I Sola kommune gjekk strandvandring nummer to frå Sola kulturhus til Ormen Lange i Sørnesvågen onsdag 8. september. På denne turen hadde eg følgje med Reidun Håland. Me ordna oss med skyss frå Sørnesvågen til kulturhuset mens den eine bilen sto att der. Men me kom jo fram til at me trygt kunne ha spasert sørover til Sola kulturhus etter at bilen var parkert. Så lærde me det til ein annan gong. Septemberdagen kunne by på 17 grader etter kvart. Dei aller fleste turgåarane hadde rikeleg med klede på seg etter forholda.
tirsdag 26. oktober 2021
Strandvandring på Jæren. Sola kulturhus til Ytraberget i Sola.
mandag 11. oktober 2021
Strandvandring på Jæren. Reke til Sola strandkapell.
Dei siste fire etappane for Strandvandring på Jæren sto Sola kommune for. Desse turane hadde eg sett mest fram til. Strekninga frå Sirevåg til Hellestø har eg jo gått fleire gonger i livet. Unntaket var den sørlegaste delen av Orrestranda. På Sola var eg godt kjend på Reke og sjølve Solastranda. I barndommen kunne me bada og sola oss alt me ville på Vaulen badeplass. Men så kom søndagane der far spesielt ville ut på sykkeltur og dagstur til Solastranda. Før eg vart sju år, sat eg bakpå hans sykkel. Eigen sykkel fekk eg først då eg var tretten år. Ei stund måtte eg låna mor sin grøne Olly sykkel. Han var lett å trø. Men bremsene det heller usikre. Litt trafikkfarleg.
Nå var det år og dag sidan eg hadde vore på Sola på stranda. Nok ein gong fekk me vidunderleg turver den 8. september.
lørdag 2. oktober 2021
Strandvandring på Jæren. Vik til Orre.
Strandvandring på Jæren hadde ferie mest heile juli. I august var Klepp kommune ansvarleg for fire turar langs stranda. Den 11. august gjekk turen frå Vik til Orre Friluftshus. Med lokalkjende folk som turleiarar, fekk me oppleva å koma til Wiig-gardane. Første stopp var ved eit klyngetun. Dette tunet kan ein ikkje sjå frå Fv. 507, i alle fall ikkje slik utan vidare.
Husa såg ut til å vera i veldig godt i stand. Her har nokon sans for å ta vare på historia.
Her er me nett ferdige med matpausen og klar for siste etappe inn mot friluftshuset. Dei aller fleste turdeltakarane har etter kvart fått av ytterjakkane og meir til. Lurast var dei som hadde valt kortbukse.
Turar i januar og februar 2025
I slutten av januar 2025 og ikkje minst i februar fekk me usedvanleg fint ver for årstida. Då vart det turar til Ogna, Lifjell, Frøylandsvat...