mandag 11. oktober 2021

Strandvandring på Jæren. Reke til Sola strandkapell.

Dei siste fire etappane for Strandvandring på Jæren sto Sola kommune for. Desse turane hadde eg sett mest fram til. Strekninga frå Sirevåg til Hellestø har eg jo gått fleire gonger i livet. Unntaket var den sørlegaste delen av Orrestranda. På Sola var eg godt kjend på Reke og sjølve Solastranda. I barndommen kunne me bada og sola oss alt me ville på Vaulen badeplass. Men så kom søndagane der far spesielt ville ut på sykkeltur og dagstur til Solastranda. Før eg vart sju år, sat eg bakpå hans sykkel. Eigen sykkel fekk eg først då eg var tretten år. Ei stund måtte eg låna mor sin grøne Olly sykkel. Han var lett å trø. Men bremsene det heller usikre. Litt trafikkfarleg.
Nå var det år og dag sidan eg hadde vore på Sola på stranda. Nok ein gong fekk me vidunderleg turver den 8. september.


Parkeringslassen ved Sola gård var stor nok for både vår gruppe og andre turgåarar. Eg fekk minne i hovudet. Då me måtte finna soleplassen vår så langt sør i barndommen, var det fordi stranda var totalt fullsett av familiar. Eg vart sendt barbeint til Sola gård for å henta vatn til mor og far sin kaffikjel. Det var litt skummelt. Men dei som dreiv garden var alltid velvillige og hyggelege, så vatn vart det.


Turleiarane i Sola Frivilligsentral førde oss først eit stykke nordover. Området her hadde ein del interessante hytter. Dei var veldig små, men i minst to etasjar. 


Her kan ein sjå korleis hyttetunet er laga.

Regestranda med utsikt til Solavika.


Sola strandhotell. Veret vart berre varmare og varmare. Hotellet speglar seg i ein stor pytt.


Dei med gule vestar er frå Sola frivilligsentral. Minst tre andre damer er frå Klepp. Me var godt representerte på kvar tur.


Sommardag vart det heilt og fullt då me kom fram til Sola strandkapell. Eg lurer på om det er Rott me kan sjå i horisonten. Noko heiter Søre Vardholmen og ligg vest av Stranden og Kolnes.


Eg står rett ned av kapellet og ser nordover.


Sola strandkapell eller Strandleiren kapell vart bygd i 1950. Det er bygd i tre og har sitjeplass til 60 personar. Turen var så kort at me tok returen til bilen ved Sola gård etter kort kaffipause. 















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...