tirsdag 26. oktober 2021

Strandvandring på Jæren. Sola kulturhus til Ytraberget i Sola.

I Sola kommune gjekk strandvandring nummer to frå Sola kulturhus til Ormen Lange i Sørnesvågen onsdag 8. september. På denne turen hadde eg følgje med Reidun Håland. Me ordna oss med skyss frå Sørnesvågen til kulturhuset mens den eine bilen sto att der. Men me kom jo fram til at me trygt kunne ha spasert sørover til Sola kulturhus etter at bilen var parkert. Så lærde me det til ein annan gong. Septemberdagen kunne by på 17 grader etter kvart. Dei aller fleste turgåarane hadde rikeleg med klede på seg etter forholda.


Frå Klepp var me minst fire personar. Først måtte me runda Sola kulturhus og kom parallelt med Fv. 510. Då me nærma oss Fv. 509, gjekk heldigvis stien under vegen og me kom i rolegare turområde.


Dette praktbygget tilhøyrer Atea. Støyen frå Fv. 509 var ganske stor her ei stund. Så det var godt å finna ein undergang som leda oss langs Sømmevågen. Eg hadde aldri vore på denne turstien før.


Det var ein fryd å gå langs Sømmevågen. Her har me nok vore i fly over bukta meir enn ein gong. I bestemte vindretningar må flya ta av over og fly inn over Sømmebukta før dei landar på flyplassen på Sola.


Det meste av turstien var tilrettelagd slik at ein kunne kjøra her med el-scooter eller rullestol. Men eit par plassar var det heilt umogleg for ein scooter å koma over nokre ulende parti. Det var berre nokre meter her og der. Me får håpa at Sola kommune får betre avtalar med grunneigarane slik at dette kan retta seg.


Her vil det det verta bråstopp for rullestol, t. d. 


Det var ikkje rare vinden under vandringa. Her er turfølgjet kome til Sørnesvågen og skulpturen Ormen Lange. Det var berre ein treorm som bukta seg litt på land og litt i vatnet. Eg vart ikkje akkurat imponert.
Det kan jo vera interessant for ungar.


I Sørnesvågen kunne me benka oss rundt fleire bord og benkar og nyta nista. Turen var eigentleg slutt her. Ganske mange av turgåarane ville oppdaga litt meir. Etter ein matbit og kaffi tok me ein sti som førde ut mot Ytraberget. Her er ein minnestein med påskrift av kong Olav. Over hans namn er namnet til Harald (Hårfagre) også rissa inn. Som ein del av nasjonalromantikken på 1800-talet, blei slaget ved Hafrsfjord vurdert som sentralt i Norges historie.


Det står Harald 872 og Olav 1972.


Holmar mellom Sola og Stavanger i Hafrsfjord. Me ser over mot Madlasandnes. Der gjekk neste tur.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...