søndag 6. desember 2020

Advent, 6. dag

Eg kom i tankar om kva me kan kalla salmar og kva me vil kalla songar. "Tenn lys!" vil kanskje mange tenkja er ein adventssong. For andre søndag i advent har eg funne fram ein salme som er skreven før 1611.


"Gled deg, du Kristi brud" er ein dansk salme skriven før 1611. Korleis ein har kome fram til at det er før 1611 er jo litt underleg, men slik står det i salmeboka. Bent Støylen har omset til nynorsk. Denne gongen er melodien av Jakob Regnart, 1574. Melchior Vulpius er også nemnt. Det namnet går igjen i salmeboka. Eg har kome fram til at me i skulen må ha sunge noko uhorveleg med salmar og songar på Kvaleberg og Vaulen skole og på gymnaset. Då eg så notene til denne salmen og prøvde meg litt fram med synging frå bladet (lærde litt om det på lærarskulen), ja, då visste eg koss melodien var.
Biletet er frå Nærlandsstranda i mars i år.

1. Gled deg, du Kristi brud,
og møt din Herre Gud!
No kjem han rik på nåde, 
som deg profeten spådde.
Hosianna! Lov og ære 
vår konge evig vere.

5. Gjer porten høg og vid,
sjå Kristus til deg rid!
I dag vil han deg gjeste
og til si brud deg feste.
Hosianna! Lov og ære
vår Konge evig vere.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...