lørdag 6. november 2021

Strandvandring på Jæren. Viste i Randaberg til Brutt lenke i Stavanger kommune.

Den siste turen i prosjektet Strandvandring på Jæren gjekk frå Viste standhotell til monumentet Brutt lenke. Viste ligg i Randaberg kommune. Onsdag 29. september var det ikkje mindre enn over førti turvandrarar som ville vera med på avslutningsturen. Leiar for Frivilligsentralen i Sola gjorde avtale på Viste strandhotell om varm kaffi, kakao og nysteikte vaflar då me kom tilbake. Denne turen var ein tur-retur vandring. Det var på ein måte vemodig å ta siste strandvandringssturen. Men i vår kan eg jo ta nokre av desse turane aleine eller salman med familie. Turstien frå Viste og sørover var fint tilrettelagd for den som kan gå. Eit par stader var det heilt umogleg å koma forbi med el-scooter.

Eg startar med målet for turen. Brutt lenke ligg på Måkeberget med adresse Hafrsfjord i Stavanger. 


Me passerte Vistestranda og gjekk sørvestover langs Visteviga. Frå denne stranda kan ein og koma til Vistehola. Då må ein gå nordover frå hotellet. Det går og fint an å kjøra Goaveien nordover og ta utgangspunkt til hola derifrå. Nå var det år og dag sidan eg hadde vore på Viste. Hotellet er overtatt av Kirkens bymisjon.


Litt av den store flokken. Her er me på veg mot Goabukta. På dei aller fleste turdagane fekk me opphald og gløtt av sol og god temperatur.


Viste hageby båthamn, meiner eg det er. På kartet viser det til Goavika. Det var ikkje rett få båtar å velja mellom.


Det var mange fine, store hus i området.


Turvandrarane har godt med klede på. Likevel kjendest det ikkje kaldt ut. Dei fleste var nok vel varme etter kvart.


Frå svingen kan ein sjå Slettesvigå. I området held Kvernevik båtforening til. Herifrå er det ikkje lange styket til målet for turen.


Monumentet Brutt lenke ruver godt i landskapet. Eg har ikkje opplevd det frå sjøsida. Men eg vil tru det viser ganske godt for dei som er i båt. På land kan ei sjå ut mot ope hav og Nordjøen. Vistnestangen fyr ligg på pynten på andre sida av bukta. Alexander Kielland monumentet er til minne om dei omkomne etter boligplattforma Alexander L. Kielland ulykka 27. mars i 1980.
Det kjem ei viss høgtid over forsamlinga når me er her. Ulykka var den verste i Nordsjøen på norsk område sidan andre verdskrig og er den største industriulykka i Norge.


Dette biletet er frå 2017. Dagen var så solrik og veret så stilt. Alexander Lange Kielland plattforma kantra i høg sjø. Av 212 personar om bord, overlevde 89. 123 omkom. 87 av desse vart funne og 36 forblei sakna. Etter snuoperasjonen i 1983, vars seks personar funne.
Staden var eit flott val som avslutning på tolv strandvandringar. Til neste år håper eg det vil verta tur like frå Tungenes fyr og så sørover til Sirevåg.













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...