringsplassen på Bore. Me gjekk i bakdynene og inn gjennom ein bitteliten skogdott og så vest til Fuglingane på stranda. Målet for turen var mellom anna å studera det rike plantelivet på Bore. Vanlegvis er det utruleg fargerikt og vakkert å gå i inndynelandskapet om våren. Nå hadde me hatt ein lang periode utan regn i Rogaland. Det er ikkje så vanleg. Graset hadde gulna, blomstene visna. Me kunne berre ana litt blått, gult og lilla her og der. Nå får me venta eit år på neste blomstring.
Borestanda skuffar aldri. Bølgene skiftar. Lyset skiftar. Den friske havlufta reinsar i heile kroppen.


Frå standkanten klatra me oss litt oppover og fylgde stiar nordover. I nord trua eit mektig skylag. Regnet kom. Men det venta til Skjertorsdag.

Eit godt stykke nordover langs Borestranda fekk me eit uventa eventyr, ja, mest som ein film. To unge menn fekk fart på kvar sin paraglider. Dei suste rett over hovuda våre. Kan henda var det planlagd, men i alle fall tok dei runde etter runde over oss. Det såg ut som om dei hadde god kontroll og styrde dit dei ville. Heldigvis vart dei ikkje tatt av vinden og førde ut over havet.

Fleire gonger kryssa paraglidarane kvarandre. Eg venta berre på ein kollisjon. Det var dei nok trente for å unngå.

Sidan sommarkvelden var lang og lys, kan eg ikkje seia me gjekk heim i solnedgangen Men turgruppa stavra seg opp i sanddynene att og tok vegen langs Figgjoelva til bilane. Ein storslagen kveldstur.



mandag 3. mars 2025

Turar i januar og februar 2025

I slutten av januar 2025 og ikkje minst i februar fekk me usedvanleg fint ver for årstida. Då vart det turar til Ogna, Lifjell, Frøylandsvatnet, Orre og Nærland.
Eg startar med ein ganske kort og lett tur frå Hølland gard på Ogna til dagsturhytta i Ogna, Tvitjørnhytta. Denne turen har eg gått fleire gonger, men aldri så tidleg på året. Det var ei ny og spanande oppleving. 
Utsikten var ganske annleis nå som det ikkje var lauv på trea. Me kunne sjå langt inn til Bjerkreim kommune. Vatna me ser heiter Tvitjørna.


Det var fint å sjå snaufjella.


Frå Tvitjørna flyttar me oss til Klepp.
Berre kort tid før me trilla til Ogna, var det kaldt på Klepp. Isen hadde lagt seg som ei tynn hinne på Frøylandsvatnet.


Eg ville ikkje prøva styrken på isen på Frøylandsvatnet. 


Midgardsormen er blitt mykje meir populær enn eg nokon gong kunne ha tenkt då prosjektet var nytt. Folk kjem frå fjern og nær for å prøva brua og gå tur i Njåskogen.


Til vanleg går eg mykje på strendene på Bore, Sele og Vik. Sidan me flytta, har Bore og Vik helst tatt over for Sele. Men så kom eg på at det også er kort for meg å koma til Orre sidan me bur i Kleppestemmen. I februar tok eg turen dit.


Eg tusla sørover frå frilufthuset og kom til Orreåna på nordsida. Når eg går på Vik, går eg nordover Orrestranda og kjem til den sørlegaste delen av Orreåna.
Akkurat denne dagen i slutten av februar, såg og høyrde eg lerka her langs elva.


Frilufthuset på Orre har fått ny kledning mot sør. Sola tærer nok særs mykje på denne sida av bygget.


På Nærland var det roleg på land og berre litt sjø den 2. februar. Berre kort tid før det hadde stormen som kom i januar ruska godt opp ved fyrlykta på Håtangen. Steinar låg strødde rundt om. Den gode turvegen var ikkje brukande for han som måtte kjøra elscooter. 


Naustet hadde fått skikkeleg juling. I eine hjørnet var store steinar skylt vekk i uveret.


Arbeidet med å rydda unna steinar og rot var i full gong.
Midt i februar kjørde eg saman med ei venninne til Hommersåk og svingde inn Jødestadvegen for å koma opp til Lifjellvarden. Eg skulle undersøkja om vegen opp var reparert slik at Torfinn kan kjøra opp med scooteren.


Kari Gjerstad og eg var usedvanleg heldige med denne turen 15. februar. Veret vart aldeles strålande med sol. Då me kjørde  innover mot Hommersåk ante me så vidt at me kunne koma opp i snø. Heldigvis var dei smale vegane mest frie for slaps og snø.


Himmelen var blå med nokre truande skyer mot Stavanger og mest mot sør og Sandnes.  Vinden var litt kald. Me fann så vidt ein plass med live for å innta medbrakt mat.


Utsikten rett over mot Hinna kunne me ikkje klaga på I Jåttåvågen kunne me sjå eit nytt byggeprosjekt som heiter "Søstrene Hinna."


Kari måtte jo ta bilete for å bevisa at me framleis kan klatra i fjell og koma oss til toppar.


Litt skumle skyer på heimveg. Me fekk likevel opphald heile tida. Takk for følget til Kari. Kjørevegen var forresten berre brukande for gåande.




Lyefjell. Varden, Ulvatjørn og Stubbanuten.

Lyefjeell har eg høyrt mang ein gong har fint turterreng. Det har berre aldri blitt noko av at me kjørde til Lye for å gå i heia der. Ei ven...