lørdag 25. september 2021

Strandvandring på Jæren. Varhaug gamle kyrkjegard til Obrestad hamn.

Onsdag 30. juni kom med eit vidunderleg varmt og stille ver. Eg hadde planar om å gå strekninga for dagens strandvandring tur-retur. Då kunne eg greia meg med ein bil. 
Vakrare dag kunne eg ikkje ha fått for såpass lang tur. 
Då eg hadde parkert i Obrestad hamn, forsto eg straks at her var det berre å la jakka liggja i sekken. Nyinnkjøp for desse vandringane var ei lett trekvartbukse. Den kom vel med.

I mitt eige tempo gjekk eg frå Obrestad 09:03. Ein turapp får med seg alt. Med meg i sekken var fotoapparatet utanom nok vatn og litt mat. Strandturane har starta 10:30 kvar gong. Så eg rekna med å møta turgruppa litt før eg var på Varhaug gamle kyrkjegard.




Nordsjøen låg heilt paddeflat frå tidleg morgon. Slik vart det utover dagen også. Denne bukta er ikkje langt frå kyrkjegarden på Varhaug. Mens eg gjekk sørover, kunne eg fotografera i ro og mak og nyta naturen. Eg gjekk ikkje heilt aleine. På strekninga møtte eg to, tre andre vandrarar. Somme måtte lufta hunden sin.


Mellom Varhaug og Bodle. Nokon har vore nøye med å få bein steingard ned til sjøen. Piggtådgjerder er det visst ikkje lov å setja opp lenger. Men denne har nok fått stå i fred i mange år.


Klobnesteinen synest eg skiltet seier. Eg leita etter namnet på nettet, men fann ingenting. Eit stykke nedfor skiltet ligg ein stein som er delt mest midt på. Kan henda det betyr ein stein som har sprukke. Torfinn kunne uttrykket: "det kjennest som om hovudet vil klobna". Då har ein så vondt i hovudet at det er som om hovudet vil sprengja.



På Bodle. Mange gonger  hadde eg høyrt og lese ordet Bodle før eg forsto kva det var og kor det var. Nå var ikkje dette første turen min på kongevegen. Eg har likevel ikkje funne ut kva namnet kjem av.


På vandringa går ein forbi fleire gamle naust. Somme av dei er i god stand. Andre vil nok ramla saman om berre få år. 


På Bodle er nausta i god stand. Når ein slår opp Bodle på Wikipedia, kjem forklaring om "en bodle" som er likt eit halvt gryn/ein halv gryn. Det var ein skotsk kopparmynt.
Har Bodle vore ein plass der ein kunne tena pengar, lurer eg på.


Også denne tidlege sommardagen segla det båtar forbi ganske nær land.


Her vil det nok ikkje gå lang tid før naustet berre er eit minne.


Framme i  Obrestad hamn, og sola hadde verkeleg fått makt denne praktfulle dagen. Førti turdeltakarar var sveitte og fornøgde. Yr melde om 16 grader. Det kjendest varmare ut for oss som var ute og gjekk. Eg fekk meg ei tur på over 13 km og var ute i fire timar. Det gjorde uendeleg godt i skrotten.
Obrestad hamn var den første hamna som blei bygd på Jæren. Hamna vart bygd i same periode som jernbanen i 1870-åra. Fiskerihamna er freda i dag.


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...