tirsdag 28. september 2021

Strandvandring på Jæren. Obrestad hamn til Skeie.

Den fjerde og siste strandvandringa i Hå kommune gjekk frå Obrestad hamn til Skeie i Klepp. På denne turen hadde eg avtale med to turvenninner slik at me kjørde i to bilar. Den eine bilen vart parkert på Refsnes. Deretter kjørde alle tre i ein bil til Obrestad hamn. Me kunne nok ha klart oss med ein bil, men då hadde turen tatt noko lang tid.


Nok ein gong fekk me særs brukbart ver for ein strandvandring. 


To av damene har vore flittige turvenner på mange av strandvandringsturane. Me bryr oss ikkje om kva ver som kjem. Regntøyet har vore klar i sekken. Men berre få gonger har me hatt det på.


Stans ved kongesteinen mellom Obrestad og Hå gamle prestegard. Kong Harald og dronning Sonja hadde ein rundtur på Jæren i 1995. I havkanten fekk dei  namna sine skrevne på det me kallar kongesteinen. Kongevegen er ikkje oppkalt etter kong Harald og dronning Sonja. Det har vore kongeveg her i fleire hundre år. Ein kan finna restar av gammal tid langs stien. Gravrøyser minner om aktivitet lenge før vår tid.


Ein ganske stor flokk kyr var samla ikkje langt frå kongesteinen. Det viste seg å vera ammekyr og kalvar. Turgåarane var særs forsiktige under passering. Ein skal ikkje terga på seg ammekyr som går ute med kalv. Ei av kyrne vart litt morsk og viste tydeleg at ho eigde plassen. Men me kom greitt forbi.


Hå gamle prestegard. Eg har gått forbi fleire gonger når eg har gått kongevegen i Hå. Det er lenge sidan eg var inne og såg utstilling i  løa.
Hå gamle prestegard er eit kunst- og kultursenter i den gamle prestegarden ved havet. Prestegarden var embetsmannsbustad, prestegard og administrasjons- og kultursenter alt for fleire hundre år sidan. Det store våningshuset vart bygd i 1789 og påbygd i 1850. Opplysingane har eg funne på www.visitnorway.no


Hengjebrua mellom Hå gamle prestegard og Håtangen med fyrlykt. Ein kjenner at det gynger når fleire går over brua på same tid.


På Håtangen i Nærbø hadde me rast. Sjølv om veret var tåleg bra, kunne me ikkje ta av jakkane. Biletet viser at det er noko grått i lufta. Håelva har utløpet sitt her. Elva er kjend som rik på fisk med laks og aure. Håelva renn gjennom eit relativt tett befolka kulturlandskap med godt utbygd vegnett. Det er gjort funn etter mange buplassar. Det syner menneskeleg aktivitet heilt tilbake til steinalderen.


Frå Håtangen gjekk siste del av turen langs Nærlandsstranda til Refsnes. På Refsnes må me over ei ganske lita bru av sement. Refsnes har i seinare tid fått to gode parkeringsplassar og eit sanitæranlegg.


Refsnesstranda. Her ser ein Vik i nord. Der starta neste tur.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...