lørdag 2. oktober 2021

Strandvandring på Jæren. Vik til Orre.

Strandvandring på Jæren hadde ferie mest heile juli. I august var Klepp kommune ansvarleg for fire turar langs stranda. Den 11. august gjekk turen frå Vik til Orre Friluftshus. Med lokalkjende folk som turleiarar, fekk me oppleva å koma til Wiig-gardane. Første stopp var ved eit klyngetun. Dette tunet kan ein ikkje sjå frå Fv. 507, i alle fall ikkje slik utan vidare. 

Husa såg ut til å vera i veldig godt i stand. Her har nokon sans for å ta vare på historia.


På veg ned mot stranda passerte me eit vakkeret, gammalt hus. Det var kjekt å sjå kor fint det var tatt vare på.


Dette var også ein av dei mange, vakre sommardagane i 2021. Det er ikkje mange bølger å sjå i Nordsjøen. Nokre skarvar har funne seg ein god kvilestein.


Med som los hadde Klepp Frivilligsentral Jan Wiig. Han kunne fortelja om skipsforlis og kva som vart brakt i land for over hundre år sidan. Kvar vik ved sjøen hadde sitt namn som han fortalde om. Ganske kort tid før denne augustdagen, hadde Jan Wiig vore med på NRK sitt sommarprogram med seglbåten Statsraad Lehmkuhl. Han kunne røpa at turen frå land i ein gummibåt og ut til den staselege seglbåten hadde vore ganske strabasiøs. Kanskje helst i overkant farleg. Han og minst ein mann til hadde med seg ein heil gris og store mengder grønsaker til Statsraad Lehmkul. Eg såg programmet og forsto at dei var søkkvåte etter å ha streva i store bølger.


Orrestranda har eg vore på mange gonger. Men denne sørlegaste delen kjem ein ikkje til slik utan vidare. Då må ein gå gjennom tunet til dei som bur på Vik. Hytta me skimtar mot nord på biletet, har vore snupunkt for meg når eg elles går på Orrestranda. 


For å koma frå den sørlegaste delen av Orrestranda og til Orre Friluftshus, må ein gå opp til Fv. 507. Til alt hell hadde me med oss turleiarar som var lokalkjende. Ein av dei var Brynhild Wiig. Ho var ein av elevane eg hadde i tida på Klepp ungdomsskule. Nå loste ho oss langs gulrotstykke og små stiar på rett veg til hovudvegen. Elva som renn ut ved Orre, høyrer til Orrevassdraget. Ho kjem frå Orrevatnet og heiter Orreåna.



Orrestranda slik me kjenner henne best. Det var utruleg kjekt å få oppleva den sørlegaste delen av denne stranda i tillegg til den kjende delen.


Her er me nett ferdige med matpausen og klar for siste etappe inn mot friluftshuset. Dei aller fleste turdeltakarane har etter kvart fått av ytterjakkane og meir til. Lurast var dei som hadde valt kortbukse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...