fredag 30. juni 2023

Klassetur til til Polen juni 2023. Del 2: Auschwitz II, Birkenau

Auschwitz II, Birkenau.

Birkenau er ein del av Auschwitz, kalla Auschwitz II. Denne leiren er nok mest knytta til Holocaust-tragedien. Sommaren 1941 peika Himmler ut Auschwitz- Birkenau  som ein av stadene for "Den endelege løysinga  på jødespørsmålet." Våren 1942 vart arbeidet med å byggja opp leiren starta. Alt då me gjekk ut av bussen og såg mot leiren, forsto me at det var noko litt nifst med jernbanelina som starta utfor leiren og gjekk langt inn i leiren Birkenau. Me fekk fortalt at i starten måtte fangane gå dette strekket for å koma inn i leiren. Men det vart for tregt og for vanskeleg, så det var anlagt bane også utanfor porten.


Biletet under viser kor stort området er og korleis jernbanen fører fangane inn i eit ukjent, forferdeleg liv. Langs ei linje sto framleis ei av "kuvognene" som fangane vart frakta i. Det var mange som ikkje greidde reisa i desse vognane.
Elevane frå Orstad var utruleg rolege og greie. Her i Birkenau vart dei ganske alvorlege over å høyra korleis fangane låg i køyer over kvarandre og ikkje fekk gå på do når dei måtte.

Veldig mange av brakkene var øydelagde etter så mange år. Frå  vakttårenet heilt ved inngangen var det lett å forstå kor stort området er.




Me vart først førde inn porten attmed vakttårnet og piggtrådgjerda. Det er lett å forstå at tanken på å koma seg ut ikkje kan ha vore stor. Det må ha gitt lite og ikkje noko håp. Når ein ikkje ein gong kan planleggja å røyma.


Elevane ventar på å koma inn i ei av sovebrakkene.


Alvoret seig innover elevane etter kvart som dei forsto kvifor det var heldig for dei fangane som låg i øvste køye. Det var tre køyer over kvarandre. På golvet under sengene kunne det og liggja fangar. Slik er ikkje lett å ta inn over seg når ein kan dusja kvar dag og somme fleire gonger til dagen. Husa våre kan ha fleire baderom for å sleppa kø.


Ved enden av ruta kom me til eit krematorium som var i ferd med å smuldra heilt bort.

Forvitringa er i gang. Snart vil ruinane vera heilt vekke.


Denne dagen møtte me på fleire grupper jødar. Gutane og mennene tok på seg det israelske flagget før dei tok runden. Denne gruppa kom frå Toronto i Canada. Eg kom i snakk med to vaksne damer som sat nær meg. Dei vart beigeistra då eg fortalde at me var frå Norge med ungdommar på 15 år for å læra om historia til jødane under krigen.



Elevane hadde fått ulike oppdrag før dei reiste. Desse ungdommane las dikt etter tur. Etterpå vart det lagt ned blomster på eit minnesmerke over nordmenn som hadde vore i Birkenau under krigen. Elevane las tydeleg  og roleg.


Tilbake ved startpunktet såg me fleire jødiske grupper. Nokre vaksne menn song ein klagesong på skinnene. Det var visst ganske vanleg. For meg vart det ei særs sterk oppleving.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...