lørdag 12. desember 2020

Advent, dag 13.

 Tredje søndag i advent. I dag må det bli ein høgtidssalme: "Høyr kor englar syng frå sky".

På veg ned frå Sikvalandskula. På denne toppen var me verkeleg høgt i sky ein usedvanleg flott og varm junidag. Her vil eg gjerne koma att.

Charles Wesley er opphavsmannen til "Høyr kor englar syng frå sky" på nummer 39 i N13. Salmen er om lag like gammal som den i går, nemleg frå 1739, 1753. Felix Mendelssohn-Bartholdi har skreve den melodien me bruker i salmeboka, så det er ikkje rusk. Eg høyrer trompetar og paukar inni meg når eg syng denne flotte salmen som har tre vers.

Høyr kor englar syng frå sky:
Krist er fødd i Davids by,
kjem med frelse til oss ned,
gjev oss med Gud Fader fred.
Glade alle folk stig fram
for å hylla det Guds Lam.
Kom, ver med i dette kor
som no tonar over jord.
Syng med englar høgt i sky:
Krist er fødd i Davids by!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Lyefjell. Varden, Ulvatjørn og Stubbanuten.

Lyefjeell har eg høyrt mang ein gong har fint turterreng. Det har berre aldri blitt noko av at me kjørde til Lye for å gå i heia der. Ei ven...