onsdag 3. november 2021

Strandvandring på Jæren. Madla til Hestnes.


Sverd i fjell monumentet har eg besøkt meir ein gong. Det ruver godt ved Møllebukta på Madla, inst i Hafrsfjorden i Stavanger kommune. Monumentet er laga av Fritz Rød frå Bryne. Det vart avduka av Kong Olav i 1983. Dei tre store sverda er sett ned i svaberget til minne om slaget i Hafrsfjord 872. Då samla Harald Hårfagre Norge til eit rike.

Onsdag 22. september begynte ganske grå. Etter kvart steig temperaturen. Sterkt solskinn vart det ikkje, men veldig greitt turver.


Deltakargruppa hadde plutseleg endra seg. Fram til nå kunne eg kjenna att ganske mange av dei som tok turane Strandvandring på Jæren. Men då me starta i Stavanger, var det mest ukjende personar me møtte. Nokre damer frå Hå var med på alle turane. Likeeins nokre glade turvandrarar frå Klepp. For oss som fekk med oss mest alle turane, vart det ei stor og minnerik oppleving.


Det var ganske rart for meg å gå tur på Madlasandnes. I barndom og ungdom var dette området heilt utilgjengeleg for oss på Vaulen. Alle markene her var privat eigedom og stort sett var det gardsdrift i området. Langs Møllebukta såg me over til Ytraberbegret i Sola kommune. Stien var veldig forsegjort store deler av turen.



Fram til dette punktet var turstien oppgrusa og lett kjørbar for rullestol eller el-scooter. Ved trappa ned mot sjøkanten var det berre folk til fots som kunne ta seg fram. Eg såg ein far med barnevogn. Han måtte ut av turstien og inn i eit byggjefelt for å koma vidare.


Det er ikkje ei ny hytte som er under oppføring, men eit slags utvida naust. Fleire av dei gamle nausta som hadde vore her i årevis, var ombygde til småslott. Ulempen for eigarane var at turstien gjekk totalt kloss i husveggen rett som det var. Arbeidarane gav meg lov til å bruka biletet til kva eg ville.


Stien går kloss i garasjedører. Men eit stykke sørøver kunne me helst stryka handa over hageborda og mest ramla inn i nokre ombygde naust. Det er flott for oss som går. Når trafikken er stor, kan det nok verta i meste laget for bebuarane.



Praktfulle, velstelte hagar og spesielle hus tusla me forbi.


Nye sjøhus kunne sjå noko nakne ut. Likevel likte eg at dei var så forsiktige og ikkje tok blikket vårt vekk frå Hafrsfjord og utsikten til Sola.


Restar av reinfann mot Hafrsfjord. Under Karl den store vart det påbudt å dyrka planten. Frå 1600-talet hadde reinfann stor betydning som middel mot innvollsorm. Planten kan brukast mot gulsott, nyresjukdommar, lopper og lus. For fleire år sidan hadde me med oss barnebarn til fortidslandsbyen Landa i Forsand. Omvisaren vår snakka då varmt om kor viktig det var for folk å bruka reinfann.
På denne turen langs Hafrsfjord følte eg verkeleg eg var på historisk grunn.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...