lørdag 12. desember 2020

Advent, dag 13.

 Tredje søndag i advent. I dag må det bli ein høgtidssalme: "Høyr kor englar syng frå sky".

På veg ned frå Sikvalandskula. På denne toppen var me verkeleg høgt i sky ein usedvanleg flott og varm junidag. Her vil eg gjerne koma att.

Charles Wesley er opphavsmannen til "Høyr kor englar syng frå sky" på nummer 39 i N13. Salmen er om lag like gammal som den i går, nemleg frå 1739, 1753. Felix Mendelssohn-Bartholdi har skreve den melodien me bruker i salmeboka, så det er ikkje rusk. Eg høyrer trompetar og paukar inni meg når eg syng denne flotte salmen som har tre vers.

Høyr kor englar syng frå sky:
Krist er fødd i Davids by,
kjem med frelse til oss ned,
gjev oss med Gud Fader fred.
Glade alle folk stig fram
for å hylla det Guds Lam.
Kom, ver med i dette kor
som no tonar over jord.
Syng med englar høgt i sky:
Krist er fødd i Davids by!

Advent,dag 12.

 "Mitt hjerte alltid vanker" er ein av favorittsalmane mine.

Kvar gong eg høyrer denne salmen, gjer han noko med meg. Melodien er slik at det går inn i ribbeina og inn i ryggmargen. Nyleg var eg på konsert med Ingebjørg Bratland. Litt uti konserten stemde ho i med "Mitt hjerte alltid vanker". Heldigvis sat eg slik at ingen kunne sjå ansiktet mitt Så eg kunne berre lukka augene og la tårene trilla. Salmen har sju vers og står på nummer 38 i N13. Han er omsett til lulesamisk og kvensk også. Hans Adolph Brorson skreiv salmen i 1732. Om melodien står det: svensk/norsk folketone.
Biletet er frå Godalen med utsikt til Hillevåg ein junidag.

1. Mitt hjerte alltid vanker
i Jesu føderom,
der samles mine tanker
som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme,
der har min tro sin skatt;
jeg kan deg aldri glemme,
velsignet julenatt.

7. Akk, kom, jeg opp vil lukke
mitt hjerte og mitt sinn
og full av lengsel sukke:
Kom, Jesus, dog herinn!
Det er ei fremmed bolig,
du har den selv jo kjøpt,
så skal du blive trolig
her i mitt hjerte svøpt.


torsdag 10. desember 2020

Advent dag11.

Grundtvig kan ein ikkje koma forbi når det gjeld salmar i salmeboka. Språket kan virka gammaldags, men mange av salmane har ein nydeleg melodi.

"Blomstre som en rosengård" er nummer 10 i N13. Han har plass under temaet adventstida. N. F. S. Grundtvig skreiv salmen i 1837 etter orda i Jesaia 35. Det er her desse flotte stadnamna er nemnde.
N. F. S. står for Nikolai Fredrik Severin.
Melodien er av J. P. E. Hartmann i 1861. Eg syng nok ikkje denne salmen særs ofte. Likevel tar eg han med. I NRK har eg høyrt innspelingar der melodien vert framført lett og vakkert.
Biletet er ikkje av liljer. På Gruda går eg ofte forbi ein hage med store mengder iris. Dei får symbolisera liljene. 

Blomstre som en rosengård
skal de øde vanger,
blomstre i et gyllent år
under fuglesanger;
møtes skal i stråleglans,
Libanons og Karmels glans,
 Sarons prakt og ynde.

onsdag 9. desember 2020

Advent, dag 10.

 "Velsigna du dag over fjordan, velsigna du lys over land"


Eg trur det gjekk ei heil stund frå Trygve Hoff skreiv denne salmen før eg høyrde han på radioen. 
Nå vert salmen/songen, nordnorsk julesalme, brukt ganske ofte i NRK. Han står på nummer 24 i salmeboka og har tre vers.
Biletet er frå Godalen badeplass. Me ser Gandsfjorden og inn mot Lifjella.

1.Velsigna du dag over fjordan, velsigna du lys over land.
Velsigna de evige ordan, om håp og ei utstrakt hand.
Verg dette lille du gav oss, den dagen du fløtta oss hit,
så vi kjenne du aldri vil la oss forkomme i armod og slit.

2. Vi levde med hua i handa, men hadde så sterk ei tru.
Og eitt har vi visselig sanna: vi e hardhausa vi som Du.
Nu har vi den hardaste ria, vi slit med å kare oss fram
mot lyset og adventst`a, d`e langt sør te Betlehem.

