Eg kom i tankar om kva me kan kalla salmar og kva me vil kalla songar. "Tenn lys!" vil kanskje mange tenkja er ein adventssong. For andre søndag i advent har eg funne fram ein salme som er skreven før 1611.
søndag 6. desember 2020
Advent, 6. dag
lørdag 5. desember 2020
Advent, 5. dag
torsdag 3. desember 2020
Advent 2020, 4. dag.
Kvar dag vil eg leggja ut eit eller to vers av ein kjend og kjær adventssalme. Bileta har eg henta frå året 2020.
Advent 2020 1.til 3. dag
I desember i fjor laga eg ein slags adventskalender på Instagram. Eg skreiv eit salmevers for kvar dag og la til bilete. Dette året vil eg heller skriva ein slik adventskalender i bloggen. Då kan ein få ein betre samanheng. Sidan eg startar litt seint, blir første blogg frå dag ein til tre.
"Folkefrelsar til oss kom".
mandag 23. november 2020
Rundtur på Balkan. Sarajevo og Mostar i Bosnia.
Rundturen vår på Balkan i 2014 starta i Beograd i Serbia. Frå Serbia kjørde me buss ganske lenge for å koma til Sarajevo. Frå bussvindauga kunne me sjå korleis ein storflom i juni hadde herja med elver, marker og hus. Kommoder sto til tørk utføre små gardshus. Madrassar måtte tørkast. Den byen me eigentleg skulle ha besøkt, kunne me ikkje koma fram til. Vegen dit var øydelagd av flomvatn. Derfor vart det ein lang busstur for å koma til vakre Sarajevo.
På brua i den kjende byen Mostar. Turen hit var eit av dei store høgdepunkta for alle som var med i reisefølgjet. For berre nokre år sidan sende nrk ein reportasje leia av Leo Ajkic. Han tok oss med att til denne flotte, herja byen. Det var interessant å høyra då han fortalde om familien si flukt.
Før me kom til Mostar, opplevde me fleire utflukter med utganspunkt i Sarajevo.
Den blå himmelen over tistlane fekk meg til å tenkja på håp.
torsdag 5. november 2020
Toppturar med Klepp frivilligsentral
Frå april 2019 har Klepp frivilligsentral hatt eit tilbod om toppturar kvar torsdag fram til slutten av oktober. Eg var med frå starten og har fått vore med på ganske mange av toppturane. Før Covid-19-viruset kom til heile verda, kunne ein berre møta opp utføre frivilligsentralen sitt bygg i Kleppekrossen. Dei som hadde bil, fylte sine bilar av turgåarar før me kjørde til målet for dagen. Dette året har det berre vore tre personar per bil. Eg har valt meg ut nokre få av dei utallige turane eg har vore med på.
Sulken
For å koma til Sulken i Sandnes kommune, må ein kjøra mot Sviland på Fv 315 nokså nær Kråkedal. Parkering er på venstre side av Skjelbreidtjørna.
Her er tydeleg merka til Kråkedal og Svihusvatnet. Det eg ikkje ville ha bilete av, var starten på vindmøllene som kom opp i området kort tid etterpå. Me var der tidleg haust i 2019.
Her har eg vore med familien fleire gonger. Men så måtte eg tenkja tilbake kva tid som var forrige tur. I albumet fann eg bilete av Torfinn og meg og to barnebarn. Det var tatt for ti år sidan. Ti år som ein røyk.
Stien til Månafossen vart stengd i lengre tid på ettersommaren 2020. Ei stygg ulykke gjorde at politi og leitemannskap leita etter ei kvinne i fleire veker. Den døde kvinna blei til slutt funnen.
Men me klarte å nyta både turen og den mektige fossen.
onsdag 26. august 2020
Uventa turar i koronaåret
I mars skulle me ha reist til Gran Canaria berre to dagar etter at Norge stengde ned.
Dei første vekene etter 12. mars var me forsiktige kor me gjekk. Etter kvart fann me ut at me ville prøva turar der me tenkte det var få andre turgåarar.
Eit barnebarn vart permitert under den første fasen av Covid-19-viruset. Då kunne farmor og barnebarn koma seg til Smøråsen, Grønåsen og Borgåsen i Hå kommune. Eg hadde vore på Grønåsen før, og berre der. Den gongen gjekk eg i ei gruppe. Godt var det, for stien var dårleg merka. Nå fann me fram som ingenting aleine. Stiane var særs godt merka. Hunden Atlas er fin å ha med på tur. Turdagen var i april.
Når du går denne turen i begynnelsen av mai, vil kusumra blomstra som eit gult teppe.
Frå Smøråsen kunne me lett sjå havet og heilt til Ogna camping. Helgåvatnet ligg i venstre biletkant.
Smøråsen er 155 meter over havet. Grønåsen ligg 164 moh.
Eg vart mest vemodig. Også her dukka det opp vindmøller i horisonten. Mest kor eg har vore i 2020 har det dukka opp gamle og nye vindmøller. Høg-Jæren vindpark trur eg det er.
Kringlelia var det ei stund sidan me hadde besøkt. Ja, det var år og dag sidan. Midt i april kjørde me til
Ålgård, forbi Skurve og fann avstikkaren inn til Kringlelia. Når du kjem nordfrå, må du sjå etter skilt til badeplass og svinga til venstre på E39. Kontrasten nytt og gammalt møtte oss ganske snart. Uthuset, kan henda ei uteløe for høy, ville ganske siga saman. I bakgrunnen var det kome opp ein del vindmøller på Skurve. Fleire vart det utover våren og forsommaren.
Heldigvis var det god parkeringsplass i området. Me parkerde etter at me hadde kjørt under E39 og så langt det var lov å kjøra. Etter å ha gått nedover mot undergangen ved E39, såg me ein betre plass for bilen. Den låg om lag midt på strekninga du har lov å kjøra inn. Landskapet er heller typisk for det ein møter i Gjesdal kommune. Her var fine småvatn, litt myr og steinete bakkar.
Bjørndalsfjellet på Gramstad fekk eg ikkje med meg då Klepp frivilligsentral hadde topptur dit. For meg var det jo greitt at barnebarnet framleis var permitert i slutten av april. Gleda var stor over å koma opp. Turen var ikkje av dei striaste eg har gått, så den toppen kan eg godt ta fleire gonger. Me var heldige med godver og utsikt langt inn mot Stavanger og Storhaug.
Hellvikbolten. Dagen før var dei med til Synesvarden. På denne turen var eg meir opptatt av ein turapp
enn av ganske enkelt å lesa skilt og terreng. Med nasen i telefonen og turappen min, fann eg tre ruter som alle førde til Hellvikbolten. "Me tar stien til høgre", sa eg så kjekt. Eit skilt som viste veg til bolten enste eg ikkje. Her hadde eg jo gått før med ein son og ei svigerdotter. Berre det at den gongen kom me ned her. Så me gjekk og me gjekk. Humøret på dei to kunne ingen klaga på. Varmt var det.
Biletet under viser koss bolten ser ut.
Og, her kunne me slå oss ganske laus og innta store mengder vatn og friska oss opp.
Februar 2026
I slutten av februar gjekk eg tur frå parkeringsplassen på Borestranda og sørover mot Reve hamn. Det var framleis vinter og markene hadde bl...










