onsdag 14. juni 2023

Klassetur til til Polen juni 2023. Del 1: Til Auschwitz I

Klassetur til Polen i ein alder av 75 år, korleis kan det gå til?
Orstad skule hadde klassetur til Polen 31. mai til 8. juni. Eit barnebarn trengde følgje på vegen. Det vart meg.

Bussturen starta klokka 03:00 om natta onsdag 31. mai.  Framfor oss hadde me då denne lange strekninga å gjennomføra.


Heldigvis fekk me fleire stopp undervegs. Første dagen var heller ikkje så varm. Humøret var bra sjølv etter ei skral natt i buss og på ferje.


Spornitz viste seg å vera ein landleg idyll. Tidleg om morgonen den 1. juni fekk eg meg ein kort spasertur før frokost. Rett over gata for hotellet såg eg både hus laga av murstein og eit trehus. Det merka seg ut saman med murbygningane. Her hadde dei og tatt vare på eit gammalt fjøs. På marka utfor husa gjekk nokre geiter og metta seg på halvtørt gras.


Torsdag første juni vart ein særs varm bussdag. I asfalten vart det målt 48 grader. Inne i bussen var det 29 grader. Etter kvart forsto både reiseleiar og bussjåfør at noko var galt. Det viste seg at filteret i bussen var helst tett. Me overnatta på Ibis hotell i Krakow. Det var eit enkelt hotell. Men me var så glade for å få stella oss og kjøla oss ned, så det gjekk greitt. Sjåføren vår fekk bestilt ny buss til neste dag med besøk i Auschwitz mens vår eigen buss var på verkstad.
Natta vår vart ikkje lang. Frokost måtte me innta klokka 06:00. Ny buss sto klar for avreise klokka 06:45. Då hadde me god tid. Framme ved leiren i Auschwitz vart det ein del venting. Her var alt mange turistar klar for å sjå leiren. Så det var greitt me kom i god tid.


Tysk system var akkurat slik me hadde tenkt. Ikkje noko går på slump her. Handbagasjen kunne berre vera på størrelse med eit A4 ark. Det vil seia ei lita skulderveske eller ei rumpetaske til flaska med vatn og telefonen. Inne vart me slusa gjennom sikkerhetskontroll. Roleg og ryddig, så det var ikkje noko problem.


"Arbeit macht frei" med B opp ned viste med ein gong at dette var Auschwitz. Krigsfangane, jødane, hadde fått behalda bokstaven B slik. Elevane var ganske stille. På hovudet har alle øyreklokker. Me fekk engelsk tale frå ein veldig flink guide. Ho var tysk, men var god i engelsk og særs sakleg i det ho sa.


Særs mange ting gjorde inntrykk på oss alle. Av og til greidde eg berre ikkje å ta bilete. Men her eg me ute på ein av dei  mange vegane mellom alle bygningane. Det var liten tvil om at å ryma verka umogleg.
Både ute og inne var alt så reint og strigla. Eg kunne ikkje heilt sjå for meg kor forferdeleg det ein gong var. Lukta var frisk. Cellene reinvaska. Ingen trengsel. Ingen som hylte. Ingen fortvila skrik. Restar av klede og koffertar og personlege gjenstandar låg sirleg i montera. Alvorleg var det. Men ingen av oss vart så leia at me måtte ta ei tid for oss sjølve. 


Matskåler og vasskrukker. Kvar fange tviheldt på si skål. Utan skål vart det ingen mat. 


Sko i alle fasongar. Ganske mange av jødane hadde ingen tanke for å ta på spasersko eller sko som kunne tola ein støyt. Dei visste ikkje kva som venta. Så her var høghæla sko, sandaler, lette sommarsko og vakre, tynne støvlettar frå damene.


Barneklede sydd med flid for det som alle elskar mest. Ditt eige barn.



Ikkje mange barn overlede tida i Auschwitz. Maten var elendig. Men barna vart og brukte i forskjellige forsøk. 




Håpet om å koma ut har ikkje vore stort. Vakttårn, piggtråd, avretting for ingenting. Det er mest omogleg å setja seg heilt inn i og forstå. Eg er glad for at eg fekk oppleva dette. Vondt var det, men ein får også mange tankar. Det trur eg også dei fabelaktige elevane fekk.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...