3. Guds fred over fjellet og åsen, la det gro der vi bygge og bor!
Guds fred over dyran på båsen og ei frossen og karrig jord!
Du ser oss i mørketidlandet. Du signe med evige ord
husan og fjellet og vannet og folket som lever her nord.

Advent, dag 9.

 I dag er salmen av det nyare slaget.

Ein heller ny salme som står i N13 under temaet advent er :
"Solbarn, jordbarn, bak din tynne hud" på nummer 26 i N13.
Lenge trudde eg at Eivind Skeie hadde skreve både tekst og melodi. Men teksten er skriven av Erena Murray i 1994. Salmen er tonesett av Carlton R. Young same året. Eivind Skeie har omsett salmen i 2004.
Biletet er frå hamna i Sirevåg ein fin maidag.

1.Solbarn, jordbarn, bak din tynne hud
stråler mot oss kjærlighet fra Gud.
Hør oss, se oss, Stjernebarn stig ned,
så jordens barn i alle land
finner julens fred.

2. Flyktning, krigsbarn, hjemløs og forlatt,
misbrukt, skadet i den dype natt.
Refr.

3. Glemt barn, skremt barn, med sitt såre sinn,
ingen merker tåren på dens kinn.
Refr.

4. Bortskjemt, ensomt barn som vil ha mer,
trosbarn, Guds barn, håper, venter ber.
Refr.

5. Håpsbarn, fredsbarn, Barn fra evighet,
vis hvert jordbarn himlens herlighet.
Hør oss, se oss, Stjernebarn stig ned,
så jordens barn i alle land
finner julens fred.

mandag 7. desember 2020

Advent, 8. dag.

Svein Ellingsen synest eg er ein fabelaktig salmediktar. I salmeboka er det fleire salmar av Svein Ellingsen.

Han døde 5. april i 2020. Han var fødd 13. juli 1929.
Adventssongen eller salmen eg har valt for 8. desember, har Sven Ellingsen gjendikta i 1957 og 1971 står det i salmeboka. Det er dikta fritt etter Edvard Evers 1914. Melodien er Johan Crüger sin frå 1640.
Eg er glad i teksten til: "Mens frost og vintermørke rår", nummer 18 i N13.
Biletet tok eg i april ikkje langt frå Melsvatnet. Det minner meg på at det gjeld å vera tilkopla.

1. Mens frost og vintermørke rår,
begynner kirkens nye år,
og våre sinn skal være vendt
mot lyset som på jord er tent.

2. I mørket ved vår side står
han som steg ned i våre kår.
Hvert adventslys skal minne om
at Jesus, lysets Herre, kom.

3. Han kommer stadig til oss inn
og lar oss se Guds milde sinn.
Vårt ønske ved den tente krans
er at vårt liv må være hans.

4.    Når verden og dens tid forgår,
gryr evighetens kirkeår.
O Herre, la oss finne vei
til lys og evig liv hos deg.

Advent, 7. dag.

Ganske mange av salmane under temaet "adventstida" i den nye salmeboka har eg sunge. Salmen eg vel for 7. dag i advent, har eg ikkje sunge slik at eg kan hugsa det.

Tonen til "Gå Sion, din konge i møte" kjende eg att med ein gong eg lytta til Salmeboka minutt for minutt. Kan henda det er ein annan salme eller song eg har sunge før til same melodi.
Johan Erik Nystrøm skreiv salmen i 1893. James Mc Granahan laga melodien i 1881. Salmen har fem vers. Eg tar med det første og det siste verset. I salmeboka er det nummer 14. Salmen oppmuntrar oss til å gleda oss. 
Biletet er tatt i Kringleli i april. Det er ikkje eg som held fotoapparatet på skakke.

1. Gå Sion, din konge i møte,
Jerusalem gled deg i Gud!
Strø palmer med fryd for Messias, 
og vær som den ventende brud!
Vær glad, vær glad!
Ja, gled deg i Herren din Gud!
Vær glad, vær glad og syng for din Herre og Gud! 

5. Han kommer til sørgende hjerter
og gjenreiser det som var falt.
Han kommer i makt og skal herske
til Gud er i alle blitt alt.
Vær glad, vær glad!
Ja, gled deg i Herren din Gud!
Vær glad, vær glad og syng for din Herre og Gud! 

Salmeboka minutt for minutt i NRK har denne salmen på episode 2, 15

Februar 2026

I slutten av februar gjekk eg tur frå parkeringsplassen på Borestranda og sørover mot Reve hamn. Det var framleis vinter og markene hadde bl...