lørdag 12. desember 2020

Advent,dag 12.

 "Mitt hjerte alltid vanker" er ein av favorittsalmane mine.

Kvar gong eg høyrer denne salmen, gjer han noko med meg. Melodien er slik at det går inn i ribbeina og inn i ryggmargen. Nyleg var eg på konsert med Ingebjørg Bratland. Litt uti konserten stemde ho i med "Mitt hjerte alltid vanker". Heldigvis sat eg slik at ingen kunne sjå ansiktet mitt Så eg kunne berre lukka augene og la tårene trilla. Salmen har sju vers og står på nummer 38 i N13. Han er omsett til lulesamisk og kvensk også. Hans Adolph Brorson skreiv salmen i 1732. Om melodien står det: svensk/norsk folketone.
Biletet er frå Godalen med utsikt til Hillevåg ein junidag.

1. Mitt hjerte alltid vanker
i Jesu føderom,
der samles mine tanker
som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme,
der har min tro sin skatt;
jeg kan deg aldri glemme,
velsignet julenatt.

7. Akk, kom, jeg opp vil lukke
mitt hjerte og mitt sinn
og full av lengsel sukke:
Kom, Jesus, dog herinn!
Det er ei fremmed bolig,
du har den selv jo kjøpt,
så skal du blive trolig
her i mitt hjerte svøpt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Turar i Bjerkreim, Hå, Stavanger og Klepp i 2024.

I 2024 fekk me koma til stader me ikkje hadde vore før. Allerede i januar reiste me til Bjerkreim for å utforska eit område me aldri hadde v...